Pascal Lamy

Ordspel og ministermøteaksjonar i hytt og gevær

Johan: snart er det aksjoneringstid!

Markus:  Tid for en ny chatblogg?

Johan:  trur det, ass. men så må vi nesten ha rom for den derre aksjonen vi skal vere med på om eit kvarter

Markus:  ja, det blir gøy. rope nei til alt inne på wto-bygget er stilig. men først. blir det noe rettferdighet i wto i dag da? det er jo siste dagen.

Johan:  det seier vel sitt at dei fleste ministerane er dratt heim. det kjem til å bli ei oppsumering på enden av dagen, elles er det lite som kan skje. Vi har fått med to nye medlemsland i dag, da.

Samoa, altså. For ein triveleg gjeng!

Markus:  jippi, gratulerer til dem. samoa var kjempeglade. de hadde blomster og sånn

Johan:  apropos samoa, korleis går det med afrika?

Markus:  høhø. du studerer ikke akkurat samfunnsgeografi. Men jeg kunne også tenkt meg noen gode felles råd om Afrika. kan du tenke noen som har det til oss?

Johan:  ja, la oss invitere C(h)atharina!

Markus:  ja, chatarina fra fellesrådet fra afrika hadde vært bra å fått med på denne chatten. jeg inviterer henne.

Johan:  hei, c(h)atharina! korleis synes du møtet har vore så langt?

Catharina:  Ikke overraskende har lite skjedd, mye floskler og fine ord – lite handling. Men veldig hyggelig å henge med dere to da

Markus:  ja, vi har jo hatt mange fellesråd med deg fra fellesrådet. og det er jo ekstra stas å ha deg som gjest på denne bloggchatten. Men jeg er ikke så innmari god på Afrika. Hvilke råd gir afrika til fellesskapet her i WTO?

Johan: det går vel stort sett i felles råd om at alle skal få råd til felles mat (sluttføring av Doha-runda)

Catharina:  Jeg tror vi stopper her med felles råd, felles mobbing og heller tar en liten felles pause for å rope noen slagord til mennene i dress i etasjen over.

Markus:  ja, enig. vi har jo en aksjon på trappene. faktisk bokstavlig talt. og vi skal slutte å tulle med fellesrådet. jeg er bare glad for at du er her Chatarina. Du har jo alltid råd til å ta fellesregningene når jeg har glemt å ta ut penger før vi spiser…

Johan:  håper han derre statsministeren i Montenegro ikkje er her med dei nervøse gorillaene sine no…

Dei 99 prosenta var definitivt i undertal på ministerkonferansen... Da passa det bra å slenge inn norsk middelklasseungdom.

Catharina:  Da var demo-pausa over. Vi ropte av full hals, og ingen gorillaer som tok oss. Hva syns dere?

Markus:  åh! det var sykt artig å endelig få demonstrere mot wto og sånn. det er jo bare så 90-talls!

Johan:  det var ikkje akkurat seattle-tilstandar, da. og hadde han derre montenegro-ministeren vore frå nittitalet hadde han vel plaffa oss ned før vi kom her. er det sånn med statsleiarane i syden og, C(h)atharina?

Catharina:  Du mener Afrika Johan? Det lille landet rett sør for Kanariøyene? Ja, ikke alltid protester kun blir tatt til etterretning av politikerne (slik det så ut som vår demo ble) men ofte slått hardt ned på.

Markus:  ja, de har litt tøffere etteretningstjeneste i mange land. Men du, nå sporer vi av. Vi demonstrerte jo! Mot stillstand i WTO og at alt man glemmer utviklingslanda her. Jeg tror det hjalp. Og jeg fikk tatt bilde av de glade folka fra Samoa.

Johan: åh herre min hatt, for nokon folk! ja til meir kokosnøttkrem for ein billigare penge til verda! og så er dei alle sjarmerande og sjukt gode i rugby.

Det var dessverre ingen som dansa haka frå talarstolen. Fekk ikkje att penga

Catharina:  Ja, i hvertfall mer sjarmerende enn Montenegroanerne (??) som dukka opp med halve byens politikorps på grunn av en bitteliten demo. Men dere, nok om demoer og kokosnøtter. Hva tror dere blir utfallet av avslutningsmøtet i kveld? Noe håp for utviklingslandene?

