TRIPS

Avtalen om industrivarar – ein sveitserost?

USA meiner det sveitsiske forslaget på industrivarar ser slik ut - fullt av hol

OK – vi er alle einige om at det er litt lite kult å drive og forhandle og forhandle og aldri kome i mål, etter ti år med forhandlingar – seks år på overtid. Ein skulle nesten tru denne gjengen var i trassalderen. Det er dei ikkje – snarare i den andre enden av skalaen, men det kan vi snakke meir om seinare.

Alternativet til trassalder-teorien må vel vere at dette er skikkeleg viktige ting som dei er skikkeleg ueinige om? La oss ta ein nærare titt på eit par forslag som er interessante i eit Changemaker-perspektiv. Vi tek det avtale for avtale – ok?

Avtalen om toll på industrivarar (det meste som kan krype og gå av varar) – Denne avtala heiter NAMA (ikkje spør kvifor)

På dette området er sveitsarane dei visjonære verker det som. Dei har komme på ein nøkkel eller formel for korleis alle skal redusere tollen sin – for det er redusere vi skal (sånn om det nokon sinne var tvil, lissom). Problemet er at amerikanarane spesielt meiner at denne sveitsiske nøkkelen er meir som ein sveitsisk ost – full av hol. Dei meiner at voksande land som Brasil, Kina og India må ta på seg å redusere tollane mykje meir innanfor eit par sektorar – kjemikaliar, elektronikk og industrielt maskineri.

Her er det altså snakk om at spesielt amerikanarane synes det vert gale å slå seg til ro med at i-land skal redusere mykje og u-land ikkje fullt så mykje. Skal dei klare å selje inn avtalen heime, bør dei vise til at det vil gi den amerikanske økonomien eit skikkeleg oppsving. Kva er da meir naturleg enn å gjere det ved å halde dei voksande økonomiane nede?

Og dette kjem frå landet som rett før første verdskrig – det tidspunktet i historia da verda i følgje mainstream historieskriving var nærast frihandel til dags dato –  hadde ein gjennomsnittstoll på 44 % på importere industrivarer. Jepp, du las riktig. 44.

USA var faktisk – i følgje Ha-Joon Chang – det landet i verda som hadde høgast toll på industrivarar av alle gjennom heile 1800-talet og til slutten av 1920-åra, og samstundes den raskast voksande økonomien i verda. Ikkje akkurat eit frihandelparadis. Ja, heilt fram til USA var det rikaste landet i verda, hadde dei eit tollvern som dei veksande økonomiane i dag berre kan drøyme om å få.

Ricardo Meléndez-Ortiz er ein bra kar. Han er sjef for ICTSD - sjappa som gir oss info.

Greit – tenkjer du kanskje – så kranglar dei om det dei alltid har krangla om – toll på varer. Er det ikkje meir?

Du skulle berre visst.

I heimeleksa si til før påske, skriv forhandlingsleiaren Luzius Wasescha om ganske mykje anna. Han unngår eigentleg ganske galant å gå inn på dei kinkige greiene eg har skreve om over.

I staden skriv han om noko anna: dei handelshindringane som ikkje er toll og avgift. Såkalla «non-tariff barriers» (NTB – har det ikkje ei eiga forkorting er det ikkje verd å prate om, ass) Hæ?

Desse «ikkje-tariff-barrierane» handlar om sånt som krav til merking, krav om at ditt og datt skal vere med for at ein skal kunne importere produktet, om masse tekniske greier som kan bidra til å stenge konkurrerande land sine produkt ute av marknaden sin. Og dette er det jo vanvittig mange av. Jungelen av sånne tekniske krav til eit produkt er så stor at det er masse forskjellige avtalar om ulike aspekt av «ikkje-tariff-barrierane».

Men no pratar vi om det som vår nye venn Luzius Wasescha driv og forhandlar om. Han skriv mellom anna om tre forslag folk har blitt nesten einige om.

– Eit system som gjer at det vert lettare å skaffe oversikt over kva andre har av tekniske krav og hinder for greiene som skal inn på deira marknad.

– Eit system som gjer at det vert lettare å løyse opp i småkranglar om denne typen tekniske krav og hinder.

– Eit (hald deg fast) system som innfører litt meir generelle reglar for merking av produkt.

I tillegg har han ein god del andre mindre sånne tekniske ting som han syslar med, og som han kjem til å halde fram med å sysle med. Det større spørsmålet om Kina, India og Brasil sin industritoll – det er det dei store gutta som må ta seg av å kome med forslag på.

Eg trur det var det på avtalen om industrivarer – følg med på oppdateringa på korleis det går på landbruksområdet! Vert det gjennomslag for eit av Changemaker sine kampanjekrav i denne runden? Du verden, så spennande.

...og Luzius bare: "waschera'?"

Nikke-priviligerte kinesarar?

Vi får lov til å nikke, smile og snakke med delegasjonen i Geneve. Bilde: WTO

Når vi og Flip-Ovar ikkje leikar, bruker vi tid på å bearbeide desse inntrykka:

  • Det er ein heil del folk her som snakkar om ein avtale om handel med klimavennlege varar og tenester! Det kan hende at det berre er fordi det er ein gjeng med idealistar, men fytti fytti så flott det hadde vore om ein tek inn klimatiltak i Verdas Handelsorganisasjon! Land i Sør er generelt skeptiske, da.
  • Indarar som les litt fort og monotont + manuskript med masse vanskelege ord og forkortingar = tunge augelokk, for å seie det sånn.
  • Det er ikkje nokon fasit på kva som er best for fattige bønder i Sør som lever på sjølvberging. Er det beskytting? Bistand? Infrastrukur? Liberalisering så dei kan kome på vestlege marknadar? Det er rett og slett så hinsides mange folk i så mange forskjellige samanhengar og utgangspunkt for å drive handel.
  • Det er ikkje kult å dra på WTO-konferanse med tilgangskortet på hotellrommet.
  • Patentrettar og måtar å tene pengar på kunnskap kan ikkje vere eit mål i seg sjølv, men heller vere eit av mange verktøy ein brukar for å skape innovasjon.
  • Franskmenn og sveitsarar har forbetringspotensiale på engelsk, og vi på fransk.

