Doha

Den arabiske natta

Den arabiske natta er mørk. Det finnast lys i horisonten, men til no er dette stort sett fakling. Byråkratar har forhandla dei siste vekene. No er det opp til politikarar å sluttføre Doha-møtet. Spørsmåla som ligg att på bordet er store og avstanden er stor.

Downtown%20Doha%20at%20nightDei store spørsmåla heng saman med korleis ein kan lage eit avtalesett som tek innover seg av verda har endra seg sidan 1992, men understrekar at ein forventar ulike forpliktingar frå rike og fattige land? Samstundes byrjar det å haste. Utsleppskutt og finansieringsforpliktingar enkeltland er villige til å ta på seg stemmer ikkje med det vitskapen fortel oss.

Her følger nokre av mine oppdatering frå landet der det no gnikkast på oljelampa. 

  • Alle forhandlingsspor på byråkratnivå er no avslutta. Teksten på framtidig forpliktingsperiode under Kyoto-avtalen, teksten på langsiktige kollektiv handlingar, som inkluderar utsleppskutt i rike og fattige land, klimatilpassing, klimafinansiering, og teknologioverføring, samt teksten på det nye arbeidsprogrammet for ei global klimaavtale er no overlevert til ministrane for politiske forhandlingar.
  • Teksten på framtidig forpliktingsperiode under Kyoto-avtalen og teksten på langsiktige kollektiv handlingar skal sluttførast på dette møtet. Teksten på det nye arbeidsprogrammet for ei global klimaavtale skal ferdigforhandlast innan utgangen av 2015.
  • Norge har skifta posisjon på eine opsjonen i Kyoto-teksten etter enorm innstats i sosiale medier og gjennom lobbying i Doha. Det gjenstår å sjå korleis dette påverkar forhandlingsposisjonane til land som Australia og Sveits som framleis strittar imot.
  • Det ser no ut som ‘overskotskvotane‘ ikkje slettast. Dette er eit smutthol i Kyoto-avtala og har som konsekvens at dei lite at utsleppskutta som vert bundne i Kyoto-avtalen vert av mindre effekt.
  • Teksten på langsiktige kollektiv handlingar er framleis svak. Denne prosessen skal avsluttast i Doha, og det er viktig at teksten med beslutningar vert så ambisiøs og konkret som mulig. Det ligg ikkje inne kollektive utsleppsmål for 2050, slik det har gjort gjennom dei siste åra. Klimafinansieringsteksten er vag. Det ligg ikkje inne tekst på finansieringsmål for perioden 2013 til 2020, ingen mål for mobilisering av offentlege finansar, ingen oppfordring til å melde inn tal, og nemner ikkje at dette skal vere ‘addisjonelle’ midlar. Der er heller ingen konkrete planar for å få igang prosessar rundt innovative kjelder for finansiering. Klimatilpassingsteksten er også dårleg. Det er mulig tekstane endrar seg seinare i natt.
  • På teksten på det nye arbeidsprogrammet for ei global klimaavtale som skal stå ferdig i 2015 er det usemje om store spørsmål. Dette dreiar seg om i kor stor grad prinsipp om byrdefordeling som ligg festa i klimakonvensjonen skal vere førande for den nye klimaavtala. Dette har bakgrunn i prinsippet om lands ulike historisk ansvar og økonomisk kapasisitet. Denne teksten skal forhandlast vidare på etter Doha. Spørsmålet er om det seinare i natt eller i morgon vert gjorde delvedtak for vert førande for den framtidige forhandlingsprosessen.
  • Det pågår diskusjonar om ein skal endre konsensus som vedtaksform. Dette arbeidet vert vidareført til neste toppmøte.

I skrivande stund forhandlar politkarane enno, og skal ha neste orientering tidleg om morgonen, lokal tid. Dei store vedtaka let vente på seg og vert mest sannsynleg ikkje teke i Doha.

