Ad fontes

Realitetane er slåande! Klimaforhandlingane står stille på mange område og enkelttema vert i liten grad diskutert, likevel veit vi kva forhandlarane må levere ei rettferdig og ambisiøs klimaavtale. Eg prøvar å gje nokre av svara.

Robin Hood-aksjonSlik situasjonen er i dag, utan ambisiøse målsetjingar for utsleppskutt, er vi på veg mot ei verd der gjennomsnittstemperaturen vil stige med minst fire grader, samanlikna med den før-industrielle nivået. For å sikre at ein oppnår målet om å hindre meir enn to graders oppvarming, og for å sørge for at dei fattigaste landa har muligheiter til å tilpasse seg dei klimaendringane to graders gjennomsnittleg oppvarming vil gje, er det eit sterkt behov for nye finansielle midlar for klimatilpassingsprosjekt og utsleppsbremsande tiltak i utviklingsland.

I forkant av etableringa av det Grøne Klimafondet i Durban, var eit av dei viktige utfalla av København-møtet at rike land, samla sett, sa seg villige til å setje av 100 milliardar dollar årleg til klimafinansiering frå og med 2020. Halvparten er tenkt skal gå til utsleppsbremsande tiltak, og halvparten skal gå til klimatilpassingstiltak i utviklingsland. 

Å nå dette målet er viktig, men sidan København har nye rapportar vist at denne summen ikkje er nok til å sikre at utviklingsland har muligheita til å tilpasse seg klimaendringar. Budsjettoverføringar frå rike land må spele ei sentral rolle. Men grunna at rike lands samla mål om å setje av midlar til klimafinansiering ikkje har resultert i at enkeltland har vore villige til å uttale kor stor mykje pengar dei er villige til å setje av og forplikte seg til dette, kan vi ikkje sjå vekk frå andre kjelder for finansiering av klimatiltak bør studerast.

Slike nye kjelder til klimafinansiering bør vere av ein slik karakter at dei har stort potensiale til å få inn midlar og at dei er i samsvar med prinsippet om at land har ulikt ansvar for og ulike økonomisk kapasitet i møte med klimaendringane. Av den grunn bør nye midlar kanaliserast til land der behovet for desse er størst. I tillegg burde ikkje inntekter til det Grøne Klimafondet genererast på ein måte som er i strid med fattige lands rett til utvikling.

Under følger nokre døme på offentlege innovative kjelder for å sikre klimafinansiering:

Skatt på internasjonale finanstransaksjonar. Ein liten skatt på internasjonale finanstransaksjonar kan generere store inntektsstraumar. Så lang er det vedteke at ein slik skatt skal innførast i tolv EU-land. Det trengst at minst 25 prosent av inntektene allokerast til det Grøne Klimafondet. I tillegg bør ein slik skatt etablerast i fleire land.

Internasjonal skips- og luftfart. Internasjonal skips- og luftfart er store og rasktveksande kjelder til klimagassutslepp. Det å setje ein pris på utslepp kan vere måte å redusere utsleppa i sektoren på og kan gjennomførast på ein måte som er sikrar at land med lågt historisk ansvar og økonomisk kapasitet vert regulert mindre stramt. I tillegg kan ein slik mekanisme generere store inntektsstraumar til klimatiltak i utviklingsland.

Inntekter frå offentlege karbonmarknadar. Heller enn å dele ut utsleppskvotar gratis, slik dagens praksis i EU klimakvotehandelssystem er, bør ein stor del av kvotane i dette og andre klimakvotehandelssystem auksjonerast. Inntekter frå auksjonering av kvotar bør tildelast det Grøne Klimafondet.

Desse døma på innovative kjelder for klimafinanseing bør ikkje etablerast på bekostning av budsjettoverføringar frå dei rikaste landa.

Advertisements

4 comments

  1. Bra innlegg om den finansielle sida av klimautfordringane! Det er berre ein liten ting eg er ueinig i her. Auksjonering av klimakvoter tykkjer eg er ein dårleg idè. Mange mindre verksemder er avhengige av utslepp for å fortsette aktiviteten sin. Skal dei største selskapa med mest kapital stikke av med endå fleire kvotar, så andre må leggje ned? Vi må finne andre måtar å fordele kvotane på. Eg veit ikkje kva som vil vere den beste måten, men eg trur ikkje meir kapitalisering er vegen å gå!

  2. Veldig bra innspel, Åsmund. Og eg er tildels einig.

    I EUs kvotehandelssystem er tanken å over tid ha ein prosess der ein fasar ned (men ikkje fullstendig ut) gratisutdeling av kvotar, og at desse vert auksjonerte ut i takt med at utsleppstaket reduserast.

    Formålet er at sektorar som er særleg er særleg sårbare eller utsatt for konkurranse frå bedrifter utanfor kvotemarkedet i større grad skal tildelast gratiskvotar i tida framover, altså at det ikkje er like mange kvotar i desse sektorane som blir auksjonerte ut. Dette for å unngå at selskap flaggar ut til område utan klimaregulering. Ein konsekvens kan då vere auka totale utslepp.

    Generelt synest eg at det er positivt at ein i større grad baserar seg auksjonering heller enn utdeling av kvotar gratis. Såleis vert selskapa meir ansvarleggjorde for sine utslepp; desse får ein pris. Insentiva til teknologisk forsking og utvikling vert høgare, kostnadane ved å etablere seg i markedet lågare for nye bedrifter, og inntektene frå auksjonering kan brukast til å finansiere klimatiltak i utviklingsland.

    Eg håpar dette svarte på innspelet! 🙂

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s