usa

ATT i New York: Spillet i sluttspurten startet for fullt

Dagen i dag har rast av sted. Da forhandlingene startet i dag kl 0900, begynte ting raskt å se mørkt ut. Woolcott åpnet med å snakke om at han mente andreutkastet som lå på bordet var et robust utkast, og han anså det som en nokså sterk avtale. Det falt ikke i god jord hos mange av de progressive statene og sivilsamfunnet, som anser utkastet som et svært svakt dokument.

Det fremstår som høy polarisering mellom de få skeptiske statene på den ene siden, og de mange progressive statene på den andre. Det ble tidlig klartgjort at uten betraktelige endringer på utkastet som skal slippes på onsdag, så kommer vi ikke til å se konsensus denne påsken.

De sentrale spillerne

Så hvorfor vinner ikke flertallet frem? Fordi mindretallet har mange av de sterke statene på sitt lag. USA har brukt dagen i dag på å skvise mange svake men progressive stater i Afrika og Latin-Amerika til å gå inn for en svak avtale; mens 118 stater skrev under på en erklæring for en sterk avtale den 18 mars, var antallet falt til 108 når tilsvarende erklæring ble offentliggjort i dag. USA prøver å fremstå som den ansvarlig parten som kan definere hvordan forhandlingene ligger an – hvilke punkter som kan diskuteres og hvilke man må anse som ferdigdiskuterte nå som tiden begynner å bli knapp. De nevner ikke at det var de som strandet forrige forhandlingsrunde. USA har i dag oppført seg som mobberen som stjeler lunsjpengene fra alle som er mindre enn seg. I gjengen sin har de med seg Storbritannia og Kina.

Resten av statene i EU har først i ettermiddag begynt å fremstå som samkjørte. Spesielt Frankrike, som frem til nå har vært en del av de skeptiske statene, ser ut til å ha føyet seg til en felles kurs. Men selv om EU argumenterer for mange av de riktige tingene – f.eks. å inkludere ammunisjon og deler og komponenter i avtalen – men ser ut til å ikke være interessert i å blokkere konsensus skulle avtalen vise seg å ikke inneholde disse kritisk punktene. Frankrike, og andre EU stater, legger sterk vekt på at de ikke vil godta at avtalen blir avgjort med 2/3 flertall – den overhengende faren for mange av de skeptiske statene. Det er altså tegn til et janusEUher i dag: de vil fremstå som progressive, men vil i virkelighet ha en avtale som favoriserer eksportlandene. Det blir spennende å følge med på hva EU gjør de kommende timene og dagene.

Den norske delegasjonen opptrer eksepsjonelt. Ryktene sier at de har blitt presset hardt av de skeptiske statene, særlig Storbritannia. De har likevel jobbet på spreng for en sterk avtale, og er ofte ansiktet utad for majoriteten av stater som trenger det mest. Norge spiller her en viktig rolle fordi de viser at man kan gå inn for stram regulering selv om man er en av de store våpeneksportørene. Det er ingen selvfølge. Sverige, et land vi liker å sammenligne oss med, har ikke holdt en like klar linje. Sverige har uttrykt at de ikke er interessert i bryte konsensus selv om avtalen ikke endres. Vi håper at Sverige, som også er en stor eksportør, vil revurdere sin strategi.

På mange måter begynte derfor ting å se lysere ut mot slutten av dagen. Det burde være helt klart for Peter Woolcott, presidenten for forhandlingene, at neste utkast må inneholde en sterkere lovtekst. Mange av de riktige statene har i ettermiddag sagt mye av de riktige tingene. Spørsmålet er om det er tilstrekkelig til å oppnå konsensus. Oppsumert: håpet for en sterk avtale har siden vi kom til New York sett sånn ut:

Hvordan ligger det an med ATT-forhandlingene?