Markus:  ja. det kan da ikke være så vanskelig om alle bare blir venner og lager en perfekt avtale som stiller strengere krav til de rike landa og som gir utviklingslandene mer slingringsmonn. Ja til slingringsmonn i utviklingsland. Det er mitt nye mantra

Johan:  problemet er prinsippet om «less than full reciprocity». greit nok at u-land ikkje må gi like mykje som rike land, men dei må framleis gi. i tillegg er fara for at EU og USA vil presse investeringsavtaler og masse dritt inn igjen på bordet som bytte mot berre å fullføre dei minst kontroversielle delane av Doha-runden. Da blir det eitt skritt fram og to skritt tilbake.

Catharina:  Eller sneglefart i sakte film – baklengs. Jeg stemmer for at jeg herved innkaller til et felles råd hvor vi diskuterer wto regler og annet, ikke minst hvordan vi skal få tak i et av de fine røde skjell-kransene delegasjonen fra Samoa har.

Markus:  ja, det blir jeg med på. men nå tror jeg vi må bruke den tida vi har felles til rådighet her for å få med oss hva som skjer de siste timene. Takk for at du stakk innom Chatarina. På gjensyn. Eller Sayonara, som de sier i Samoa.

Johan:  er vi ferdige no? betyr det at eg kan slutte med å vere utruleg generaliserande og kvalm oveRfor alle andre land?

Johan:  svaaar da, her er det ikkje greitt med african time!

Catharina:  Jadaa. Takk for at jeg fikk være med gutter. Vent, vent. Var ikke poenget med at jeg skulle være med at vi skulle ha et fokus på Afrika?? I såfall vil jeg gjerne si at at WTO medlemmene må sette i gang å gjennomføre tiltak som vil bedre markedsadgang for afrikanske land, og ikke minst starte denne «early harvesten», slik at feks USA fjerner sine bomullssubsidier. DA kan vi begynne å snakke om fattigdomsbekjempelse og utviklingsrunde.

Markus:  ah, ingenting er som en afrikansk avslutning. da sier vi takk for oss i Geneve, med et typisk Sveitsisk ordtak: «Der trær felles – rådyr kveles» (det rimer litt bedre på sveitsisk).

Advertisements

Er WTO-ministermøtet i ferd med å bli ein «Day of the ladders»?

La meg fortelje deg om ei lita gruppe med folk. Gruppa heiter «Knights of the Spoon”, og bestod av riddarar og storkarar frå det som i dag er Sveits. Dei var få, men mektige. Dei eksisterte på 1520- og -30-tallet. Dei har ikkje spelt inn film med John Cleese. Enno.

Markus og eg er i Sveits. Nærare bestemt Geneve. Ja da, eg veit kva du tenkjer på. Vugga til den calvinistiske reformerte kyrkja. Da tilhengarane til Jean Calvin (som levde og braut ut av den romerskkatolske kyrkja samstundes som Martin Luther) tok over ein heil by og erklærte sjølvstende. Det var i 1528 at folket i Geneve kasta styresmaktene ut. Dei såg at den katolske kyrkja var noko anna på teorinivå enn i praksis.

Dette aksepterte ikkje dei høge herrer i «Order of the Spoon». Dei starta opp denne gruppa og prøvde å ta att byen med vold. Ikkje berre beleira dei byen. Dei prøvde seg på eit smart triks.

I skuggen av natta kraup dei fram til bymuren og sette opp stigen. Dei prøvde å ta over folket sin by med snikerier. Snusk.

«The day of the ladders» som hendinga vart kalla i etterkant var eit mislykka kuppforsøk. Spoon-knektane vart avvist, og Geneve var ei reformistisk frihamn i Europa i lang tid.

Gjengen som fekk fart på reformasjonen i Geneve. Jean Calvin er han i grått.

Kvifor skriv eg dette? I løpet av desse dagane på ministermøte i Verdas handelsorganisasjon (WTO) har dei høge herrar hatt talarstolen. Dei har:

–          Brukt 1/3 av innlegget sitt på titteloppramsingar i opningshelsinga

–          Konkurrert i å vere mest forelska i WTO og alt dette multilaterale systemet står for.

–          Mange, med vår utanriksminister i rekkja, har uttalt seg med vigør og mot om at ein må stå mot alle formar for proteksjonisme. Norge oppfordrar og alle land til å love å ikkje bruke aktiv næringspolitikk, sjølv ikkje den typen ein har lov til å bruke med dagens regelverk. Ei lang rekkje utviklingsland har reagert kraftig på dette.

–          Flydd heim att så snart som mogleg – dette møtet er jo for mange ikkje noko anna enn ei markering. Den politiske viljen til å gjere «Utviklingsrunden» til noko som fortener namnet er ikkje der, rett og slett.

Støre hadde betre belysning på talarstolen, altså.