Det er ikkje kvar dag at ein får henge på seminar med professorar, NGO-leiarar, diplomatar og parlamentarikarar og diskutere og lære om Verdas Handelsorganisasjon. Sjølv ikkje for nordmenn, og vi er vel i utgangspunktet svinaktig heldig som får lov til å kome så nær viktige aktørar som vi gjer.

I dag var eg på eit seminar kor det var ein kineser i panelet, mr. Zhang Xiangchen. Det verka ikkje akkurat som at han var innstilt på å utlevere så mykje av kva dei kinesiske leiarane tenkjer. Han unngjekk konsekvent all frilynt analyse, all spekulasjon og var generelt heilt rett gjennom kjedelegare enn femmila i klassisk med individuell start. Han svara heller ikkje på spørsmåla frå salen som gjekk på å vere open og gi informasjon til forskarar om mattryggleik.

Denne karen er ikkje så open for innspel at det gjer noko

Det er mange som snakkar om USA og Kina her. Da vert det spesielt synleg korleis det nesten ikkje er ein fjert av kinesarar her. Det er folk frå alle stader i verda her, men det er tydeleg at debattpanela vert prega av folk frå Europa, USA, India og Latin-Amerika. Land med tradisjon for debattforum for utveksling og utfordring av standpunkt.

Vi er sanneleg ganske heldige, som kan stille spørsmål, kome med innspel og krav til våre folk. Vi går kring og nikkar på ein litt klein måte med den faste norske forhandlingsdelegasjonen.

Det er flott. Eg meiner, kor mange kinesarar kan gå kring og nikke til delegasjonen sin?

Takk, WTO Public Forum, for nikkinga!

Ikke for det, vi pratar med dei og, altså.

Litt.

Klimaproteksjonisme

Jeg er på plass i Geneve for å følge med på ministermøtet i WTO. Her ønsker jeg å lære mer om sammenhengen mellom klimaforhandlingene og WTO-forhandlingene. Klimakonvensjonen (UNFCCC) bygger på det ekstremt viktige prinspippet om felles med differensiert ansvar. Alle land har et ansvar for å redusere global oppvarming, men de rike landene som har sluppet ut mest og som har økonomisk kapasitet skal ta den største delen av ansvaret. Dette prinsippet trues nå av to forhold: skattlegging av karbon og subsidering av klimavennlig teknologi. Klimaproteksjonisme truer utviklingslandenes mulighet for handel og utvikling.

På handel med en del varer har mange utviklingsland offensive interesser. Høye tollmurer og subsidiering av varer blir deregulert i WTO, mot en friere handel. Dette er også utviklingslandenes interesser fordi man ønsker økt markedsadgang. Det har i alle år vært store diskusjoner om proteksjonisme, beskyttelse av egne markeder, i WTO. I forbindelse med klimaforhandlingene dukker det nå opp en ny type proteksjonisme. Skatt på importvarer etter hvor stort «karbonfotspor» de etterlater, såkalt karbonskatt, gjør at prisen på karbonintensive varer stiger, og mer miljøvennlige varer blir favorisert. I tillegg kommer muligheten til å subsidiere miljøvennlig produksjon. Karbonskatt og subsidiering av miljøvennlig produksjon har vært et krav fra industrien i de rike landene for at ikke omleggingen av industrien mot mer miljøvennlig produksjon skal koste for mye og dermed føre til konkurransefortrinn for mer  forurensende produksjon. I et klimaperspektiv høres jo dette bra ut.

Men, i følge klimakonvensjonen skal ikke utviklingslandene få like store byrder i kampen mot global oppvarming som de rike landene. Når markedet får muligheten til å favorisere miljøvennlige varer fremfor mer forurensende varer, tvinger dette utviklingslandene til å måtte produsere miljøvennlig for å kunne ha det samme konkurransefortrinnet som de rike landene har. Utviklingslandene har ofte ikke samme mulighet til å benytte seg av denne teknologien, gjerne fordi den er patentert i rike land. For at utviklingslandene skal kunne henge med på nye markedskrav må de altså betale en hel del likevel. Slik blir byrden skjøvet fra rike land og over på utviklingslandene. Rike land kan også bruke klimaargumenter som unnskyldning for proteksjonisme.

Dette bekymrer mange utviklingsland og NGO’er her i Geneve. Hvordan kan vi løse dette? Det er helt klart at vi må legge om produksjon av varer til å bli mer miljøvennlig. Men vi må også sikre fattige menneskers rett til utvikling. Skaper vi barrierer for handel for utviklingslandene, kan det ha katastrofale følger for utviklingslandene.

Ett er sikkert: teknologioverføring er helt nødvendig. De rike landene har majoriteten av patenter på miljøvennlig teknologi. Patenter øker prisen på varer. En unntaksklausul for overføring av miljøvennlig teknologi lik den for medisiner må på plass. Det er helt nødvendig for at vi skal få en effektiv klimaavtale som samtidig sikrer fattige menneskers rett til utvikling.

Se også South Center’s bulletin