Solhjell må hindre utvatna Kyoto-avtale!

Utviklingslanda stillast ovenfor eit groteskt dilemma. Ei avtale under FN er deira einaste håp, men no tvingast dei til å akseptere katastrofale klimaendringar. Det ryktast at Solhjell er på gli..

Foto: Gaute Gaarder/Regnskogfondet.

Foto: Gaute Gaarder/Regnskogfondet.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og Brasils klimaminister Luiz Alberto Figueiredo har rolla som meklarar i forhandlingane om andre forpliktingsperioden av Kyoto-avtalen. Av den grunn har Solhjell ei heilt sentral rolle i forhandlingane.

På dette tidspunktet er det dessverre ikkje forventa at landa som forhandlar er villige til å forplikte seg til høgare utsleppskutt i perioden 2013 til 2020 enn det som allereie er signalisert. Av den grunn treng vi mekanismar for å kunne auke ambisjonsnivået før 2020.

I forhandlingsteksten til Kyoto-avtalen ligg det to alternativ for gjennomgang av ambisjonsnivået i løpet av tida fram mot 2020. Alternativa som står mot kvarandre er:

  1. Bestemmer at rike land ‘skal’ auke sine forpliktingar om utsleppskutt.
  2. Inviterar rike land til å ‘vurdere’ å auke sine forpliktingar om utsleppskutt.

Norges forhandlarar har gjennom heile prosessen sagt seg einige i alternativ 2. Dette er lite ambisiøst!  Slik sett vert forhandlarane frå utviklingsland tvungne til å gå med på ei avtale som vil koste menneskeliv i sine heimland, utan stort sett mer tilbake enn et håp om at framtidige avtaler kan kunne kome til å bli betre. At det skulle vere ‘muligheiter’ om å rapportere inn auka ambisjonar skulle jo berre mangle..

Gitt dei låge forpliktingane om utsleppskutt rike land er villige til å ta på seg i Doha og konsekvensane dette har for fattige land, må Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell gå inn for at land innan gjennomgangstidspunktet for Kyoto-avtalen ‘skal’ auke sine forpliktingar om utsleppskutt.

Det ryktast at Solhjell er på gli..

Advertisements

2 comments

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s