Korleis gje Kyoto-avtalen ei meiningsfull framtid

Eit av de store slaga på klimaforhandlingane står rundt Kyoto-avtalens framtid. Det einaste juridisk bindande instrumentet som finnast for å sikre at store, industrialiserte utsleppsland reduserar eigne klimagassutslepp, står og fell på Doha-toppmøtet. Ved utgangen av 2012 avsluttast den første forpliktingsperioden av Kyoto-avtalen, og det forhandlast no om ein ny forpliktingsperiode.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og Brasils klimaminister Luiz Alberto Figueiredo er utpeika til å leie meklingane rundt etableringa av den andre forpliktingsperioden av Kyoto-avtalen under minister-delen av forhandlingane.

På dette tidspunktet er det ikkje forventa at landa som forhandlar er villige til å forplikte seg til høgare utsleppskutt i perioden 2013 til 2020 enn det som allereie er rapportert inn. Av den grunn er to tema knytt til Kyoto-avtalens andre forpliktingsperiode sentrale i Doha:

  • At det vert formulert tekst på at utsleppsmåla for andre forpliktingsperiode, altså tidsrommet 2013 til 2020, ‘skal’ oppjusterast ved gjennomgangs-tidspunktet i 2015. Dette for å sikre at utsleppsmåla ikkje forblir låge. Norges uttalar at det skal vere ‘muligheiter’ for å oppjustere utsleppsmåla i 2015. Dette er lite ambisiøst.
  • At ‘overskotskvotar’ skal eliminerast etter utløpet av første forpliktingsperiode, med andre ord å tette smutthol. Indeksåret for Kyoto-avtalen er 1990, det er altså dette året ein reknar reduksjonsnivå i forhold til. Grunna at industrien kollapsa i gamle Sovjet-statar tidleg på 1990-talet, altså etter indeksåret, har aust-europeiske land fått fleire kvotar enn deira utsleppsnivå. I dag er dette kvotar som kan seljast til andre europeiske land. Om ein tek desse ‘overskotskvotane’ med inn i ein ny forpliktingsperiode, kan det bety at ein sjølv med høge ambisjonar om utsleppskutt kan risikere at utsleppa ikkje går ned. Norge har til no vore vage i forhandlingane, og har uttalt at dette er kvotar vi ikkje ønsker å kjøpe i EUs kvotemarknad, men vi har ikkje fått indikasjonar på at Norge er villige til å uttale seg aktivt for sletting av desse kvotane i forhandlingane. Dette er noko Norge må jobbe for.

Solhjell skal særleg ha ansvar for delen av forhandlingane som går på utsleppskvotar for land med forpliktingar, noko som mellom anna relaterar til det siste kulepunktet over. I tillegg skal Solhjell mekle på korleis ein kan sikre inntekter til det FNs tilpassingsfond, ikkje til å forvekslast med Det grøne klimafondet som vart etablert i Durban. Eit døme på å auke inntektene til dette fondet er å auke skatten på kjøp av klimakredittar får land som ikkje har forpliktingar under Kyoto-avtalen, altså dei fleste utviklingsland. I dag er denne skatten på to prosent.

Ad fontes

Realitetane er slåande! Klimaforhandlingane står stille på mange område og enkelttema vert i liten grad diskutert, likevel veit vi kva forhandlarane må levere ei rettferdig og ambisiøs klimaavtale. Eg prøvar å gje nokre av svara.

Robin Hood-aksjonSlik situasjonen er i dag, utan ambisiøse målsetjingar for utsleppskutt, er vi på veg mot ei verd der gjennomsnittstemperaturen vil stige med minst fire grader, samanlikna med den før-industrielle nivået. For å sikre at ein oppnår målet om å hindre meir enn to graders oppvarming, og for å sørge for at dei fattigaste landa har muligheiter til å tilpasse seg dei klimaendringane to graders gjennomsnittleg oppvarming vil gje, er det eit sterkt behov for nye finansielle midlar for klimatilpassingsprosjekt og utsleppsbremsande tiltak i utviklingsland.