Historia om stigen – kvifor norsk handelspolitikk er urettferdig

Det var i hine hårde dager, med drikking og svir, da Hallingdølens kniv satt løst i hans slir. Det var på den tida da alle bakkane var så bratte. Pengepungane var lettare. Stiv kuling var å rekne for flau bris for datidas menneskje. Hatt var på moten. Nynorsken var knapt oppfunnen, og fleire andre av dei verkeleg store oppfinningane (som til dømes pokemon, lyssverd og popcornmaskinar) hadde framleis til gode å sjå dagens lys. Vi skal tilbake til 1800-talet.

Dette er eit lyssverd. Etter forfattaren si oppfatning ei av historias store oppfinningar.

Berre eit par folk var rike, og dei var stort sett tedrikkande engelskmenn. Med stive overleppar. Dei hadde erobra verdshava. Dei hadde svære maskinar og sydde klær så skjortene flagra. Dei hadde ei drotning som heitte Victoria og hadde ei dame som var latterleg dyktig til å skrive keisamt og langdrygt romantisk klæsj om mr Darcy. Dei var på toppen av verda, med andre ord.

Dei var ganske lure. Dei prata om frihandel. Om berre alle saman let alle varar passere tollfritt mellom landa, ville alle bli rike og lykkelege – ja reint ekstatiske, sånn på sikt. Å betale for å at ein vare skal passere grensa, det var vel litt passé? Nei, om alle berre fekk spesialisere seg på det dei sjølv var best på, så ville alle tene på det. Britane kunne selge sine industriprodukt til alle andre, og alle andre kunne selge sine råvarar til Storbritannia.

Men det var ein kar, ein listig liten kar. Han heitte Friedrich List. Ja, du gjetta rett – han var tysk. Punktleg. Pinleg nøyaktig. Smart. Kven veit, kanskje hadde han hatt han og? Og frykteleg skeiv rygg?

Friedrich List liknar litt på Eilert Sundt. Men er han skeiv i ryggen, altså?

Vår nye venn Friedrich List, hadde ein teori. Engelskmenna var ikkje så høflege som dei ga seg ut for. Var det ikkje nettopp dei som hadde beskytta sin ull- og klesproduksjon i alle år? Med handelsblokkadar? Importforbod? Og var det ikkje nettopp denne beskytta klesproduksjonen som var føresetnaden for at dei fekk til den industrielle revolusjonen sin? Om Nederland eller eit av dei andre landa som var betre enn England hadde fått handle fritt med britane, hadde kanskje den industrielle revolusjonen funne stad ein heilt annan stad?

Med det hadde han ikkje. Det var England som var the shit. Britane kunne produsere skjortar til middags og til kvelds. Og det gald å gripe sjansen til å skaffe seg nye marknader. Fri handel var løysinga, sa britane!

Men dei vart ikkje høyrd.

Friedrich List reiste seg opp. Med litt krumming i ryggen. Så gøyv han laus på britane sin politikk. Dette var jo dobbeltmoral! Tenk å bruke ein masse smarte triks for å bli rike, for så å misjonere for det motsette! Friedrich hadde tenkt på dette ei stund. Han var engasjert. Dette er jo som å klatre opp ein stige, for så å sparke han ned etter seg!

Dette var jo i hine hårde dager, så folk gjekk ikkje av vegen for ein real diskusjon. Britane måtte gi tapt, og både amerikanarane, tyskarane, franskmenna, nordmenna og svenskene stod imot. Dei eina sine styrker mot den økonomiske kongen på haugen, og krevde å få drive økonomipolitikk etter eiget ønskje. Og sånn vart det.

Gjennomsnittlege tollmurer gjennom sentrale land si utvikling (Kjelde: Ha Joon Chang 2002)

Amerikanarane drylte laus med gjennomsnittstoll på over 40 % og tyskarane satsa på samarbeid mellom offentlege og private selskap. Nordmenna krevde å lære av britane som bygde vasskraftverk i våre fjordarmar. Og det vart stor suksess. I løpet av ganske kort tid hadde god taktisk satsing ført til at dei økonomiske toga våre dampa opp på høgde med det britiske. Vi hadde alle saman stått imot presset, og no hadde vi nådd toppen av kransekaka.