La oss ta tak i dei høge herrane sitt initiativ om å lyse aktiv næringspolitikk i bann. Dette har eit historisk bakteppe. I 1930-åra og den store depresjonen innførde landa proteksjoistiske tiltak for å gjere sin eigen industri konkurransedyktig med utlandet trass i nedgangstidene. Dette hadde vore greitt nok om berre eitt land gjorde det, men når alle gjer det er det ikkje lenger nokon som kjøper varar hos andre lenger, og det ein kjøper er til ein høgare pris enn det det kunne vore.

Da blir det mindre inntekt for alle, og folk bruker mindre og så er vi inne i ein dårleg spiral.

Denne lærdomen har ein tatt inn i denne finanskrisa. På eit vis. Både på ministermøtet i 2009 og møtet i år har ein vore veldig oppteken av at «no må vi ikkje la oss friste til å bruke kortsiktige, egoistiske tiltak». Og kortsiktig og i dei store storleikane held argumentasjonen greitt vatn.

Men om ein skal løfte blikket frå dei kortsiktige makroøkonomiske svingingane, kva snakkar vi om da?

Eit av dei meir kjende litterære verka frå den store depresjonen.

Langsiktig vekst oppstår på ganske forskjellege måtar, men som regel er målretta og aktiv næringspolitikk ein grunnstein for å stable konkurransedyktige bedrifter på beina. Jepp. Proteksjonistiske tiltak. Norge har brukt og bruker ei lang rekkje proteksjonistiske tiltak for å bygge vekst.

Norge oppfordrar alle land til å forplikte seg til ikkje å heve nokon toll eller på anna vis beskytte seg meir. Å la ting stå der det er no (halde seg på «applied tariff). Men dei aller fleste land, og spesielt utviklingsland har ofte mykje rom mellom anvendt toll og maksimumsgrensa (bound tariff). Dei har handlingsrom som Norge altså prøver å seie at dei ikkje må bruke. Sjølv om dei har lov.

Nokre utviklingsland har statsbudsjett som hentar opp til 75 % av inntektene sine frå toll. Da er det håplaust å ikkje kunne heve tollen for å sørgje for grunnleggjande utdannings- eller helsetilbod.

Nokre utviklingsland har satt ned tollen på landbruksprodukt ekstraordinært mykje grunna stigane matprisar. Om prisane tek seg ned igjen og dei treng å beskytte sårbar matproduksjon for dumping– kva skjer da?

Mange utviklingsland si deltaking i verdshandelen er så marginal at om dei bruker aktiv næringspolitikk vil det i praksis få særs liten innverknad på verdshandelen, men bety vanvittig mykje for dei som får jobb og kan håpe på ei betre framtid.

Olusegun Olutoyin Aganga er handelsminister i Nigeria - eit land som bruker aktiv næringspolitikk for å skape langsiktig vekst. Og møteleiar.

Teorien til dei høge herrar vert ikkje sjåande like bra ut i praksis. Kanskje burde fleire gjere som folket i Geneve i det sekstande århundre? Ta kontrollen og stå på krava våre?

Her er det kanskje mykje likt? Mens vi kjempar for utvikling, arrangerer dei høge herrar «Knights of the Spoon»-aktige aksjonar som ikkje får så mykje merksemd. Frå talarstolen på ministermøter snik dei inn ord og formuleringar som er i ferd med å marginalisere og latterleggjere politiske verktøy som har vore viktige for oss. Dei klatrar opp stigen på bymurane. I små stikk tek dei over byen.

Lat oss saman sørgje for at WTO sitt ministermøte i 2011 ikkje vert ein ny «day of the ladders».

Korleis gjer vi det? Ved å skrive under på Changemaker sin kampanje. Og ved å utfordre Støre til å nyansere fordømminga si av aktiv næringspolitikk.

WTO-blogginnlegg er ikkje for sarte sjelar

Litt uklart bilete av litt uklare karar

Markus:  chatblogg?

Johan:  kvifor er det ingen som dansar waka waka på detta toppmøtet?

Markus:  tar det som et ja

Johan:  i førre veke var det full fest og klimaforhandlingar. var det all leiken som gjorde at dei ikkje kom fram til noko?

Markus:  er jo ikke så mye lek her, uten at det gir enormt mye framgang egentlig

Johan:  nei, for kva er det som eigentleg skjer på denne ministerkonferansen i verdas handelsorganisasjon?

Markus:  tja, av morsomme ting kan jo mye tyde på at tvillingbroren til den franske presidenten Nicolas Sarcozy står i kantina på forhandlingssenteret. det syns jeg var ganske artig.

