Börjar med att jag slog tillbaka

 Kva kan ein rappar som Timbuktu tilføye klimaforhandlingane i Cancún?

Eg vel å ta turen tilbake til 2005 når eg skal prøve å gje eit inntrykk av forhandlingstilstanden i Cancún. Den svenske og framleis turnerande Timbuktu illustrerar tidvis stemninga i forhandlingssalane godt i ei av sine låtar. Eg tek meg fridomen til å gje att delar av teksten:

Skjuter du, skjuter jag
De ni gör, de gör vi
Skjuter du, skjuter jag
Slutar ni, slutar vi
Slutar ni slutar vi, men du först, sen jag
Du först och sen jag

Det Timbuktu kan tilføye forhandlingane er eit snev av forståing av kva som er grunnen til at forhandlingane står. Sjølv om fleire positive steg har vorte tekne den siste veka, er tilstanden i forhandlingane generelt prega av stillstand.

Ein grunn til stillstanden er mistilliten mellom rike og fattige land. Det er stor avstand mellom det fattige land og vitskapen krever rike land skal levere av forpliktingar, og kva rike land faktisk er villige til å binde seg til.  På den andre sida er rike land lite villige til å forplikte seg internasjonalt før ein sikrar at utviklingsland også vil bidra i eit nytt avtaleverk. Fattige land er heller ikkje villig til å ta på seg forpliktingar og utsleppsbremsande tiltak før ein sikrar langsiktig finansiering frå rike land av desse tiltaka. Rike land, på si side, er lite lystne på å finansiere klimatiltak med mindre ein kan verifisere at desse vert tiltaka faktisk vert gjennomførde. Og der står ein!

Hovudfasilitatoren for forhandlingane om Long‐Term Cooperative Action, Margaret Mukahanana-Sangarwe, uttrykker denne lite spenstige situasjonen slik i ein tale ho hadde i førekant av Cancún-forhandlingane:

This creates a series of interconnected chicken and egg situations (…).

Vidare står det følgande i forhandlingsteksten som blir lagt fram for miljøvernministrar og statsleiarar, og som desse skal ta stilling til:

Scaled-up overall mitigation efforts that allow for the achievement of desired stabilization levels are necessary, with developed country Parties showing leadership.

Ein krev altså at rike land skal syne leiarskap. Og dette kravet kjem også klart fram i Klimakonvensjonens artikkel 3.1:

The Parties should protect the climate system (…) in accordance with their common but differentiated responsibilities and respective capabilities. Accordingly, the developed country Parties should take the lead in combating climate change and the adverse effects thereof.

Det er på sin plass at rike land tek første steget og sikrar at spiralen som både Mukahanana-Sangarwe og Timbuktu illustrerar vert broten. Dette er viktig sidan rike land sit med både det historiske ansvaret for klimaendringane og den økonomiske kapasitetet til å bidra til å løyse desse.

Vi har bevega oss tilbake til 2005 for å få ei forståing av kva som pregar forhandlingsituasjonen. 2005 var også eit viktig klima-år. Det var då ein starta arbeidet med ei forlening av Kyoto-protokollen. Eit viktig første-steg for rike land å vise leiarskap er å sikre ei vidareføring og oppjustering av rike lands forpliktingar i dette avtaleverket.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s