Durban

«All we want for christmas is a safe future»

Kjære Erik. Vi ønsker deg en God Jul og en Riktig God Ny Forpliktelsesperiode! Foto: Mona Wærnes

Sammen med norsk ungdom fra Spire, Norsk Medisinstudentforening og Natur og ungdom overrakte vi i dag et julegaveønske til Erik Solheim: En trygg framtid!

De internasjonale klimaforhandlingene fortsetter på overtid, to år etter at forhandlingene om en ny, internasjonal klimaavtale i utgangspunktet skulle konkludere. Med kun noen få dager igjen av klimatoppmøtet i Durban haster det å ta ansvar for verdens klima. Norge er kjent for å være blant foregangslandene under klimaforhandlingene, det er nå på tide de går inn for å sikre en avtale for fremtiden.

– Det er rike land som Norge som har skapt klimaproblemet. Til grunn i det internasjonale klimaregimet ligger det at land som Norge er de første som skal gjøre omfattende og forpliktende tiltak for å redusere egne klimagassutslipp, sier Kari-Anne Isaksen, leder av Spires klimautvalg og LNUs ungdomsdelegat i den norske delegasjonen.

– Vi er nødt til å innse de enorme konsekvensene klimaendringene vil kunne ha for mennesker over hele verden. Forskning viser at umiddelbare tiltak for å begrense klimaendringene ville beskytte og fremme global folkehelse og redde flere hundretusen menneskeliv, sier Usman Ahmad Mushtaq, fra Norsk medisinstudentforening.

En videreføring av Kyoto-avtalen

Et av de store slagene på klimaforhandlingene står rundt Kyoto-avtalens framtid. Det eneste juridisk bindende instrumentet som finnes for å sikre at store, industrialiserte utslippsland reduserer egne klimagassutslipp, er under press fra flere hold. Ved utgangen av 2012 utløper den første forpliktelsesperioden av Kyoto-avtalen, og det forhandles nå om en ny forpliktelsesperiode.

Durban norsk ungdom Solheim

Norsk ungdom synger for klimahandling. Foto: Mona Wærnes

– En videreføring av Kyoto er broen vi trenger over til et nytt og enda sterkere internasjonalt klimaregime. En videreføring av Kyoto-avtalen blir likevel hul, hvis den ikke innebærer økte ambisjoner for utslippskutt fra rike land, sier Ola Elvevold, leder i Natur og Ungdom.

Det nye grønne fondet

Klimafinansiering er et av de andre sentrale temaene på klimatoppmøtet i Durban. På klimatoppmøtet i Cancun i fjor ble partene enig om at et nytt finansieringsfond for klimatilpasning og utslippsreduserende tiltak i utviklingsland skulle opprettes. Siden Cancun har Norge, sammen med Sør-Afrika og Mexico, koordinert en arbeidsgruppe med 15 industriland og 25 utviklingsland. Denne gruppen har jobbet med et forslag til hvordan et nytt grønt klimafond bør se ut.

Solheim durban

Ola (NU), Kari-Anne (LNU, Spire), Usman (Norsk medisinstudentforening) og Maja med Solheim i Durban. NRK på plass. Foto: Ida Thomassen

– Utviklingslandene er helt avhengig av finansiering fra rike land for å kunne sørge for tilstrekkelige utslippskutt, og en sikker klimatilpasning. Det nye grønne fondet må vedtas på klimatoppmøtet i Durban, og de rike landene må begynne å fylle det med penger, sier Maja Gudim Burheim, leder av klimautvalget i Changemaker.

Vi håper Solheheim har med en ny forpliktelsespreiode for KP hjem til jul:) Illustrasjon: Kine Eide

Jens, Erik og ein turban

Stoltenberg snakkar med Ban Ki-Moon.

Frikk: Hei Maja og Jon, korleis synest de den første dagen med Solheim og Stoltenberg til stades på forhandlingane har vore? Det er eit ja-nei-spørsmål.

Jon: Frikk, det er det ikkje.

Frikk: Haha, eg berre tulla!

Jon: Jo, dagen har vore fin den. Men Solheim ba oss ønskja han lykke til då me traff han på kafé i dag morges, så det kan jo henda at hans dag ikkje har vore like god.

Maja: Fokus nå, gutter. De kom, de så, de…? Hva gjorde de egentlig? Jo, Stoltenberg holdt tre viktige innlegg.

