COP det gode håp?

Her kjem eit lite Hei! frå Durban i Sør-Afrika. Eg (Jon) og Maja kom til durban for eit par dagar sidan for å delta på COP17. COP-møtet er FNs årlige møte der medlemslanda prøver å bli einige om ei løysing på klimautfordringane. Kjem årets møte til å bli COP det gode håp?

Me kom til Sør-Afrika flygande, 30 000 fot oppe i veret, i eit toetasjars British Airways-fly. Under oss var det afrikanske kontinentet mørkare enn stjernehimmelen over oss, noko som sto i sterk kontrast til det spektakulære nettverket av lyspunkt og lysårer me kunne sjå frå flyet over heile Europa. Med durande klimaanlegg, og amerikanske filmar på teveskjermane, susa me over Afrika med stadig påfyll av tea with milk, and please let me know if you need something more, Sir.

Kor vil eg så med dette? Jo: Dette syner så altfor tydelig kvifor klimaendringane er urettferdige og kvifor ei rettferdig klimaavtale er nødvendig. Dei rike landa har det historiske ansvaret for klimaendringane. Frå flyet kunne me tydelig sjå at det var her energiforbruket og bilbruken var størst. Over Afrika var det svært lite lys å sjå. Då er det urettferdig at det er nettopp dei fattige landa som blir hardast ramma av klimaendringane.

Maja og eg kjem til å blogga ein del her frå COP17 dei neste to vekene. Seinare i dag kjem det litt meir info om koss dag éin på forhandlingane har vore, med bilder og det heile. Følg med, følg med!

Og kommenter og spør gjerne! Det likar me!

Legg igjen en kommentar