Åra gjekk og nordmenn flest vart stadig rikare. Etter kvart fann vi oljen, og innen denne tida hadde amerikanarane rukke å bli skikkeleg høge på strå, med Clint Eastwood, James Dean, månelandingar og mikrobølgeovn. Dei ville stikke sugerøra sine ned i oljebrønnene våre, og snakka vent og vakkert for fritt og flagrande firsprang inn i den nye tida. Ingen hemningar for det svarte gullet!

Petter Northug, er det deg?

Nordmenna var litt meir lunkne. Dei bestemte seg for å stille krav. Innføre skatt. Dei oppretta Statoil. Ferskingselskapet skulle få leike med dei store gutta og lære av dei. Og amerikanarane fikk berre køyre på om dei kjøpte maskiner, tenester, delar og plattformar frå norske skipsverft og bedriftene på kysten. Det var jo ikkje vanvittig populært hos amerikanarane, som innen den tid hadde klart å markere seg som dei nye ridderane i frihandelens teneste.

Men dei måtte gå med på det. Det lille landet Norge stod på krava, og bygde opp ein av dei mest høgteknologiske oljenæringene i verda. Vi krevde å få lære, og vart best i klassen. Pluss latterleg rike.

Vi fikk herje på og brukte ei lang rekkje verktyg for å bli rike. Vi skaffa gode vilkår for det vi allereie var gode på, skapte nye ting som vi blei gode på. Ikkje minst beskytta vi det vi var dårlege på. I Europa køyrde større traktorar på større jorder med større plogar og ein masse subsidier i ryggen. Dei produserte meir enn dei trengte, og bestemte seg for selgje varane til dumpepris andre stadar. Norge beskytta seg. Med toll, reguleringar og subsidiar. Nordmenna sikra seg endatil høve til å kontre eventuell dumping med ein ekstra toll! No burde vel muren vere høg nok.

Norge vart best. Best i alt. Det vart typisk norsk å vere god. Eg meiner, kven andre kan skilte med to iPhonar per tenåring, tre hytter  og to SUV-ar per hushaldning og regjeringskriser om ein partileiar frå Sogn og Fjordane vart sint på ei anna dame frå Sogn og Fjordane?

Liv Signe berre - talk to the hand!

Det var på tide å møte seg sjølv. Dessverre måtte Norge møte seg sjølv i døra.

For kva var det plutseleg Norge kjempa for? Vi byrja snakke om effektivitet. Om at dei nigerianske oljeselskapa ikkje lenger burde få bli med dei norske selskapa som romsterte med sugerøra sine utanfor kysten deira.

Vi vart skeptiske til at andre enn oss skulle bygge murar mot dumpa tomatar, sukker og bomull. Ikkje ein gang midlertidige murar. Ikkje ein hekk heller. Kanskje ein dørstokk, da, så lenge han hadde rampe på begge sider.

Men vi var blitt lei av alle desse inngrepa. Det vi hadde dreve på med tidlegare, det hadde funka da. Men no har det kome ei anna tid. For denne tida var nok det beste… Ja, kva var det beste? Frihandel, nettopp.

Noreg kjempa for å få klatre stigen, og no prøver våre politikarar å trekke han opp etter oss.

I hine hårde dagar var det ein litt kjedeleg tysker som peika på stigen, og fekk han til å stå. Er det nokon som kan fikse skiten i dag?

Skriv under på Changemaker sin kampanje! Norge må slutte å dra opp stigen etter seg!


Dette er ein litt forkorta versjon av handelshistoria som vart framført på SommarSNU i Lofoten 26. juni 2011

Tekst: Johan Nordgaard Hermstad 

Landbruksavtalen – blå boksar og finurlege finesser

David Walker gjorde ikkje jobben sin - det kom ikkje eit utkast til landbruksavtale

Verdas Handelsorganisasjon (WTO) er i ei knipe. Samstundes som dei konkurrerande to-landsavtalane (bilaterale avtalar) poppar opp som paddehattar ligg det – til samanlikning – representative og opne alternativet (det er altså WTO) tilsynelatande i ein klem mellom rike land sine industriinteresser i Sør og fattig land sine landbruksinteresser i Nord.