Frikk: Ja, eit om regnskogbevaring i utviklingsland, eit om kjelder for finansiering av klimatiltak i utviklingsland, i tillegg til hovudinnlegget for Noreg på høgnivådelen. Der gjekk han på overtid. Det gjorde forsåvidt alle andre også.. Eg høyrde dei to siste innlegga hans. Jon, kva sa han på høgnivådelen? Noko om kva Noreg gjer heime?

Jon: Nei. Det var eit ja-nei-spørsmål, ikkje sant?

Frikk: Ja.

Frikk, Maja og Jon er på plass i salen før Jens opnar møtet.

Jon: Han sa fint lite om det. Men han sa at Australia, Brasil, Kina, Bangladesh og Rwanda er kjempeflinke på heimebane. Og alle land må bidra etter evne. Alle land utanom dei minst utvikla landa. «We cannot afford to give up, we cannot wait and see,» sa han òg.

Maja: Han sa masse om karbonprising. Det liker han godt. Han priste karbonprising. HURRA!

Frikk: Då kan vi svitsje til finansieringskildeinnlegget. Hurra for karbonpris der også, gitt.

Maja: Ja, og karbonprising har TRE fordeler. «That’s the beauty of it», som Jens sier.

Jon: For det første, «it reduces emissions».

Frikk: HURRA!

Jon: For det andre, «it contributes to development of clean technology».

Frikk: … forutsett at karbonprisen er høg. Om ikkje, har ein jo ikkje insentiv til dette.

Maja: Jaja. Men for der tredje, «it generates revenue.»

Jon: Og dei pengane kan nyttast til å finansiera tilpassing til klimaendringar og utsleppsbremsande tiltak i Sør.

Maja: …Men det kan jo også brukes til andre ting.

Frikk: Ja.

Maja: Som helse og utdanning. Lista er lang. Sikrer man egentlig klimafinanspenger da…?

Frikk: Nei.

Jon: Det han ikkje sa, var at rike land burde legga fleire pengar på bordet. Det er jo finanskrise, stakkars statsleiarar.

Frikk: I tillegg snakka han såvidt om avgifter på internasjonal luft- og skipsfart. Det er jo bra. På den andre sida har jo Noreg snakka negativt om eit ambisiøst forslag på dette som EU har lagt på bordet.

Jon: Og det betyr?

Maja: At Norge sier noe annet enn det de faktisk gjør.

Frikk: Og det er jo nytt for oss alle.

Jon: Men sa han noko om Kyotoprotokollen?

Maja: Ja! I innlegget på høynivådelen sa han at Norge er villige til å ta på seg en ny forpliktelsesperiode.

Frikk: …dersom det er ein del av ei breiare avtale der dei største utviklingslanda og USA også tek på seg forpliktingar om å redusera utslepp.

Jon: Men kva har eigentlig Solheim gjort? Hjalp det å ønskja han lykke til?

Maja: Han skulle jo ha kommet i går, så han har ett døgn å ta igjen! Jeg hørta at han var i timinuttersmøter i hele dag.

Frikk: Men hei! Jens hadde tid til å treffe klimaungdomar frå utviklingsland som Norad har finansiert deltakinga til. Kari-Anne og Johanne frå Spire var jo òg der.

Maja: Kult. Det er jo deres prosjekt. Flinke jentene.

Jon: Apropos kult. I dag såg me ein turban i Durban.

Maja: Han hadde faktisk en «tree planting ceremony».

Frikk: Shit.

Turban i Durban.

Klimafinansiering

Ved sida av ei vidareføring av Kyoto-avtalens utsleppsforpliktingar for rike land og ei breiare avtale for regulering av klimagassutslepp for mellom anna dei rikaste utviklingslanda og rike land som står utanfor Kyoto-samarbeidet, er klimafinansiering eit av dei mest omtala temaa for toppmøtet i Durban.

Grunnen til at klimafinansiering står sentralt i forhandlingane er at det står i klar samanheng med internasjonal byrdefordeling. Samstundes som at det er utviklingsland som rammast hardast av klimaendringar, er det industriland som både har det historiske ansvaret for desse endringane, samt også sit med den største økonomiske kapasiteten til å bidra til å løyse desse.