Johan:  eller at eg er ein av tre i dette rommet som ikkje har dress?

Markus:  ja, det er ganske villt. til og med damene har jo dress her. men det er jo enda færre damer her enn menn uten dress

Johan:  å finne ei dame her minnar meg om dei gamle «Hvor er Willy»-bøkene.

Markus:  ja, men apropos å finne. Har du funnet noe positivt å hente ut av møtet? Har noen sagt noe som er bra i det hele tatt?

Johan:  ja. jonas gahr støre hadde sin tale i går. han sa (som han sa i møtet med oss) at det er viktig å halde fast ved utviklingsaspektet i Doha-runden. og så vert russland medlem. as we speak/chat, faktisk.

Markus:  ja, det er ganske sykt at det er imponerende at en minister proklamerer at utvikling er viktig i en utviklingsrunde. det burde jo være oh so obvious

Johan:  jah, særr, ass.

Markus:  rofl. hmm. jeg tenkte jeg skulle stille deg et spørsmål til nå, men det skjer jo så lite, så jeg veit ikke helt hva jeg skal spørre om. spør meg a!

Johan:  skal vi kutte ut denne, delen av chaten, eller må alt ut på bloggen?

Markus:  serr? seff skal alt ut. dette er ikke sånn konstruert dialog som klimafolka i Changemaker driver på med på bloggen. Dette er Johan og Markus, usensurerte…ærlige…nakne

Johan:  doha-runden er ti år, forhandlingane er fullfrosne, ministerkonferansen sin agenda har krympa og krympa inn til no berre å vere ein pratekonkurranse i å vere glad i WTO og eg må på do – er alt berre elende?

Markus:  jeg er enig i hele analysen, og kan legge til at det er ekstremt lite fokus på hvor kjipt det er i media. men jeg vil ikke påstå alt er bare elendighet. utviklingslanda står på sitt. det er jo ganske kult. mer og mer tyder på at dersom WTO skal overleve så blir det hvis de rike landene godtar utviklingslandenens rett til å få spesiell utviklingsvennlig behandling. jeg må også tisse forresten.

Johan:  Stemmer det. Dessutan har vi eit par vedtak som vert gjort her, som spesielt handlar om at dei minst utvikla landa (MUL) skal få betre rammar. Så spørs det om dette fører med seg meir utvikling, eller om ein gir formelle rettar fordi ein veit at dei fattigste uansett ikkje kan konkurrere på dette. Skal vi tisse i kryss?

Markus:  ja, det er jo litt typisk handelspolitikk som skal være rettferdig. den blir bare vedtatt hvis det er urealistisk at de fattige landene kan dra nytte av det. å tisse i kryssrepresalier er jo litt i WTO-ånd. (denne vitsen var til ære for en av klimafolka i Changemaker som liker sånne vitser).

Johan:  det var ein gong ein handelsorganisasjon,

som ville skape integrasjon,

dei forhandla utvikling,

men skapte forvitring,

og uhorveleg frustrasjon.

ingenting oppsummerar som eit kvalitetslimerick!

Markus:  med visse mangler på reglene for et limerick. Men bra. Dette tror jeg ble et helt passe halvhjerta forsøk på å skape blest om WTO på bloggen vår. Jeg går på do.

Johan:  Eg tenkjer at regelfølginga er kring på linje med rike land sitt forhold til finansreguleringar under GATS (tenesteavtala). Hugs å tørke.

Nemnte vi at det er smør her? for meir detaljar om smørtilgangen i Geneve, sjå twitterkontoen til Støre

Landbruksavtalen – blå boksar og finurlege finesser

David Walker gjorde ikkje jobben sin - det kom ikkje eit utkast til landbruksavtale

Verdas Handelsorganisasjon (WTO) er i ei knipe. Samstundes som dei konkurrerande to-landsavtalane (bilaterale avtalar) poppar opp som paddehattar ligg det – til samanlikning – representative og opne alternativet (det er altså WTO) tilsynelatande i ein klem mellom rike land sine industriinteresser i Sør og fattig land sine landbruksinteresser i Nord.

Vi har i dei siste postane fokusert på industriavtalen, og da er det vel tid for å seie litt om landbruk.

Først må eg berre seie at eg langt frå ein nokon ekspert på landbruksforhandlingane – så om det kjem folk inn på denne bloggen som finn faktafeil eller har noko å tilføye, er det berre å fyre laus i kommentarfeltet!