Vi har i dei siste postane fokusert på industriavtalen, og da er det vel tid for å seie litt om landbruk.

Først må eg berre seie at eg langt frå ein nokon ekspert på landbruksforhandlingane – så om det kjem folk inn på denne bloggen som finn faktafeil eller har noko å tilføye, er det berre å fyre laus i kommentarfeltet!

Avtalen om landbruk (Agreement on Agriculture)

Forhandlingsleiaren, David Walker frå New Zealand, gjorde ikkje leksa si – han leverte ein rapport om ståa, ikkje eit utkast til avtale. Det var ein svær rapport, men desse tinga unngjekk han galant å skrive om:

Marknadstilgang (altså toll)

– Subsidiar

– Eksport-tilskot

Med andre ord dei verkeleg svære greiene. Finurleg. Dei greiene der det er stor avstand mellom (a) rike land med eksportinteresser, (b) rike land med interesse av å importere minst mogleg, (c) fattige land med eksportinteresser og (d) fattige land med interesse av å importere minst mogleg. Alle har sjølvsagt ei gruppe med eit sjølvforklarande namn. G10, G33, G20 (nei, ikkje G20, men G20, vel!) og Cairns group er nokre av desse sjarmerande gruppene.

Eg skjønner på eit vis vår nye venn David Walker, som skal prøve å sameine så ulike folk med så grunnleggjande ulike syn på saka. Samstundes bringer det oss ikkje vidare om alle berre sitt på gjerdet. Vår venn David brukte rapporten sin på i staden å skrive om desse – trass alt ganske interessante – greiene.

Antidumpingtiltak for utviklingslanda

I denne videoen(det er to delar) vert ein flik av urettferda i handelssystemet i dag vist. Anti-dumpingtiltak er eit system som ein kan bruke om landet vert oversvømma av utanlandske varar, dei utanlandske varane vert seld til mindre enn dei kosta å lage (seld med tap) eller varane som vert importert plutseleg droppar ned på eit unormalt lågt nivå. EU og USA vert ofte skulda for å dumpe sine jordbruksvarar på marknadar i land i Sør. Likevel er det no berre eitt system for å skydde seg mot landbruksdumping, og gjett kven som kan bruke det systemet mest!

Japp. Sveits, Noreg og EU. Finurleg.

No forhandlar Verdas Handelsorganisasjon om ein skal sette opp eit nytt system. Eit system som gjer at land i sør kan skydde seg mot dumpa varar frå Nord. USA er strengt tatt meir eller mindre mot, EU er bra skeptisk og Noreg… ja… tja… ingen kommentar? EU og USA er redde for at deira varar skal bli vanskelegare å selje i Sør, men vi – vi sel jo ikkje varar i Sør! Kvifor i alle dagar skal vi da ikkje vere einige i at u-land skal kunne ha den same retten til å skydde seg mot dumping som oss? Som vi ser i videoen, er jo ikkje akkurat dumping av landbruksvarar like øydeleggjande i Noreg som i ei rekkje land i Sør.

Spørsmålet om dette systemet gjorde at heile Doha-runden velta i 2008, rett ved målstreken. Landa er framleis ikkje samde. Changemaker krev i kampanjen vi lanserer til sommaren at Noreg går inn for eit skikkeleg anti-dumpingsystem for u-land! Følg med og skriv under!

No passa det vel med eit bilete av ein tomat? Denne var litt rar, da.

– Fleksibilitetar

Canada, Noreg og Japan er nokre av landa som meiner dei har eit par veldig «sensitive produkt» som dei vil kutte tollen mindre på enn dei må. At ein held eit par få greier på utsida av avtalen, på ein måte. Desse landa vil ha fleire unntak. Denne typen fleksibilitetar er – interessant nok – allereie mykje lettare å få til på landbruksområdet enn på industrivarar. Finurleg.

Vi snakkar om to typer omgrep når det kjem til fleksibilitetar – «sensitive produkt» og «spesielle produkt». «Sensitive produkt» er ein sånn unntaksregel som både u- og i-land kan bruke. Til gjengjeld mot at ein ikkje kutter så mykje som dei skal, må ein auke kvota på import av dette «sensitive produktet».

