Borte bra, men heime… tja

Som nordmenn her på klimaforhandlingane i Durban får me ofte høyra utsagn som: «Norge er mitt favorittland! Dei gjer jo alt rett i forhandlingane!», eller «De har vel ikkje så mykje å gjera her, sidan forhandlarane dykkar uansett er blant dei mest progressive i forhandlingane». At det ikkje er noko å utsetja på Norge i klimaforhandlingane, er ei overdriving. Men det er inga tvil om at Norge er blant dei landa i Nord som gjer mest for å redda klimaet vårt. Dette blir det lagt merke til.

Fryd og gammen i møtelokala...

Eit anna faktum ved Norges klimapolitikk som det nå blir lagt merke til, er gapet mellom politikken me fremjer i Durban og den me faktisk fører på heimebane. I gårsdagens utgåve av ECO, Climate Actrion Networks internavis her på klimaforhandlingane, blir det satt fokus på denne dobbeltmoralen (les teksten her). Norge har lova å kutta 30–40% av sine klimautslepp innan 2020, og at to tredelar av kutta skal gjerast i Norge (ein skulle tru det ikkje går an å kutta norske utslepp i utlandet, men det går faktisk annMagisk…). Problemet er at det skjer svært lite. Me har ingen konkrete planar for koss me skal nå desse måla. Klimameldinga blir utsatt og utsatt.

Med andre ord, også i Dubran skin det etter kvart gjennom at Norge ikkje er den superklimanasjonen som mange har inntrykk av. Det er på tide at Norge begynner å handla i tråd med sine eigne ord. Når Norge ber andre statar om å forplikta seg til ambisiøse utsleppskutt, må dei sjølv visa at dei har vilje til å gjennomføra sine eigne mål. Det finst ikkje noko som er meir øydeleggjande for eit lands truverdighet i forhandlingane enn at det sjølv ikkje gjer det som må til på heimebane, skriv ECO.

 

...ikkje fullt så bra heime.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s