Avtalen om landbruk (Agreement on Agriculture)

Forhandlingsleiaren, David Walker frå New Zealand, gjorde ikkje leksa si – han leverte ein rapport om ståa, ikkje eit utkast til avtale. Det var ein svær rapport, men desse tinga unngjekk han galant å skrive om:

Marknadstilgang (altså toll)

– Subsidiar

– Eksport-tilskot

Med andre ord dei verkeleg svære greiene. Finurleg. Dei greiene der det er stor avstand mellom (a) rike land med eksportinteresser, (b) rike land med interesse av å importere minst mogleg, (c) fattige land med eksportinteresser og (d) fattige land med interesse av å importere minst mogleg. Alle har sjølvsagt ei gruppe med eit sjølvforklarande namn. G10, G33, G20 (nei, ikkje G20, men G20, vel!) og Cairns group er nokre av desse sjarmerande gruppene.

Eg skjønner på eit vis vår nye venn David Walker, som skal prøve å sameine så ulike folk med så grunnleggjande ulike syn på saka. Samstundes bringer det oss ikkje vidare om alle berre sitt på gjerdet. Vår venn David brukte rapporten sin på i staden å skrive om desse – trass alt ganske interessante – greiene.

Antidumpingtiltak for utviklingslanda

I denne videoen(det er to delar) vert ein flik av urettferda i handelssystemet i dag vist. Anti-dumpingtiltak er eit system som ein kan bruke om landet vert oversvømma av utanlandske varar, dei utanlandske varane vert seld til mindre enn dei kosta å lage (seld med tap) eller varane som vert importert plutseleg droppar ned på eit unormalt lågt nivå. EU og USA vert ofte skulda for å dumpe sine jordbruksvarar på marknadar i land i Sør. Likevel er det no berre eitt system for å skydde seg mot landbruksdumping, og gjett kven som kan bruke det systemet mest!

Japp. Sveits, Noreg og EU. Finurleg.

No forhandlar Verdas Handelsorganisasjon om ein skal sette opp eit nytt system. Eit system som gjer at land i sør kan skydde seg mot dumpa varar frå Nord. USA er strengt tatt meir eller mindre mot, EU er bra skeptisk og Noreg… ja… tja… ingen kommentar? EU og USA er redde for at deira varar skal bli vanskelegare å selje i Sør, men vi – vi sel jo ikkje varar i Sør! Kvifor i alle dagar skal vi da ikkje vere einige i at u-land skal kunne ha den same retten til å skydde seg mot dumping som oss? Som vi ser i videoen, er jo ikkje akkurat dumping av landbruksvarar like øydeleggjande i Noreg som i ei rekkje land i Sør.

Spørsmålet om dette systemet gjorde at heile Doha-runden velta i 2008, rett ved målstreken. Landa er framleis ikkje samde. Changemaker krev i kampanjen vi lanserer til sommaren at Noreg går inn for eit skikkeleg anti-dumpingsystem for u-land! Følg med og skriv under!

No passa det vel med eit bilete av ein tomat? Denne var litt rar, da.

– Fleksibilitetar

Canada, Noreg og Japan er nokre av landa som meiner dei har eit par veldig «sensitive produkt» som dei vil kutte tollen mindre på enn dei må. At ein held eit par få greier på utsida av avtalen, på ein måte. Desse landa vil ha fleire unntak. Denne typen fleksibilitetar er – interessant nok – allereie mykje lettare å få til på landbruksområdet enn på industrivarar. Finurleg.

Vi snakkar om to typer omgrep når det kjem til fleksibilitetar – «sensitive produkt» og «spesielle produkt». «Sensitive produkt» er ein sånn unntaksregel som både u- og i-land kan bruke. Til gjengjeld mot at ein ikkje kutter så mykje som dei skal, må ein auke kvota på import av dette «sensitive produktet».

«Spesielle produkt» er ein unntaksregel som berre dei fattige landa kan bruke. Denne regelen kan ein bruke på fleire produkt enn på «sensitive produkt», ein må ikkje auke importkvota og ein kan halde tollane høgare. Regelen om «spesielle produkt» kan u-landa bruke om det handlar om å oppretthalde busetnadar i distrikta eller sikre mattryggleik og utvikling.

Begge desse fleksibilitetsreglane er dei fleste einige om, men det er ikkje klart kor mange varar ein skal kunne bruke dei på.

Forenkla støtteordningar

Det er mange land som har så avanserte subsidie- og tollordningar at det er vanskeleg for WTO og andre land å vite om det landa driv på med er riktig og at dei har lov til å drive på sånn. Det ligg makt i å tåkelegge, noko spesielt dei rike landa er dyktige til med sitt massive byråkrati. Finurleg. I forhandlingane prøver Walker å dei andre å gå opp ein ny sti – så dette vert enklare.

