Historia om stigen – kvifor norsk handelspolitikk er urettferdig

Det var i hine hårde dager, med drikking og svir, da Hallingdølens kniv satt løst i hans slir. Det var på den tida da alle bakkane var så bratte. Pengepungane var lettare. Stiv kuling var å rekne for flau bris for datidas menneskje. Hatt var på moten. Nynorsken var knapt oppfunnen, og fleire andre av dei verkeleg store oppfinningane (som til dømes pokemon, lyssverd og popcornmaskinar) hadde framleis til gode å sjå dagens lys. Vi skal tilbake til 1800-talet.

Dette er eit lyssverd. Etter forfattaren si oppfatning ei av historias store oppfinningar.

Berre eit par folk var rike, og dei var stort sett tedrikkande engelskmenn. Med stive overleppar. Dei hadde erobra verdshava. Dei hadde svære maskinar og sydde klær så skjortene flagra. Dei hadde ei drotning som heitte Victoria og hadde ei dame som var latterleg dyktig til å skrive keisamt og langdrygt romantisk klæsj om mr Darcy. Dei var på toppen av verda, med andre ord.

Dei var ganske lure. Dei prata om frihandel. Om berre alle saman let alle varar passere tollfritt mellom landa, ville alle bli rike og lykkelege – ja reint ekstatiske, sånn på sikt. Å betale for å at ein vare skal passere grensa, det var vel litt passé? Nei, om alle berre fekk spesialisere seg på det dei sjølv var best på, så ville alle tene på det. Britane kunne selge sine industriprodukt til alle andre, og alle andre kunne selge sine råvarar til Storbritannia.

Men det var ein kar, ein listig liten kar. Han heitte Friedrich List. Ja, du gjetta rett – han var tysk. Punktleg. Pinleg nøyaktig. Smart. Kven veit, kanskje hadde han hatt han og? Og frykteleg skeiv rygg?

Friedrich List liknar litt på Eilert Sundt. Men er han skeiv i ryggen, altså?

Vår nye venn Friedrich List, hadde ein teori. Engelskmenna var ikkje så høflege som dei ga seg ut for. Var det ikkje nettopp dei som hadde beskytta sin ull- og klesproduksjon i alle år? Med handelsblokkadar? Importforbod? Og var det ikkje nettopp denne beskytta klesproduksjonen som var føresetnaden for at dei fekk til den industrielle revolusjonen sin? Om Nederland eller eit av dei andre landa som var betre enn England hadde fått handle fritt med britane, hadde kanskje den industrielle revolusjonen funne stad ein heilt annan stad?

Med det hadde han ikkje. Det var England som var the shit. Britane kunne produsere skjortar til middags og til kvelds. Og det gald å gripe sjansen til å skaffe seg nye marknader. Fri handel var løysinga, sa britane!

Men dei vart ikkje høyrd.

Friedrich List reiste seg opp. Med litt krumming i ryggen. Så gøyv han laus på britane sin politikk. Dette var jo dobbeltmoral! Tenk å bruke ein masse smarte triks for å bli rike, for så å misjonere for det motsette! Friedrich hadde tenkt på dette ei stund. Han var engasjert. Dette er jo som å klatre opp ein stige, for så å sparke han ned etter seg!

Dette var jo i hine hårde dager, så folk gjekk ikkje av vegen for ein real diskusjon. Britane måtte gi tapt, og både amerikanarane, tyskarane, franskmenna, nordmenna og svenskene stod imot. Dei eina sine styrker mot den økonomiske kongen på haugen, og krevde å få drive økonomipolitikk etter eiget ønskje. Og sånn vart det.

Gjennomsnittlege tollmurer gjennom sentrale land si utvikling (Kjelde: Ha Joon Chang 2002)

Amerikanarane drylte laus med gjennomsnittstoll på over 40 % og tyskarane satsa på samarbeid mellom offentlege og private selskap. Nordmenna krevde å lære av britane som bygde vasskraftverk i våre fjordarmar. Og det vart stor suksess. I løpet av ganske kort tid hadde god taktisk satsing ført til at dei økonomiske toga våre dampa opp på høgde med det britiske. Vi hadde alle saman stått imot presset, og no hadde vi nådd toppen av kransekaka.

Åra gjekk og nordmenn flest vart stadig rikare. Etter kvart fann vi oljen, og innen denne tida hadde amerikanarane rukke å bli skikkeleg høge på strå, med Clint Eastwood, James Dean, månelandingar og mikrobølgeovn. Dei ville stikke sugerøra sine ned i oljebrønnene våre, og snakka vent og vakkert for fritt og flagrande firsprang inn i den nye tida. Ingen hemningar for det svarte gullet!

Petter Northug, er det deg?