Klimafinansiering er sentralt både for å sikre at klimatilpassingstiltak i utviklingsland vert gjennomførde og for å bistå utviklingsland finansielt med å gjennomføre utsleppskutt. Ifølge rapportar frå FNs klimapanel er klimatrusselen så omfattande at enkelte utviklingsland må bremse utsleppsveksten sin samstundes som at industriland må gjennomføre djupare kutt. På den andre sida er landa som forhandlar einige om at det er feil at utviklingslanda skal sitje att med å betale kostnaden for gjennomføringa av desse utsleppsbremsande tiltaka. Det er av den grunn semje om at industriland skal ta store delar av kostnaden. Det sentrale spørsmålet er korleis dette skal gjerast.

Klimafinansiering det siste året

Sidan toppmøtet i Cancun for eitt år sidan har Noreg saman med Sør-Afrika og Mexico koordinert ei gruppe på 15 industriland og 25 utviklingsland. Denne gruppa av land, kalla Overgangskomiteen, som speglar meiningssamansetjinga i klimaforhandlingane har det siste gjennom det siste året jobba med eit forslag til korleis eit nytt grønt klimafond bør sjå ut.

Nokre av elementa som har blitt diskutert gjennom det siste året inkluderar mellom anna følgande:

  • Instututsjonelle forhold og korleis fondets styre og daglege arbeid skal knytast opp til dei øvrige klimaforhandlingane. Dette er ein balanse mellom å sikre at alle land får ei stemme med i korleis drifta skal vere og at fondet skal kunne fungere så effektivt som mulig.
  • Korleis pengane som kjem inn skal administrerast og korleis desse skal allokerast mellom ulike formål. Dette både sett i samanheng med balansen mellom tilpassig og utsleppsbremsande tiltak, kva typar utviklingsland som bør prioriterast, og kva tiltak som har dei største ringverknadane.
  • Juridisk form og forholdet til Verdsbanen som med stort sannsyn vil fundere som bestyrar for klimafondet dei tre første åra.
  • Forholdet mellom industrilands ønske om å øyremerke pengar dei løyvar og behovet for fleksibilitet vedrørande slik fondet styrer pengane som kjem inn. På overordna nivå vil fondets styre ha større oversikt over kva tiltak ein treng at pengar genererast til.
  • Miljø- og samfunnsmessige tersklar.
  • Resultatbaserte mekansimar. Dette er noko som kan vere føremålsteneleg når det kjem til å sikre pengestraumar til fondet, men som er problematisk sidan suksessraten til klimatilpassingsprosjekt er vanskeleg å kvantifisere.
  • Rolla til privat sektor.
  • Meiningsfull deltaking frå sivilsamfunn. Slik det ser ut no får ikkje sivilsamfunnsorganisasjonar styreplass i fondet medan internasjonalt næringsliv får.
  • Direkte tilgang til finansiering for institusjonar i utviklingsland.

Eg vil understreke at Overgangskomiteen ikkje hadde mandat til å sjå på finanseringskjelder i seg sjølv. Dei forhandla om korleis eit fond bør sjå ut, gitt at finansering er på plass.

Sjølv om denne gruppa på 40 land som har forhandla det siste året ikkje nådde konsensus på det avsluttande møtet for ein og ein halv månad sidan, har dei vidaresendt sine anbefalingar til toppmøtet i Durban.

Kva skjer i Durban?

Klimaforhandlingane som pågår i Durban kan skiljast i tre grupper:

  • Forhandlingar om å etablere fondet med dets institusjonar. Med bakgrunn i mandatet skal dette skje under møtet i Durban.
  • Forhandlingar om korleis fondet, skildra over, skal fyljast med pengar. Her diskuterar ein bydefordeling mellom industriland, rolla til innovative kjelder for finansiering som avgifter på internasjonale finanstransaksjonar, og skattlegging av internasjonal luftfart og skipsfart. Ein diskuterar også korleis privat sektor kan bidra og kva rammer ein ønsker desse skal bidra innanfor. Det er sentralt å sikre at pengane som løyvast kjem i tillegg til allereie lova pengeoverføringar og at politiske vedtak om internasjonale avgifter ikkje påverkar utviklingsland negativt.
  • Det siste punktet går på korleis ein kan sikre koordinasjon mellom dei ulike instiutsjonane under FNs klimakonvensjon som har som mandat å arbeide med eller for klimafinansiering.
Changemaker møter forhandlingsleiar Henrik Harboe (Foto: Tone Hertzberg).

Changemaker møter forhandlingsleiar Henrik Harboe (Foto: Tone Hertzberg).

Det første av desse områda spring vidare frå arbeidet til Overgangskomiteen, medan dei to siste forhandlingstemaa også er viktige sett i samanheng med etableringa av eit grønt klimafond.