Blå boks – subsidiar som er veldig veldig lite lov, men likevel lov

I utgangspunktet jobbar Verdas Handelsorganisasjon for å fjerne all toll og alle subsidiar. Men rike land har kjempa seg til å få drive på med sine subsidiar, så lenge dei kan seie at det uansett ikkje har noko å seie for kven som kjøper kva. Det er eit par subsidiar som fungerer slik at det vert veeeeldig vanskeleg å seie at det ikkje skapar ubalanse mellom vestlege bønder og bønder i sør når dei skal konkurrere om å levere mat til mitt og ditt bord. Om ein skal sjå for seg eit lyskryss, får nokre subsidiar grønt lys, andre får gult og desse – desse får raudt lys. No go. Verdas Handelsorganisasjon har faktisk ei sånn inndeling. Bortsett frå at det raude lyset er teken bort. Erstatta med blått. Finurleg.

Er den blå boksen firkanta eller rund? Ingen som veit.

Kva i alle dager er grunnen til det, tenkjer du kanskje?

Jo, det skal eg fortelje deg. Ein skal få lov til å subsidiere bøndene sine så det tyt ut øyrene deira, så lenge ein har veldig strenge grensar for kor mykje dei skal få lov til å produsere. Da påverkar det ikkje marknaden like mykje. Ein lur måte å gjere veldig lite ok greier lettare å svelgje. Sjølv om dei tekniske sidene ved «blå boks» er – nettopp – i boks, er landa framleis ikkje einige om kor omfattande ordninga skal vere. Kven står i bresjen for dette? Du gjetta rett. Noreg og EU. Finurleg.

Tropiske varar og bomull

Det er eit par typar varar som land i Sør er veldig mykje betre til å produsere enn land i Nord. Bananar, mango, ananas, avocado, kokosnøtt og bomull har enno til gode å bli ei überhit på norske jorder. Forstå det den som kan. Likevel er det sånn at eit par av desse varane vert produsert av land i Nord – med saftige subsidiar i tillegg. Veldig lite populært i land i Sør. Eksempel? USA har med sine bomullssubsidiar vorte veldig tøft utfordra av både Brasil og dei fire største bomullslanda i Vest-Afrika («Cotton 4»)

Pyuh! Det var ein liten intro på temaet landbruk i Verdas Handelsorganisasjon. Det har vore litt intro for meg og på ein del av desse tinga, men du verden så spennande!

Vår venn David Walker håpa veldig på å få gode innspel frå dei som har bra backing frå politikarane i heimlandet. Får han det? Noreg er veldig tungt engasjert i landbruksforhandlingane. I førre veke var Pascal Lamy – ja, generaldirektøren i WTO – på kontoret til Jonas Gahr Støre. Støre og Lamy var veldig på hugget for å få til at Doha-runden kjem i mål. Men om det kjem til at Noreg må ofre litt meir for å få ferdig Doha –  kva seier eigentleg Støre da?

Riis Johansen (da han var landbruksminister), Støre og Lamy. Ikkje berre ser dei alle på journalisten, dei var og rivande ueinige i 2007 om norske landbrukssubsidiar er solidariske eller ikkje.

Avtalen om industrivarar – ein sveitserost?

USA meiner det sveitsiske forslaget på industrivarar ser slik ut - fullt av hol

OK – vi er alle einige om at det er litt lite kult å drive og forhandle og forhandle og aldri kome i mål, etter ti år med forhandlingar – seks år på overtid. Ein skulle nesten tru denne gjengen var i trassalderen. Det er dei ikkje – snarare i den andre enden av skalaen, men det kan vi snakke meir om seinare.

Alternativet til trassalder-teorien må vel vere at dette er skikkeleg viktige ting som dei er skikkeleg ueinige om? La oss ta ein nærare titt på eit par forslag som er interessante i eit Changemaker-perspektiv. Vi tek det avtale for avtale – ok?

Avtalen om toll på industrivarar (det meste som kan krype og gå av varar) – Denne avtala heiter NAMA (ikkje spør kvifor)

På dette området er sveitsarane dei visjonære verker det som. Dei har komme på ein nøkkel eller formel for korleis alle skal redusere tollen sin – for det er redusere vi skal (sånn om det nokon sinne var tvil, lissom). Problemet er at amerikanarane spesielt meiner at denne sveitsiske nøkkelen er meir som ein sveitsisk ost – full av hol. Dei meiner at voksande land som Brasil, Kina og India må ta på seg å redusere tollane mykje meir innanfor eit par sektorar – kjemikaliar, elektronikk og industrielt maskineri.