I forkant av etableringa av det Grøne Klimafondet i Durban, var eit av dei viktige utfalla av København-møtet at rike land, samla sett, sa seg villige til å setje av 100 milliardar dollar årleg til klimafinansiering frå og med 2020. Halvparten er tenkt skal gå til utsleppsbremsande tiltak, og halvparten skal gå til klimatilpassingstiltak i utviklingsland. 

Å nå dette målet er viktig, men sidan København har nye rapportar vist at denne summen ikkje er nok til å sikre at utviklingsland har muligheita til å tilpasse seg klimaendringar. Budsjettoverføringar frå rike land må spele ei sentral rolle. Men grunna at rike lands samla mål om å setje av midlar til klimafinansiering ikkje har resultert i at enkeltland har vore villige til å uttale kor stor mykje pengar dei er villige til å setje av og forplikte seg til dette, kan vi ikkje sjå vekk frå andre kjelder for finansiering av klimatiltak bør studerast.

Slike nye kjelder til klimafinansiering bør vere av ein slik karakter at dei har stort potensiale til å få inn midlar og at dei er i samsvar med prinsippet om at land har ulikt ansvar for og ulike økonomisk kapasitet i møte med klimaendringane. Av den grunn bør nye midlar kanaliserast til land der behovet for desse er størst. I tillegg burde ikkje inntekter til det Grøne Klimafondet genererast på ein måte som er i strid med fattige lands rett til utvikling.

Under følger nokre døme på offentlege innovative kjelder for å sikre klimafinansiering:

Skatt på internasjonale finanstransaksjonar. Ein liten skatt på internasjonale finanstransaksjonar kan generere store inntektsstraumar. Så lang er det vedteke at ein slik skatt skal innførast i tolv EU-land. Det trengst at minst 25 prosent av inntektene allokerast til det Grøne Klimafondet. I tillegg bør ein slik skatt etablerast i fleire land.

Internasjonal skips- og luftfart. Internasjonal skips- og luftfart er store og rasktveksande kjelder til klimagassutslepp. Det å setje ein pris på utslepp kan vere måte å redusere utsleppa i sektoren på og kan gjennomførast på ein måte som er sikrar at land med lågt historisk ansvar og økonomisk kapasitet vert regulert mindre stramt. I tillegg kan ein slik mekanisme generere store inntektsstraumar til klimatiltak i utviklingsland.

Inntekter frå offentlege karbonmarknadar. Heller enn å dele ut utsleppskvotar gratis, slik dagens praksis i EU klimakvotehandelssystem er, bør ein stor del av kvotane i dette og andre klimakvotehandelssystem auksjonerast. Inntekter frå auksjonering av kvotar bør tildelast det Grøne Klimafondet.

Desse døma på innovative kjelder for klimafinanseing bør ikkje etablerast på bekostning av budsjettoverføringar frå dei rikaste landa.

Grønn og solidarisk nytenking – ut av landbrukspolitikken sine skyttergraver?

Dette er eit innlegg som Changemaker-leiar Ingrid Aas Borge har skreve saman med leiarane for Kirkens Nødhjelp, Fellesrådet for Afrika og Framtiden i våre hender. Det stod på trykk i Dagsavisen i dag, fredag 20. juli.

Korleis får vi til å ta vare på omsyn til hardtarbeidande bønder over heile verda og klimaet på same tid? Changemaker meiner ein må tenkje nytt om landbrukspolitikken.

«Vi savner det internasjonale perspektivet i debatten om norsk matproduksjon.

Alle bønder fortjener respekt og ei lønn de kan leve av – det gjelder både norske bønder og botswanske bønder. Vi trenger en politikk som setter bærekraft og arbeidsfolk først, og som regulerer storselskaper og butikkeiere hardere. Samtidig sier FN at landbruket i alle rike land trenger en kursendring. Men gitt at vi legger om til et langsommere, mer bærekraftig landbruk kan gjerne summen som brukes til landbruksstøtte økes.

