Forfatter: ljcoolf

Regjeringens klimatruverdigheit står på spel

Regjeringa viser sitt sanne ansikt i klimapolitikken når klima- og miljøminister Tine Sundtoft annonserer at regjeringa ønsker å flytte iskanten lenger nordover samtidig som olje- og energiminister Tord Lien annonserer at regjeringa utlyser 54 blokker for oljevirksomheit i Barentshavet.

Saken er imidlertid ikkje avgjort då definisjonen av iskanten skal behandles i Stortinget til våren. Hvis dei nye grensene for iskanten vert nedstemt, kan opptil fleire blokker som Lien utlyste tirsdag, verte tilbaketrekt.

Iskanten defineres som grensen for områder der det er meir enn 30% sannsynligheit for sjøis i april månad. Oljeboring nord for iskanten eller i områder nær iskanten vert rekna som eit miljømessig sjansespel pga dei potensielt øydeleggjande konsekvensane for økosystema i sjøen og dyre- og fugleliv. Å flytte iskanten lenger nordover for å tillate oljeboring lenger nordover er å spele hazard med jordas bærekraft då dette kan vere det første steget mot å flytte iskanten enno vidare nordover og opne Arktis for oljeboring. Changemaker meinar at oljeboring i Arktis kan få katastrofale konsekvensar for natur og miljø og er difor imot ei slik utvikling.

Det er imidlertid ikkje berre miljømessige hensyn som taler imot regjeringas framferd for oljeutvinning nordover. Det knyttes også stor økonomisk usikkerheit til lønnsomheita til desse nye oljeområdene pga. den lave oljeprisen. Hvis regjeringa har som mål om å bidra til at verda held seg innanfor togradersmålet, så vil prosjekt som krev ein oljepris på over 90 dollar fatet ikkje bli bygd ut. Avskrivningsreglane som bl.a omfattar leiterefusjonsordnina, gir oljeselskapa refusjon frå staten av 78% av kostnadane knytta til leiting etter olje. Grunnen til at staten kan ha ein slik refusjonsordning er at dei ventar å gå i overskudd når oljeprosjekta er realisert og inntekter blir gitt tilbake til staten i form av direkte inntekter og skatt. Utlysninga av blokkene i Barentshavet kan i desse tider med lav oljepris vere svært risikofylt med tanke på at manglande realisering av prosjekta til oljeselskapa vil føre til at staten vil gå i store tap fordi dei ikkje får dekt inn kostnadane til refusjonsordningen.

Pga. den store olje- og gassproduksjonen vi har hatt i Noreg sidan 1970-talet har Noreg eit betydeleg ansvar for den globale klimakrisa. Changemaker meinar difor at regjeringa gradvis bør redusere tempoet i olje- og gassutvinninga. Utlysning og opning av nye oljefelt må skje på bakgrunn av eit miljøfagleg grunnlag og med forsikring om trygg økonomisk risiko. Utlysninga av den 23. konsesjonsrunden som Tord Lien annonserte denne veka, har ikkje skjedd med forankring i desse to faktorane. Summen av antall blokker som vart utlyst er også så stort at det viser at regjeringa ikkje vier merksemd til den globale klimautfordringa som særleg dei rike landa har eit ansvar for. Regjeringa viser her ingen hensyn til at denne utvinninga kjem til å ramme dei fattigste landa hardest. Changemaker meinar at 2/3 av alle verdas fossile reserver må verte liggjande under bakken, og er i utgangspunktet mot og opne nye områder for petroleumsverksemd.

Regjeringa viser med dette taktskiftet i oljepolitikken at dei ikkje bryr seg nevneverdig om målet om å kutte utslippene med 30 prosent innan 2020. Ei slik massiv satsing i Barentshavet vil gjere det vesentlig verre å nå dette målet. Alt dette kokar ned til at regjeringa ikkje er villige til å ta sin del av ansvaret for å løyse klimakrisa. Dette kjem i sterk kontrast til Noregs brobyggjarrolle i dei internasjonale klimaforhandlingane der dei har fått ein framskutt posisjon med høge ambisjonar for den globale klimaavtalen i 2015. Det er paradoksalt at Noreg nyter ein relativt stor grad av tillit i desse forhandlingane, når dei på heimebane tilsynelatande prøver å pumpe opp så mykje olje som mogleg. Det er merkeleg at svært få internasjonalt ser ut til å gjennomskue Noreg sin dobbeltmoral i klimapolitikken.