«Spesielle produkt» er ein unntaksregel som berre dei fattige landa kan bruke. Denne regelen kan ein bruke på fleire produkt enn på «sensitive produkt», ein må ikkje auke importkvota og ein kan halde tollane høgare. Regelen om «spesielle produkt» kan u-landa bruke om det handlar om å oppretthalde busetnadar i distrikta eller sikre mattryggleik og utvikling.

Begge desse fleksibilitetsreglane er dei fleste einige om, men det er ikkje klart kor mange varar ein skal kunne bruke dei på.

Forenkla støtteordningar

Det er mange land som har så avanserte subsidie- og tollordningar at det er vanskeleg for WTO og andre land å vite om det landa driv på med er riktig og at dei har lov til å drive på sånn. Det ligg makt i å tåkelegge, noko spesielt dei rike landa er dyktige til med sitt massive byråkrati. Finurleg. I forhandlingane prøver Walker å dei andre å gå opp ein ny sti – så dette vert enklare.

Blå boks – subsidiar som er veldig veldig lite lov, men likevel lov

I utgangspunktet jobbar Verdas Handelsorganisasjon for å fjerne all toll og alle subsidiar. Men rike land har kjempa seg til å få drive på med sine subsidiar, så lenge dei kan seie at det uansett ikkje har noko å seie for kven som kjøper kva. Det er eit par subsidiar som fungerer slik at det vert veeeeldig vanskeleg å seie at det ikkje skapar ubalanse mellom vestlege bønder og bønder i sør når dei skal konkurrere om å levere mat til mitt og ditt bord. Om ein skal sjå for seg eit lyskryss, får nokre subsidiar grønt lys, andre får gult og desse – desse får raudt lys. No go. Verdas Handelsorganisasjon har faktisk ei sånn inndeling. Bortsett frå at det raude lyset er teken bort. Erstatta med blått. Finurleg.

Er den blå boksen firkanta eller rund? Ingen som veit.

Kva i alle dager er grunnen til det, tenkjer du kanskje?

Jo, det skal eg fortelje deg. Ein skal få lov til å subsidiere bøndene sine så det tyt ut øyrene deira, så lenge ein har veldig strenge grensar for kor mykje dei skal få lov til å produsere. Da påverkar det ikkje marknaden like mykje. Ein lur måte å gjere veldig lite ok greier lettare å svelgje. Sjølv om dei tekniske sidene ved «blå boks» er – nettopp – i boks, er landa framleis ikkje einige om kor omfattande ordninga skal vere. Kven står i bresjen for dette? Du gjetta rett. Noreg og EU. Finurleg.

Tropiske varar og bomull

Det er eit par typar varar som land i Sør er veldig mykje betre til å produsere enn land i Nord. Bananar, mango, ananas, avocado, kokosnøtt og bomull har enno til gode å bli ei überhit på norske jorder. Forstå det den som kan. Likevel er det sånn at eit par av desse varane vert produsert av land i Nord – med saftige subsidiar i tillegg. Veldig lite populært i land i Sør. Eksempel? USA har med sine bomullssubsidiar vorte veldig tøft utfordra av både Brasil og dei fire største bomullslanda i Vest-Afrika («Cotton 4»)

Pyuh! Det var ein liten intro på temaet landbruk i Verdas Handelsorganisasjon. Det har vore litt intro for meg og på ein del av desse tinga, men du verden så spennande!

Vår venn David Walker håpa veldig på å få gode innspel frå dei som har bra backing frå politikarane i heimlandet. Får han det? Noreg er veldig tungt engasjert i landbruksforhandlingane. I førre veke var Pascal Lamy – ja, generaldirektøren i WTO – på kontoret til Jonas Gahr Støre. Støre og Lamy var veldig på hugget for å få til at Doha-runden kjem i mål. Men om det kjem til at Noreg må ofre litt meir for å få ferdig Doha –  kva seier eigentleg Støre da?

Riis Johansen (da han var landbruksminister), Støre og Lamy. Ikkje berre ser dei alle på journalisten, dei var og rivande ueinige i 2007 om norske landbrukssubsidiar er solidariske eller ikkje.

