Kva skjer med stigen? Norsk handelspolitikk i grøfta

Norsk handelspolitikk i grøfta? Dette er da ein brannbil!

Norsk handelspolitikk har køyrd seg ned i grøfta. Grøfta heiter nasjonale interessar, og norske handelspolitikarar har nesa si så langt gravd nedi der, at dei treng å bli trekt opp.

Ikkje misforstå. Eg seier ikkje at norske politikarar som forhandlar fjern og nær (mest i Geneve) ikkje skal prøve å sørge for at norske selskap kan nå nye grupper med sine produkt og tenester. Skape arbeidsplassar i landet vårt. Å be politikarane slutte å forhandle for vårt eiget beste vert rart. Det er jo den andre grøfta. Det er ikkje sånn det fungerer.

Samstundes – kven er han som sitt på andre sida av forhandlingsbordet? Representerar han ikkje millionar av folk, han og? Folk som ikkje bur i verdas beste land. Som slit. Som kjempar innbitt om arbeidsplassar eller prøver å konkurrere på den lokale marknaden med europeiske dumpa tomatar?

Når det kjem til ganske mange av dei landa vi forhandlar med (kjempar mot), er det faktisk dei same folka som vi kvart år donerar millionar av kronar i bistand til. Vi vil jo ikkje at dei skal vere fattige! Berre at dei ikkje at dei skal bli gode på det vi er gode på – konkurrere på like vilkår.

Når tåpeleg byungdom seglar av vegen, kjem trivelege folk til for å hjelpe og gi gode råd.

Ein skal ikkje langt tilbake for å vere i ei tid da Norge var eit av dei fattigaste landa i Europa. Da skulle vi ta igjen dei andre. Bli like gode som dei på det dei var gode på. Da dreit vi i kva dei sa – i sin nasjonale interesse. Og så stilte vi krav til selskapa som investerte her. Sørga for at kunnskap blei. Beskytta oss med toll og sånt – på produkta som var viktig for oss. Og vi vart rike.

Den politikken er prisa i dag. Stor suksess.

Det einaste problemet er at vi no har køyrd oss ut i grøfta. Vi ser ikkje at vi no prøver å gjere det dei rike landa prøvde å gjere mot oss. Vi prøver å ta frå dei fattige landa moglegheiten til å bruke aktiv næringspolitikk. Vi har klatra opp stigen, og trekk han opp etter oss.

Per Arne er ein bra kar

Kampanjebilen vår, Stig (nettopp – ein stigebil!), sklei ut i grøfta i dag. Bremsene forsvann. Ein veldig triveleg familie og bilbergingskaren Per Arne hjalp til. Dei trakk han ikkje over i den andre grøfta, men fekk han opp på vegen – i midten.

No er det Changemaker sin tur. Stigekampanjen startar på SommarSNU i Lofoten til helga! På tide å gjere som Per Arne, la oss hjelpe norske handelspolitikarar opp av grøfta!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s