Nordmenna var litt meir lunkne. Dei bestemte seg for å stille krav. Innføre skatt. Dei oppretta Statoil. Ferskingselskapet skulle få leike med dei store gutta og lære av dei. Og amerikanarane fikk berre køyre på om dei kjøpte maskiner, tenester, delar og plattformar frå norske skipsverft og bedriftene på kysten. Det var jo ikkje vanvittig populært hos amerikanarane, som innen den tid hadde klart å markere seg som dei nye ridderane i frihandelens teneste.

Men dei måtte gå med på det. Det lille landet Norge stod på krava, og bygde opp ein av dei mest høgteknologiske oljenæringene i verda. Vi krevde å få lære, og vart best i klassen. Pluss latterleg rike.

Vi fikk herje på og brukte ei lang rekkje verktyg for å bli rike. Vi skaffa gode vilkår for det vi allereie var gode på, skapte nye ting som vi blei gode på. Ikkje minst beskytta vi det vi var dårlege på. I Europa køyrde større traktorar på større jorder med større plogar og ein masse subsidier i ryggen. Dei produserte meir enn dei trengte, og bestemte seg for selgje varane til dumpepris andre stadar. Norge beskytta seg. Med toll, reguleringar og subsidiar. Nordmenna sikra seg endatil høve til å kontre eventuell dumping med ein ekstra toll! No burde vel muren vere høg nok.

Norge vart best. Best i alt. Det vart typisk norsk å vere god. Eg meiner, kven andre kan skilte med to iPhonar per tenåring, tre hytter  og to SUV-ar per hushaldning og regjeringskriser om ein partileiar frå Sogn og Fjordane vart sint på ei anna dame frå Sogn og Fjordane?

Liv Signe berre - talk to the hand!

Det var på tide å møte seg sjølv. Dessverre måtte Norge møte seg sjølv i døra.

For kva var det plutseleg Norge kjempa for? Vi byrja snakke om effektivitet. Om at dei nigerianske oljeselskapa ikkje lenger burde få bli med dei norske selskapa som romsterte med sugerøra sine utanfor kysten deira.

Vi vart skeptiske til at andre enn oss skulle bygge murar mot dumpa tomatar, sukker og bomull. Ikkje ein gang midlertidige murar. Ikkje ein hekk heller. Kanskje ein dørstokk, da, så lenge han hadde rampe på begge sider.

Men vi var blitt lei av alle desse inngrepa. Det vi hadde dreve på med tidlegare, det hadde funka da. Men no har det kome ei anna tid. For denne tida var nok det beste… Ja, kva var det beste? Frihandel, nettopp.

Noreg kjempa for å få klatre stigen, og no prøver våre politikarar å trekke han opp etter oss.

I hine hårde dagar var det ein litt kjedeleg tysker som peika på stigen, og fekk han til å stå. Er det nokon som kan fikse skiten i dag?

Skriv under på Changemaker sin kampanje! Norge må slutte å dra opp stigen etter seg!


Dette er ein litt forkorta versjon av handelshistoria som vart framført på SommarSNU i Lofoten 26. juni 2011

Tekst: Johan Nordgaard Hermstad 

5 kommentarer

  1. Du tenkjer da fyrst og fremst på import av landbruksprodukt? For å¨industrivarar har vi veldig lav toll frå før. Da vil nok dei som klagar på høge matvareprisar bli litt gladare. Samstundes vil mange bønder miste jobben. I følge økonomiske modellar, kjem den samla velferden til dei som får billegare mat vere større enn velferden som vert mista ved at bønder mistar jobben eller får mindre inntekt.
    Elles vil nok eit par selskap som driv med å vidareforedle landbruksprodukt tape penger. I dag er tollsystemet bygd opp slik at jo meir ein har vidareforedla matprodukta i heimlandet, jo høgare toll.

    Det er mange ting som vil gå tapt om ein opnar for full import frå alle land. Det er og ein del folk som vil få det betre. Problemet er vel at det er få som vil få det mykje vanskelegare, og mange som vil få det bittelitt betre.

    Det er vel svaret på spørsmålet.
    No må eg nesten understreke at korkje eg personleg eller Changemaker skal opne for full frihandel. På landbruk peiker vi hovudsakleg på at rike land dumper sine varar på land i Sør, så dei ikkje kan bygge sin eigen (strengt tatt meir konkurransedyktige) landbrukssektor.

    Takk for godt spørsmål!

  2. Jeg er enig, jeg.
    Matforedlingen (som ikke er til hjemmemarkedet) forsvant med EØS på 90 tallet, så det er ikke mye.
    Mange bønder tåler åpen handel. Vi har verdens beste lam og verden er villig til å betale for kvalitet.
    Reinsdyr er av superb kvalitet. Vårt svin er bra også.
    Vi er dårlige på biff, korn og poteter. Men, som du sier, det kan vi heller kjøpe fra fattige afrikanske land. De er gode på det, og trenger business.

Legg igjen en kommentar