EU på tilbudssida – mogleg semje i industrivarekrangelen?

Jean-Luc Demarty frå EU var verkeleg på "tilbudssida" med sitt forslag på industrivarar.

Før eg gyver laus på detaljane i landbruksavtalen, kan eg melde om at EU har gjort eit forsøk på å løyse opp i industrikonflikten som eg skreiv om for eit par dagar sidan. Dei prøvde på mange måtar å gjere sveitserosten om til ein litt mildare Norvegia – for å vidareføre biletspråket frå den posten. Eller var det det dei prøvde?

Forslaget seier Kina, India og Brasil må kutte meir enn dei eigentleg skal – i følgje vår nye venn den sveitsiske formelen – i sektorar som dei etter kvart har blitt litt for konkurransedyktige. Industrielle maskiner – for eksempel landbruksmaskiner vil EU forby toll på. På ein heil bråte med kjemikaliar krev EU at Brasil og India vert med i ein omfattande reduksjonsavtale. På elektronikk og elektriske maskinar vil EU at dei skumle store utviklingslanda skal fjerne tollen sin – bortsett frå på audiovisuell elektronikk, sjølvsagt. På det området er jo EU avhengig av sjølv å oppretthalde tollvernet – da hadde det jo vore i overkant prinsippfast å fjerne tollen der og!

Litt av eit raust kompromissforslag.

For å oppklare – dei rike landa i ein sånn sektoravtala vert og nøydd til å senke sin toll på områda, men ikkje i nærleiken av så mykje som dei voksande økonomiane.

Så langt har i grunnen dei fleste andre viktige landa vore så kjølig avvisande som ei fjortisjente er til å ete skaldyr eller oliven. Pascal Lamt er positiv, da. Om det teller for noko…

Avtalen om industrivarar – ein sveitserost?

USA meiner det sveitsiske forslaget på industrivarar ser slik ut - fullt av hol

OK – vi er alle einige om at det er litt lite kult å drive og forhandle og forhandle og aldri kome i mål, etter ti år med forhandlingar – seks år på overtid. Ein skulle nesten tru denne gjengen var i trassalderen. Det er dei ikkje – snarare i den andre enden av skalaen, men det kan vi snakke meir om seinare.

Alternativet til trassalder-teorien må vel vere at dette er skikkeleg viktige ting som dei er skikkeleg ueinige om? La oss ta ein nærare titt på eit par forslag som er interessante i eit Changemaker-perspektiv. Vi tek det avtale for avtale – ok?

Avtalen om toll på industrivarar (det meste som kan krype og gå av varar) – Denne avtala heiter NAMA (ikkje spør kvifor)

På dette området er sveitsarane dei visjonære verker det som. Dei har komme på ein nøkkel eller formel for korleis alle skal redusere tollen sin – for det er redusere vi skal (sånn om det nokon sinne var tvil, lissom). Problemet er at amerikanarane spesielt meiner at denne sveitsiske nøkkelen er meir som ein sveitsisk ost – full av hol. Dei meiner at voksande land som Brasil, Kina og India må ta på seg å redusere tollane mykje meir innanfor eit par sektorar – kjemikaliar, elektronikk og industrielt maskineri.

Her er det altså snakk om at spesielt amerikanarane synes det vert gale å slå seg til ro med at i-land skal redusere mykje og u-land ikkje fullt så mykje. Skal dei klare å selje inn avtalen heime, bør dei vise til at det vil gi den amerikanske økonomien eit skikkeleg oppsving. Kva er da meir naturleg enn å gjere det ved å halde dei voksande økonomiane nede?

Og dette kjem frå landet som rett før første verdskrig – det tidspunktet i historia da verda i følgje mainstream historieskriving var nærast frihandel til dags dato –  hadde ein gjennomsnittstoll på 44 % på importere industrivarer. Jepp, du las riktig. 44.