Her er det altså snakk om at spesielt amerikanarane synes det vert gale å slå seg til ro med at i-land skal redusere mykje og u-land ikkje fullt så mykje. Skal dei klare å selje inn avtalen heime, bør dei vise til at det vil gi den amerikanske økonomien eit skikkeleg oppsving. Kva er da meir naturleg enn å gjere det ved å halde dei voksande økonomiane nede?

Og dette kjem frå landet som rett før første verdskrig – det tidspunktet i historia da verda i følgje mainstream historieskriving var nærast frihandel til dags dato –  hadde ein gjennomsnittstoll på 44 % på importere industrivarer. Jepp, du las riktig. 44.

USA var faktisk – i følgje Ha-Joon Chang – det landet i verda som hadde høgast toll på industrivarar av alle gjennom heile 1800-talet og til slutten av 1920-åra, og samstundes den raskast voksande økonomien i verda. Ikkje akkurat eit frihandelparadis. Ja, heilt fram til USA var det rikaste landet i verda, hadde dei eit tollvern som dei veksande økonomiane i dag berre kan drøyme om å få.

Ricardo Meléndez-Ortiz er ein bra kar. Han er sjef for ICTSD - sjappa som gir oss info.

Greit – tenkjer du kanskje – så kranglar dei om det dei alltid har krangla om – toll på varer. Er det ikkje meir?

Du skulle berre visst.

I heimeleksa si til før påske, skriv forhandlingsleiaren Luzius Wasescha om ganske mykje anna. Han unngår eigentleg ganske galant å gå inn på dei kinkige greiene eg har skreve om over.

I staden skriv han om noko anna: dei handelshindringane som ikkje er toll og avgift. Såkalla «non-tariff barriers» (NTB – har det ikkje ei eiga forkorting er det ikkje verd å prate om, ass) Hæ?

Desse «ikkje-tariff-barrierane» handlar om sånt som krav til merking, krav om at ditt og datt skal vere med for at ein skal kunne importere produktet, om masse tekniske greier som kan bidra til å stenge konkurrerande land sine produkt ute av marknaden sin. Og dette er det jo vanvittig mange av. Jungelen av sånne tekniske krav til eit produkt er så stor at det er masse forskjellige avtalar om ulike aspekt av «ikkje-tariff-barrierane».

Men no pratar vi om det som vår nye venn Luzius Wasescha driv og forhandlar om. Han skriv mellom anna om tre forslag folk har blitt nesten einige om.

– Eit system som gjer at det vert lettare å skaffe oversikt over kva andre har av tekniske krav og hinder for greiene som skal inn på deira marknad.

– Eit system som gjer at det vert lettare å løyse opp i småkranglar om denne typen tekniske krav og hinder.

– Eit (hald deg fast) system som innfører litt meir generelle reglar for merking av produkt.

I tillegg har han ein god del andre mindre sånne tekniske ting som han syslar med, og som han kjem til å halde fram med å sysle med. Det større spørsmålet om Kina, India og Brasil sin industritoll – det er det dei store gutta som må ta seg av å kome med forslag på.

Eg trur det var det på avtalen om industrivarer – følg med på oppdateringa på korleis det går på landbruksområdet! Vert det gjennomslag for eit av Changemaker sine kampanjekrav i denne runden? Du verden, så spennande.

...og Luzius bare: "waschera'?"

«Reinvigorate», sveler og Pascal Lamy – ein potpurri

Denne fotografen har bomma litt. Jaja - Susan Schwab nede til venstre.

Til og med Pascal Lamy seier forhandlingane nok ein gong er «on the brink of failure«. Og det kjem frå ein kar som gir kunne vore hovudpersonen i denne eller denne songen.

Skal ein tru ekspertane – og det skal ein jo – er Doha-runden allereie daud. Susan Schwab er ein av ekspertane. Ho var USA sin handelsrepresentant (nesten handelsminister – men likevel ikkje) under Bush. I ein artikkel i Foreign Affairs serverar ho denne svela av eit fråsegn på slutten:

«Doha may be dead, but by accepting what everyone knows and no one wants to admit, the world can actually reinvigorate and strengthen the multilateral trading system.»