I Norge vet nesten alle hva FN mener om klima, mens nesten ingen vet hva FN mener om landbruk. I rapport etter rapport gjentar ulike FN-organer at rike land bør støtte landbruket på en annen måte. I dag er det meste av landbruksstøtten koblet direkte til produksjonsvolum. Jo mer du produserer, jo mer støtte får du. Det er to problemer med slik produksjonsstøtte:

1. For det første stimulerer den til økt bruk av energi i form av kunstgjødsel, kraftfôr, sprøytemidler og diesel. Landbruket er en av de største utslippskildene, og står for 20-30 prosent av de globale klimautslippene. Når vi ser på totalutslippene fra mat er produksjonsutslippene ofte langt høyere enn transportutslippene. Derfor har afrikansk mat som transporteres til Norge ofte lavere totalutslipp enn mat som er produsert i Norge.

2. Produksjonsstøtte bidrar ofte til overproduksjon i rike land. Det er nemlig ikke for lite mat i verden, derimot er overproduksjon ofte et problem for verdens fattige. «Årsakene til at sult og underernæring finnes samtidig som det er nok mat på nasjonalt eller globalt nivå, er velkjente: Manglende inntektsmuligheter for de fattige og fravær av effektive sosiale sikkerhetsnett», skriver FNs mat- og landbruksorganisasjon FAO.

Befolkningsveksten går stadig saktere, og FN anslår at den vil stoppe på ca 9,5 mrd i 2050, før verdens befolkning vil begynne å synke noe. Også når vi kommer til befolkningstoppen rundt år 2050 kommer den største trusselen mot matsikkerhet til å være «at sult og feilernæring kan vedvare eller til og med fortsette å øke, på tross av at det er nok mat på aggregert nivå», sier FN.

Men kan for mye mat være et problem? Ja: «Vi må legge forholdene til rette for etableringen av en solid og stabil landbruksnæring i flest mulig land. I dag er dette tilnærmet umulig, fordi fattige land blir utkonkurrert av subsidiert mat fra rike land» mener David Luke fra FNs utviklingsprogram UNDP.

Problemet er at overproduksjonen dumpes på verdensmarkedet. Det betyr at den selges til en kunstig lav pris, på grunn av subsidiene. Slik utkonkurreres bøndene i fattige land, til tross for at de egentlig produserer billigst.

Dermed tvinges fattige land til å konkurrere mot hverandre innen et smalt spekter av tropiske varer rike land ikke produserer, som kaffe og bananer. Disse varene er det allerede stor overproduksjon av. Prisen er derfor lav eller uforutsigbar. Dermed mister fattige bønder muligheten til å tjene penger. De tvinges til å være selvbergingsbønder, uten inntekt, uten tilgang på kjøling og lagring eller markeder. Dette er svært sårbart. Om bare ei avling slår feil, er katastrofen rett rundt hjørnet, slik vi ser i Sahel nå og på Afrikas horn i fjor.

I mange fattige land er avlingene i dag så lave som ti prosent av avlingene på en like stor åkerlapp i rike land. Potensialet for å øke avlingene på en bærekraftig måte, uten å pløye opp ny mark, er enormt. Men de produksjonsdrivende subsidiene i rike land bidrar til å ødelegge forutsigbarheten og den langsiktige lønnsomheten i fattige land.

Dette er forklaringen på at FNs mat- og landbruksorganisasjon FAO, FNs utviklingsprogram UNDP, FNs rapport om tusenårsmålene, FNs generalsekretær Ban Ki-moon og FNs spesialrapportør for retten til mat, Olivier De Schutter, alle kritiserer rike lands produksjonsstøtte.

Men i motsetning til frihandelsdogmatikerne mener ikke FN at alle former for landbruksstøtte må vekk. I «How to feed the world in 2050» beskriver FAO andre støtteformer, som ikke er direkte koblet til produksjonsvolum, såkalt «dekoblet» støtte. Dette kan være støtte til klimavennlig drift, distriktsbosetting, kulturlandskap, biologisk mangfold, samt å ivareta beredskapsjord slik at den binder mest mulig klimagasser. Så lenge vi kan garantere at subsidiert mat ikke eksporteres, kan Norge bruke slike støtteformer, sier FN.