USA var faktisk – i følgje Ha-Joon Chang – det landet i verda som hadde høgast toll på industrivarar av alle gjennom heile 1800-talet og til slutten av 1920-åra, og samstundes den raskast voksande økonomien i verda. Ikkje akkurat eit frihandelparadis. Ja, heilt fram til USA var det rikaste landet i verda, hadde dei eit tollvern som dei veksande økonomiane i dag berre kan drøyme om å få.

Ricardo Meléndez-Ortiz er ein bra kar. Han er sjef for ICTSD - sjappa som gir oss info.

Greit – tenkjer du kanskje – så kranglar dei om det dei alltid har krangla om – toll på varer. Er det ikkje meir?

Du skulle berre visst.

I heimeleksa si til før påske, skriv forhandlingsleiaren Luzius Wasescha om ganske mykje anna. Han unngår eigentleg ganske galant å gå inn på dei kinkige greiene eg har skreve om over.

I staden skriv han om noko anna: dei handelshindringane som ikkje er toll og avgift. Såkalla «non-tariff barriers» (NTB – har det ikkje ei eiga forkorting er det ikkje verd å prate om, ass) Hæ?

Desse «ikkje-tariff-barrierane» handlar om sånt som krav til merking, krav om at ditt og datt skal vere med for at ein skal kunne importere produktet, om masse tekniske greier som kan bidra til å stenge konkurrerande land sine produkt ute av marknaden sin. Og dette er det jo vanvittig mange av. Jungelen av sånne tekniske krav til eit produkt er så stor at det er masse forskjellige avtalar om ulike aspekt av «ikkje-tariff-barrierane».

Men no pratar vi om det som vår nye venn Luzius Wasescha driv og forhandlar om. Han skriv mellom anna om tre forslag folk har blitt nesten einige om.

– Eit system som gjer at det vert lettare å skaffe oversikt over kva andre har av tekniske krav og hinder for greiene som skal inn på deira marknad.

– Eit system som gjer at det vert lettare å løyse opp i småkranglar om denne typen tekniske krav og hinder.

– Eit (hald deg fast) system som innfører litt meir generelle reglar for merking av produkt.

I tillegg har han ein god del andre mindre sånne tekniske ting som han syslar med, og som han kjem til å halde fram med å sysle med. Det større spørsmålet om Kina, India og Brasil sin industritoll – det er det dei store gutta som må ta seg av å kome med forslag på.

Eg trur det var det på avtalen om industrivarer – følg med på oppdateringa på korleis det går på landbruksområdet! Vert det gjennomslag for eit av Changemaker sine kampanjekrav i denne runden? Du verden, så spennande.

...og Luzius bare: "waschera'?"

«Reinvigorate», sveler og Pascal Lamy – ein potpurri

Denne fotografen har bomma litt. Jaja - Susan Schwab nede til venstre.

Til og med Pascal Lamy seier forhandlingane nok ein gong er «on the brink of failure«. Og det kjem frå ein kar som gir kunne vore hovudpersonen i denne eller denne songen.

Skal ein tru ekspertane – og det skal ein jo – er Doha-runden allereie daud. Susan Schwab er ein av ekspertane. Ho var USA sin handelsrepresentant (nesten handelsminister – men likevel ikkje) under Bush. I ein artikkel i Foreign Affairs serverar ho denne svela av eit fråsegn på slutten:

«Doha may be dead, but by accepting what everyone knows and no one wants to admit, the world can actually reinvigorate and strengthen the multilateral trading system.»

Eg synes det er godt sagt, eg (bortsett frå at reinvigorate er eit litt rart ord). Ho og stadig fleire argumenterer for å avslutte nokre avtalar i løpet av året, og la nokre ligge. Det kan vere bra på mange måtar – men det kan og svekke det tydelege utviklingsperspektivet som (trass alt) ligg til grunn for denne «Doha Development Agenda»-runden. I dei neste bloggpostane om Verdas Handelsorganisasjon kjem eg til å gå litt meir inn på kva som eigentleg dei kranglar om, så kan vi jo saman etterpå gjere oss opp ei meining – full pupp og diger avtale, eller «soft landing» og delavtale.

