barcelona

Humans Are Dead

Folket frå Planet B kjem med ein advarsel til oss på jorda. Vi treng klimaleiarskap for ikkje å gå i same felle som dei.

Folket frå Planet B kjem med ein advarsel til oss på jorda. Vi treng klimaleiarskap for ikkje å gå i same felle som dei.

Møterommet til Noregs delegasjon ligg i eit dårleg hjørne, omringa av UK, Japan og USA. Vi vart på vegen til dagens forhandlingsmøte forfulgt av romvesen (siter meg gjerne på denne setninga). Desse kom frå Planet B. Dei grøne livsformene seier til oss, men robot-liknande stemme, at dei tidlegare flykta frå sin heimplanet grunna store romvesenskapte klimaendringar. No ser dei at det same er i ferd med å skje på planeten Tellus. Dei leitar etter klimaleiarskap for å sikre ei ambasiøs og juridisk bindande klimaavtale i København.

(mer…)

Finne opp hjulet på nytt?

Får USA og EU som dei vil, står ein i fare for å ende opp med ei lite bindand klimaavtale. Ei avtale som går vekk frå Kyoto-protokollen, altså ikkje juridisk skiljer mellom rike og fattige land.

– Dette har den Afrikanske Union uttrykka sine tankar om.

Sjølv om Kyoto-protokollen ikkje er perfekt, er det dumt å gå vekk frå denne berre ein månad før klimatoppmøtet i København. Kyoto-protokollen har i alle fall ei form for etterlevelsesmekansimar og bygger på prinsippa om rettvis fordeling av klimabyrden og omsyn til bærekraftig utvikling, slike slege fast i klimakonvensjonen.

Ambsjonar langt frå verdas tak

For ein halv månad sidan gjorde Maldivene det. No har Nepal bestemt seg for å gjere det motsatte.

I oktober arrangerte Maldivene regjeringsmøte på havbotnen, ei aksjonsform på høg-politisk nivå som fekk fram noko sentralt. Det er ikkje berre tal og parantesar i forhandlingstekstar det står om i Barcelona og København. Det er eit spel der konsekvensane kan vere at land sluttar å eksistere. Det snakkast om at ein spelar russisk rullett med tre kuler.

(mer…)