
Stoltenberg snakkar med Ban Ki-Moon.
Frikk: Hei Maja og Jon, korleis synest de den første dagen med Solheim og Stoltenberg til stades på forhandlingane har vore? Det er eit ja-nei-spørsmål.
Jon: Frikk, det er det ikkje.
Frikk: Haha, eg berre tulla!
Jon: Jo, dagen har vore fin den. Men Solheim ba oss ønskja han lykke til då me traff han på kafé i dag morges, så det kan jo henda at hans dag ikkje har vore like god.
Maja: Fokus nå, gutter. De kom, de så, de…? Hva gjorde de egentlig? Jo, Stoltenberg holdt tre viktige innlegg.
Frikk: Ja, eit om regnskogbevaring i utviklingsland, eit om kjelder for finansiering av klimatiltak i utviklingsland, i tillegg til hovudinnlegget for Noreg på høgnivådelen. Der gjekk han på overtid. Det gjorde forsåvidt alle andre også.. Eg høyrde dei to siste innlegga hans. Jon, kva sa han på høgnivådelen? Noko om kva Noreg gjer heime?
Jon: Nei. Det var eit ja-nei-spørsmål, ikkje sant?
Frikk: Ja.

Frikk, Maja og Jon er på plass i salen før Jens opnar møtet.
Jon: Han sa fint lite om det. Men han sa at Australia, Brasil, Kina, Bangladesh og Rwanda er kjempeflinke på heimebane. Og alle land må bidra etter evne. Alle land utanom dei minst utvikla landa. “We cannot afford to give up, we cannot wait and see,” sa han òg.
Maja: Han sa masse om karbonprising. Det liker han godt. Han priste karbonprising. HURRA!
Frikk: Då kan vi svitsje til finansieringskildeinnlegget. Hurra for karbonpris der også, gitt.
Maja: Ja, og karbonprising har TRE fordeler. “That’s the beauty of it”, som Jens sier.
Jon: For det første, “it reduces emissions”.
Frikk: HURRA!
Jon: For det andre, “it contributes to development of clean technology”.
Frikk: … forutsett at karbonprisen er høg. Om ikkje, har ein jo ikkje insentiv til dette.
Maja: Jaja. Men for der tredje, “it generates revenue.”
Jon: Og dei pengane kan nyttast til å finansiera tilpassing til klimaendringar og utsleppsbremsande tiltak i Sør.
Maja: …Men det kan jo også brukes til andre ting.
Frikk: Ja.
Maja: Som helse og utdanning. Lista er lang. Sikrer man egentlig klimafinanspenger da…?
Frikk: Nei.
Jon: Det han ikkje sa, var at rike land burde legga fleire pengar på bordet. Det er jo finanskrise, stakkars statsleiarar.
Frikk: I tillegg snakka han såvidt om avgifter på internasjonal luft- og skipsfart. Det er jo bra. På den andre sida har jo Noreg snakka negativt om eit ambisiøst forslag på dette som EU har lagt på bordet.
Jon: Og det betyr?
Maja: At Norge sier noe annet enn det de faktisk gjør.
Frikk: Og det er jo nytt for oss alle.
Jon: Men sa han noko om Kyotoprotokollen?
Maja: Ja! I innlegget på høynivådelen sa han at Norge er villige til å ta på seg en ny forpliktelsesperiode.
Frikk: …dersom det er ein del av ei breiare avtale der dei største utviklingslanda og USA også tek på seg forpliktingar om å redusera utslepp.
Jon: Men kva har eigentlig Solheim gjort? Hjalp det å ønskja han lykke til?
Maja: Han skulle jo ha kommet i går, så han har ett døgn å ta igjen! Jeg hørta at han var i timinuttersmøter i hele dag.
Frikk: Men hei! Jens hadde tid til å treffe klimaungdomar frå utviklingsland som Norad har finansiert deltakinga til. Kari-Anne og Johanne frå Spire var jo òg der.
Maja: Kult. Det er jo deres prosjekt. Flinke jentene.
Jon: Apropos kult. I dag såg me ein turban i Durban.
Maja: Han hadde faktisk en “tree planting ceremony”.
Frikk: Shit.

Turban i Durban.
Read Full Post »