Vent no litt! – tenkjer du kanskje. Kva med møtet på fredag? Kom det ikkje noko ut av det? Blir det ministermøte i sommar? Har eg tenkt å la det møtet gå forbi utan merksemd? Beint fram sensur? Åneida. Det har eg ikkje. Men etter ei kvalifisert vurdering (så kvalifisert du får det frå mi side) kan eg rapportere at følgjende framgang og konkrete resultat kom ut av møtet på fredag:

NADA!

Så ei oppklaring frå førre bloggpost. Eg har fått tilbakemeldingar kring bruken av ordet «vriompeis», og det har vore reist tvil om det ikkje heller skulle stått «vrienpeis» – i og med at det er vriene folk som gjerne får den slags uttrykk slengt etter seg. Etter ein kjapp ordboksjekk held eg fast ved bruken av ordet «vriompeis», samtidig som eg går med på at ordet og kan bety heilt andre ting.

Ein ekte vriompeis (Jøtul F373)

Grøn hatt på «green room»?

Er det masse plantar på eit "green room"?

I dag er det heftige møter på gang. Dei går føre seg på såkalla «green rooms». Det er eit anna ord for bak lukka dører. Kor ein berre slipp til om ein er spesielt invitert. Skal vi vere realistiske, utgjer nok EU, USA, Brasil, Kina og India kjernen i gjengen. Dei kule som får henge på det grøne rommet!

Tidlegare ville ikkje WTO innrøme at det gjekk føre seg møter i «grøne rom». Den slags hemmeleghald og lurendreieri har dei gitt seg med no. Takk og lov.

Ikkje for det – vi veit framleis ikkje kva dei pratar om der bak døra. Men vi har eit par mistankar:

For i morgon er det møte. Da skal vår venn Pascal Lamy (han der generaldirektøren i Verdas Handelsorganisasjon) legge fram sin plan for å få i land denne forhandlingsrunden – Doha-runden som vi alle har blitt så glade i. Planen for å fikse sakene i år. «Wrap it up» og så bortetter.

Men det er mange som ikkje trur noko særleg på denne planen. Ting er litt på skakke – om du vil. USA er eit av fleire (men som alltid det mest høglytte) rike land som krev at Brasil, India og Kina skal gå med på å senke tollvernet sitt mykje meir. Og dei nektar plent, så lenge rike land ikkje er interesserte i å gi opp meir av subsidieringa og vernet av bøndene sine. Vriompeisane.

Er sånne grøne rom sparsommeleg møblert, tru?

Kan du sjå det for deg? Det er kanskje ikkje toppstemning i det grøne rommet desse dagane. Får håpe det er ein fresh farge i alle fall.

Sånn dårleg stemning har det vore lenge, men no er det eit par folk som har tatt bladet frå munnen. Dei har nemleg tatt på seg sin grøne hatt – vore litt kreativ – og lansert tanken om ei såkalla mjuk landing av denne Doha-runden. Mjuk landing – spør du kanskje? Kva i alle dagar skal det bety?

Du skjønner det at vanlegvis når WTO vedtek noko, så vedtek dei alt på ei gong! Heile sulamitten. Så om dei er einige om til dømes avtalen om antidumpingstiltak eller fiskerisubsidiar, så må dei pent vente til kranglebøttene i landbruk har blitt einige til dei kan skrive under. Litt tungvint, kanskje, men det gjer at ein fram til det siste kan byttehandle sånn at til dømes USA får viljen sin på landbruk mot at Kina får litt ekstra på – sei antidumpingstiltak. Veldig smart!

I utgangspunktet.

Men no står alt i ro, og på dei grøne romma er det kanskje på tide å bli einige – eller å ta på seg den grøne hatten for å tenkje nytt.

Kor er eigentleg usemja i Verdas Handelsorganisasjon? Kva er det eigentleg dei kranglar om? Vil Doha-runden gå heile vegen gjennom i år? Vil det bli ei «mjuk landing»? Vert det kanapear og ministermøte i sommar? Kjem alle frå USA til å gå kring med grøne flosshattar på møtet i morgon? Følg med vidare!

Nyoppussa "grønt rom"?