Det er riktig at Norge ikke eksporterer landbruksvarer direkte til u-land, men gjennom eksport av kunstig billig norsk ost tar vi likevel en bit av verdensmarkedet som u-land gjerne ville hatt. Hovedproblemet med norsk politikk er likevel at vi bruker den samme formen for subsidier som EU og USA, landene som i størst grad ødelegger for fattige land. Dermed stiller Norge seg på samme side som dem som ødelegger for fattige land. Vi krever at regjeringen må ta et internasjonalt initiativ og jobbe for at alle rike land legger om landbruksstøtten.

I WTO-forhandlingene støtter altså Norge EUs og USAs linje i landbruksforhandlingne. I forhandlingene om fisk, industrivarer og tjenester presser derimot Norge på for økt liberalisering. Dette er svært problematisk. I iveren etter å selge oppdrettslaks til resten av verden, river den norske regjeringen med seg u-lands politiske handlingsrom. FN-rapporten «Making global trade work for people» sier derimot at fattige land må få muligheten til å beskytte egne markeder og egen produksjon i en oppbyggingsfase.

Etter en slik omlegging som FN skisserer kan vi altså både få et mer miljøvennlig landbruk, ivareta distriktsbosetting og kulturlandskap, samtidig som vi gjør det enklere for bønder i fattige land å tjene penger. Men en omlegging av landbruksstøtten alene er ikke nok. I tillegg må vi bruke toll på en smartere måte for å vri importen fra rike til fattige land, og stimulere til videreforedling i u-land. Dessuten må vi gjennom bistand støtte bondekooperativer, fagforeninger, sivilsamfunn og frie medier i fattige land. I sum kan dette gi en grønnere, mer rettferdig verden!»

Superstatistiskundersøkelse om WTO – blir dei einige?

Dette biletet kom opp da eg googla "Statistisk sentralbyrå". Ikkje spør kvifor.

Eg plukkar opp tråden frå ein av kommentarane på det førre innlegget, og lanserar ein «poll»!

I løpet av denne bloggserien har eg skreve ein god del om denne Doha-runden, og er no interessert i å høyre med DEG! Kva trur du?

Er Doha daud allereie? Er det håp?

Dann deg ei meining på bakgrunn av dei tidlegare og kommande bloggpostane – og så lanserar vi «folkets dom» etter kvart.

…for vi er vel alle eit veeeldig representativt utval av det norske folk?

«Reinvigorate», sveler og Pascal Lamy – ein potpurri

Denne fotografen har bomma litt. Jaja - Susan Schwab nede til venstre.

Til og med Pascal Lamy seier forhandlingane nok ein gong er «on the brink of failure«. Og det kjem frå ein kar som gir kunne vore hovudpersonen i denne eller denne songen.

Skal ein tru ekspertane – og det skal ein jo – er Doha-runden allereie daud. Susan Schwab er ein av ekspertane. Ho var USA sin handelsrepresentant (nesten handelsminister – men likevel ikkje) under Bush. I ein artikkel i Foreign Affairs serverar ho denne svela av eit fråsegn på slutten:

«Doha may be dead, but by accepting what everyone knows and no one wants to admit, the world can actually reinvigorate and strengthen the multilateral trading system.»

Eg synes det er godt sagt, eg (bortsett frå at reinvigorate er eit litt rart ord). Ho og stadig fleire argumenterer for å avslutte nokre avtalar i løpet av året, og la nokre ligge. Det kan vere bra på mange måtar – men det kan og svekke det tydelege utviklingsperspektivet som (trass alt) ligg til grunn for denne «Doha Development Agenda»-runden. I dei neste bloggpostane om Verdas Handelsorganisasjon kjem eg til å gå litt meir inn på kva som eigentleg dei kranglar om, så kan vi jo saman etterpå gjere oss opp ei meining – full pupp og diger avtale, eller «soft landing» og delavtale.

