Pause. Tårer. Ord. Håp.

Onsdag 4. august 2010. Oppdatering frå dagen i dag vil, som vanleg, kome i eit fyldigare format i høyrespelet Jon og eg kjem til å publisere seinare i kveld. Her vil også oppdateringa frå møtet med den norske delegasjonen kome. Likevel er det ein situasjon som får meg til å skrive no.

Frikk Nesje utfordrar Christiana Figueres.

 

Changemaker er del av YOUNGO, nettverket for ungdomsorganisasjonar som tek del i forhandlingane. Og vi har under Bonn-møtet lagt inn stor innsats i nettverket. I morgon skal Jon, på vegne av YOUNGO, spørje ut fasilitatoren for eine forhandlingssporet. I dag var det min innsats som stod i fokus.

Dei åtte gruppene for ulike interessegrupper i forhandlingane, som dekkar alt frå industribedrifter, forskarar og nettopp ungdom, skulle møte Christiana Figueres. Ho vart 1. juli tilsett som leiar for klimasekretæriatet under Klimakonvensjonen. Det er altså ho som har hovudansvaret for alt som skjer – og ikkje skjer – i forhandlingane. Det var eg som skulle få snakke på vegne av YOUNGO.

Dette var innlegget eg gav:

YOUNGO want to congratulate you with the new position within the UNFCCC secreteriat, and we look forward to work with you. You have met YOUNGO on many occasions and we thank you for the constant support you have shown to the participation of young people.

Now we would like to ask you what you think the role of young people and youth organisations should be to support the processes in the coming months leading to the COP16 and beyond towards the COP17 and hopefully the adoption of a fair adequate and legally binding agreement.

The second issue that we would like to rise is this: Young people attending the COPs in Bali, Poznan and Copenhagen, and millions of young people around the world, were disappointed in the failure to commit to solving the climate crisis. What could you tell us to help us keep faith in these processes and be confident that our survival is ensured?

Det var stille i bort mot eit minutt etter på. Lenge. Figueres, som spørsmålet var retta mot, hadde begge auga retta mot bordkanten, og gjorde ikkje signal til at ho ville snakke. Folk starta å snakke med kvarandre. Nokre lo litt. Ho løfta auga alvorleg. Ho starta å gråte. Eg fekk tårer i auga. Men eg grein ikkje, det vil eg påstå.

Ho starta å snakke. Alle var stille. Ikkje ei tekstmelding vart sendt i denne stunda. Vi veit at ansvaret ligg hos oss. Pause. Menneskeheita har gjennom generasjonar påverka miljøet rundt oss. Men utan å vite det. Vi fortsetter i det same sporet. Men våre øydeleggingar er værre. Det er likevel ikkje dette som skiller oss frå fortidas generasjonar, seier ho med tårer i auga. Vi er klare over kva verknadar dette har. Vi veit. Likevel fortsetter vi. Klimaendringane er ikkje, som før, berre eit spørsmål for Bangladesh. Det gjeld alle, seier ho. Det er miljøspørsmål eg har jobba med heile mitt liv. Artar som har levd i millionar av år har blitt utrydda på ein generasjon. Når det kjem til spørsmålet reist av YOUNGO, er eg ikkje sikker på framtida. Eg kan ikkje forsikre at forhandlingane sikrar dykkar overleving, men eg håpar det. Det stilnar. Vidare seier ho at ungdommens rolle i forhandlingane er heilt essensiell. Det er ungdommar, saman med komande generasjonar, som vil føle konsekvensane av det vi presterar i desse forhandlingane.

Ho ser i papira sine. Eg har, som regelverket tilseier, stilt ho to spørsmål. Eg hadde likevel sendt inn tre spørsmål i tilfelle eit av spørsmåla ville bli besvart tidlegare i bolken. Det siste spørsmålet, altså spørsmålet vi ikkje fekk stille, tok ho opp. Ho kunne opplyse om at det arbeidast hard for å sikre kapasitetsbyggin på klima for nettverk i utviklingsland. Ungdom, og spesielt ungdom frå utviklingsland, spelar ei sentral rolle i forhandlingane om vår tids viktigaste utfordring.

Advertisements

5 comments

  1. Fikk helt frysninger av å lese om hennes reaksjon. Sitter i India og ser på forhandlingene herfra, eller det som legges ut. Hun virker som en ganske emosjonell dame.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s