Forhandlingane fram til og med tysdag i neste veke vil verte utførte av byråkratar og diplomatar, medan politikarar og ministarar frå dei ulike landa som deltek vil sluttføre forhandlingane frå neste onsdag til og med fredag.

Kva har skjedd første veka?

Som eit bilde vil eg framstille landa som forhandlar om etablering av det grøne klimafondet langs ein akse. Plassert i midten har dei aller fleste landa i klimaforhandlingane, inkludert Noreg, som uttalar at anbefalinga Overgangskomiteen har lagt fram ikkje er det ein fullt ut ønsker seg. Likevel understrekar ein at det å opne opp teksten for vidare forhandlingar før politikarane er på plass rundt midten av neste veke vil komplisere forhandlingane. Sjølv om ein då teoretisk sett kan sikre meir ambisiøse retningslinjer, minimerar ein sjansane for å få eit vedtak i Durban sidan arbeidsmengda vil bli for stor for politiske forhandlingar. Changemaker, saman med det internasjonale ungdomsnettverket, uttrykker også støtte til at ein ikkje bør opne teksten for forhandlingar før neste veke. Det er langt viktigare å få etablert eit fond i Durban for å sikre gjennomføring av klimatiltak i utviklingsland, enn å gjenopne ein prosess som alt har vart eit år.

Vi bevegar oss på aksen. På det eine ekstrempunktet har vi ein del latin-amerikanske land som er prega av ein generell skepsis til marknadsbaserte forsøk på å løyse klimautfordringa og for å generere klimafinansering. Tidlegare i forhandlingane har desse hatt sterke frontar mot delar av innahaldet i anbefalinga frå Overgangskomiteen. Desse har lenge ønska å opne testen for forhandlingar, men ein har kome fram til ein konsensus der ein sikrar at innspel frå desse landa heller vert å finne i eit vedlegg til denne teksten. Vedlegget er venta å få same forhandlingsstatus som anbefalinga frå Overgangskomiteen, men dette vil sikre meir effektive forhandlingar. Det er Noreg og Sør-Afrika som koordinerar arbeidet med dette vedlegget. Gruppa av desse langtgåande latin-amerikanske landa har også uttala at dei ønsker å få etablert eit fond i Durban, og såleis har dei moderert seg noko og uttalar at dei ønsker å ta ei konstruktiv rolle.

På det andre ekstrempunktet har vi ei noko mindre konstruktiv gruppe beståande av Saudi-Arabia og USA. Desse har tradisjonelt sett vore dei minst drivande kreftene i arbeidet med å få etablert eit klimafond. Likevel har Saudi-Arabia uttala at dei ønsker eit fond på plass. USA er kritiske til å referere til konkrete kjelder for finansiering, men støttar  på generelt grunnlag tanken om å etablere eit nytt fond.

Konklusjonen er at sjølv om forhandlingane om klimafinansiering har gått trått dei første dagane, har dei no teke seg opp. Det verkar som forhandlarar frå alle land på eitt vis er villige til å einast om å etablere eit fond. Det gjenstår å sjå om viljen til samarbeid er like sterk når politikarane kjem til veka. Det gjenstår også å sjå kva implikasjonane av det omtala vedlegget til anbefalinga vil bli. Tekstane her vil med stort sannsyn vere motstridande. Håpet er at det uansett er mulig å nå konsensus.

Sjølv om forhandlingane om etablering av fondet relativt sett går bra, knyter det seg stor uvisse til korleis forhandlingane om kjelder til finansiering vil gå. Noreg fasiliterar også desse forhandlingane, så potensialet for påverknad er stort. Dette har vi utnytta gjennom møte med forhandlingsdelegasjonen i dag.

Sjølv om det allerie har vore gjennomført mange utreiingar rundt kjelder til finansiering er det stor uvilje frå industriland til å forplikte seg. Det er også uvisst kor stor rolle privat sektor vil få og i kva grad ein vil lene seg på innovative, offentlege kjelder for finansiering. Det er fullt mulig å kome til semje om dette i Durban. Likevel snakkast det om å etablere arbeidsgrupper for det neste året som skal sjå nærare på dette temaet. I såfall bør eit minstekrav vere at det vert laga eit mandat om at toppmøtet til neste år skal resultere i konkrete og ambisiøse forpliktingar frå industriland.

Oppsummeringsvis; eit fond vil med stort sannsyn etablerast i Durban, men det trengst at dette fyljast med pengar for at det skal kunne tene etter føremålet.