Vent no litt! – tenkjer du kanskje. Kva med møtet på fredag? Kom det ikkje noko ut av det? Blir det ministermøte i sommar? Har eg tenkt å la det møtet gå forbi utan merksemd? Beint fram sensur? Åneida. Det har eg ikkje. Men etter ei kvalifisert vurdering (så kvalifisert du får det frå mi side) kan eg rapportere at følgjende framgang og konkrete resultat kom ut av møtet på fredag:

NADA!

Så ei oppklaring frå førre bloggpost. Eg har fått tilbakemeldingar kring bruken av ordet «vriompeis», og det har vore reist tvil om det ikkje heller skulle stått «vrienpeis» – i og med at det er vriene folk som gjerne får den slags uttrykk slengt etter seg. Etter ein kjapp ordboksjekk held eg fast ved bruken av ordet «vriompeis», samtidig som eg går med på at ordet og kan bety heilt andre ting.

Ein ekte vriompeis (Jøtul F373)

Nikke-priviligerte kinesarar?

Vi får lov til å nikke, smile og snakke med delegasjonen i Geneve. Bilde: WTO

Når vi og Flip-Ovar ikkje leikar, bruker vi tid på å bearbeide desse inntrykka:

  • Det er ein heil del folk her som snakkar om ein avtale om handel med klimavennlege varar og tenester! Det kan hende at det berre er fordi det er ein gjeng med idealistar, men fytti fytti så flott det hadde vore om ein tek inn klimatiltak i Verdas Handelsorganisasjon! Land i Sør er generelt skeptiske, da.
  • Indarar som les litt fort og monotont + manuskript med masse vanskelege ord og forkortingar = tunge augelokk, for å seie det sånn.
  • Det er ikkje nokon fasit på kva som er best for fattige bønder i Sør som lever på sjølvberging. Er det beskytting? Bistand? Infrastrukur? Liberalisering så dei kan kome på vestlege marknadar? Det er rett og slett så hinsides mange folk i så mange forskjellige samanhengar og utgangspunkt for å drive handel.
  • Det er ikkje kult å dra på WTO-konferanse med tilgangskortet på hotellrommet.
  • Patentrettar og måtar å tene pengar på kunnskap kan ikkje vere eit mål i seg sjølv, men heller vere eit av mange verktøy ein brukar for å skape innovasjon.
  • Franskmenn og sveitsarar har forbetringspotensiale på engelsk, og vi på fransk.

Det er ikkje kvar dag at ein får henge på seminar med professorar, NGO-leiarar, diplomatar og parlamentarikarar og diskutere og lære om Verdas Handelsorganisasjon. Sjølv ikkje for nordmenn, og vi er vel i utgangspunktet svinaktig heldig som får lov til å kome så nær viktige aktørar som vi gjer.

I dag var eg på eit seminar kor det var ein kineser i panelet, mr. Zhang Xiangchen. Det verka ikkje akkurat som at han var innstilt på å utlevere så mykje av kva dei kinesiske leiarane tenkjer. Han unngjekk konsekvent all frilynt analyse, all spekulasjon og var generelt heilt rett gjennom kjedelegare enn femmila i klassisk med individuell start. Han svara heller ikkje på spørsmåla frå salen som gjekk på å vere open og gi informasjon til forskarar om mattryggleik.

Denne karen er ikkje så open for innspel at det gjer noko

Det er mange som snakkar om USA og Kina her. Da vert det spesielt synleg korleis det nesten ikkje er ein fjert av kinesarar her. Det er folk frå alle stader i verda her, men det er tydeleg at debattpanela vert prega av folk frå Europa, USA, India og Latin-Amerika. Land med tradisjon for debattforum for utveksling og utfordring av standpunkt.

Vi er sanneleg ganske heldige, som kan stille spørsmål, kome med innspel og krav til våre folk. Vi går kring og nikkar på ein litt klein måte med den faste norske forhandlingsdelegasjonen.

Det er flott. Eg meiner, kor mange kinesarar kan gå kring og nikke til delegasjonen sin?

Takk, WTO Public Forum, for nikkinga!

Ikke for det, vi pratar med dei og, altså.

Litt.