Eg synes det er godt sagt, eg (bortsett frå at reinvigorate er eit litt rart ord). Ho og stadig fleire argumenterer for å avslutte nokre avtalar i løpet av året, og la nokre ligge. Det kan vere bra på mange måtar – men det kan og svekke det tydelege utviklingsperspektivet som (trass alt) ligg til grunn for denne «Doha Development Agenda»-runden. I dei neste bloggpostane om Verdas Handelsorganisasjon kjem eg til å gå litt meir inn på kva som eigentleg dei kranglar om, så kan vi jo saman etterpå gjere oss opp ei meining – full pupp og diger avtale, eller «soft landing» og delavtale.

Vent no litt! – tenkjer du kanskje. Kva med møtet på fredag? Kom det ikkje noko ut av det? Blir det ministermøte i sommar? Har eg tenkt å la det møtet gå forbi utan merksemd? Beint fram sensur? Åneida. Det har eg ikkje. Men etter ei kvalifisert vurdering (så kvalifisert du får det frå mi side) kan eg rapportere at følgjende framgang og konkrete resultat kom ut av møtet på fredag:

NADA!

Så ei oppklaring frå førre bloggpost. Eg har fått tilbakemeldingar kring bruken av ordet «vriompeis», og det har vore reist tvil om det ikkje heller skulle stått «vrienpeis» – i og med at det er vriene folk som gjerne får den slags uttrykk slengt etter seg. Etter ein kjapp ordboksjekk held eg fast ved bruken av ordet «vriompeis», samtidig som eg går med på at ordet og kan bety heilt andre ting.

Ein ekte vriompeis (Jøtul F373)

Grøn hatt på «green room»?

Er det masse plantar på eit "green room"?

I dag er det heftige møter på gang. Dei går føre seg på såkalla «green rooms». Det er eit anna ord for bak lukka dører. Kor ein berre slipp til om ein er spesielt invitert. Skal vi vere realistiske, utgjer nok EU, USA, Brasil, Kina og India kjernen i gjengen. Dei kule som får henge på det grøne rommet!

Tidlegare ville ikkje WTO innrøme at det gjekk føre seg møter i «grøne rom». Den slags hemmeleghald og lurendreieri har dei gitt seg med no. Takk og lov.

Ikkje for det – vi veit framleis ikkje kva dei pratar om der bak døra. Men vi har eit par mistankar:

For i morgon er det møte. Da skal vår venn Pascal Lamy (han der generaldirektøren i Verdas Handelsorganisasjon) legge fram sin plan for å få i land denne forhandlingsrunden – Doha-runden som vi alle har blitt så glade i. Planen for å fikse sakene i år. «Wrap it up» og så bortetter.

Men det er mange som ikkje trur noko særleg på denne planen. Ting er litt på skakke – om du vil. USA er eit av fleire (men som alltid det mest høglytte) rike land som krev at Brasil, India og Kina skal gå med på å senke tollvernet sitt mykje meir. Og dei nektar plent, så lenge rike land ikkje er interesserte i å gi opp meir av subsidieringa og vernet av bøndene sine. Vriompeisane.

Er sånne grøne rom sparsommeleg møblert, tru?

Kan du sjå det for deg? Det er kanskje ikkje toppstemning i det grøne rommet desse dagane. Får håpe det er ein fresh farge i alle fall.

Sånn dårleg stemning har det vore lenge, men no er det eit par folk som har tatt bladet frå munnen. Dei har nemleg tatt på seg sin grøne hatt – vore litt kreativ – og lansert tanken om ei såkalla mjuk landing av denne Doha-runden. Mjuk landing – spør du kanskje? Kva i alle dagar skal det bety?

Du skjønner det at vanlegvis når WTO vedtek noko, så vedtek dei alt på ei gong! Heile sulamitten. Så om dei er einige om til dømes avtalen om antidumpingstiltak eller fiskerisubsidiar, så må dei pent vente til kranglebøttene i landbruk har blitt einige til dei kan skrive under. Litt tungvint, kanskje, men det gjer at ein fram til det siste kan byttehandle sånn at til dømes USA får viljen sin på landbruk mot at Kina får litt ekstra på – sei antidumpingstiltak. Veldig smart!

I utgangspunktet.

Men no står alt i ro, og på dei grøne romma er det kanskje på tide å bli einige – eller å ta på seg den grøne hatten for å tenkje nytt.

Kor er eigentleg usemja i Verdas Handelsorganisasjon? Kva er det eigentleg dei kranglar om? Vil Doha-runden gå heile vegen gjennom i år? Vil det bli ei «mjuk landing»? Vert det kanapear og ministermøte i sommar? Kjem alle frå USA til å gå kring med grøne flosshattar på møtet i morgon? Følg med vidare!

Nyoppussa "grønt rom"?