Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Innlegg tagget ‘Brasil’

Jean-Luc Demarty frå EU var verkeleg på "tilbudssida" med sitt forslag på industrivarar.

Før eg gyver laus på detaljane i landbruksavtalen, kan eg melde om at EU har gjort eit forsøk på å løyse opp i industrikonflikten som eg skreiv om for eit par dagar sidan. Dei prøvde på mange måtar å gjere sveitserosten om til ein litt mildare Norvegia – for å vidareføre biletspråket frå den posten. Eller var det det dei prøvde?

Forslaget seier Kina, India og Brasil må kutte meir enn dei eigentleg skal – i følgje vår nye venn den sveitsiske formelen – i sektorar som dei etter kvart har blitt litt for konkurransedyktige. Industrielle maskiner – for eksempel landbruksmaskiner vil EU forby toll på. På ein heil bråte med kjemikaliar krev EU at Brasil og India vert med i ein omfattande reduksjonsavtale. På elektronikk og elektriske maskinar vil EU at dei skumle store utviklingslanda skal fjerne tollen sin – bortsett frå på audiovisuell elektronikk, sjølvsagt. På det området er jo EU avhengig av sjølv å oppretthalde tollvernet – da hadde det jo vore i overkant prinsippfast å fjerne tollen der og!

Litt av eit raust kompromissforslag.

For å oppklare – dei rike landa i ein sånn sektoravtala vert og nøydd til å senke sin toll på områda, men ikkje i nærleiken av så mykje som dei voksande økonomiane.

Så langt har i grunnen dei fleste andre viktige landa vore så kjølig avvisande som ei fjortisjente er til å ete skaldyr eller oliven. Pascal Lamt er positiv, da. Om det teller for noko…

Read Full Post »

Er det masse plantar på eit "green room"?

I dag er det heftige møter på gang. Dei går føre seg på såkalla “green rooms”. Det er eit anna ord for bak lukka dører. Kor ein berre slipp til om ein er spesielt invitert. Skal vi vere realistiske, utgjer nok EU, USA, Brasil, Kina og India kjernen i gjengen. Dei kule som får henge på det grøne rommet!

Tidlegare ville ikkje WTO innrøme at det gjekk føre seg møter i “grøne rom”. Den slags hemmeleghald og lurendreieri har dei gitt seg med no. Takk og lov.

Ikkje for det – vi veit framleis ikkje kva dei pratar om der bak døra. Men vi har eit par mistankar:

For i morgon er det møte. Da skal vår venn Pascal Lamy (han der generaldirektøren i Verdas Handelsorganisasjon) legge fram sin plan for å få i land denne forhandlingsrunden – Doha-runden som vi alle har blitt så glade i. Planen for å fikse sakene i år. “Wrap it up” og så bortetter.

Men det er mange som ikkje trur noko særleg på denne planen. Ting er litt på skakke – om du vil. USA er eit av fleire (men som alltid det mest høglytte) rike land som krev at Brasil, India og Kina skal gå med på å senke tollvernet sitt mykje meir. Og dei nektar plent, så lenge rike land ikkje er interesserte i å gi opp meir av subsidieringa og vernet av bøndene sine. Vriompeisane.

Er sånne grøne rom sparsommeleg møblert, tru?

Kan du sjå det for deg? Det er kanskje ikkje toppstemning i det grøne rommet desse dagane. Får håpe det er ein fresh farge i alle fall.

Sånn dårleg stemning har det vore lenge, men no er det eit par folk som har tatt bladet frå munnen. Dei har nemleg tatt på seg sin grøne hatt – vore litt kreativ – og lansert tanken om ei såkalla mjuk landing av denne Doha-runden. Mjuk landing – spør du kanskje? Kva i alle dagar skal det bety?

Du skjønner det at vanlegvis når WTO vedtek noko, så vedtek dei alt på ei gong! Heile sulamitten. Så om dei er einige om til dømes avtalen om antidumpingstiltak eller fiskerisubsidiar, så må dei pent vente til kranglebøttene i landbruk har blitt einige til dei kan skrive under. Litt tungvint, kanskje, men det gjer at ein fram til det siste kan byttehandle sånn at til dømes USA får viljen sin på landbruk mot at Kina får litt ekstra på – sei antidumpingstiltak. Veldig smart!

I utgangspunktet.

Men no står alt i ro, og på dei grøne romma er det kanskje på tide å bli einige – eller å ta på seg den grøne hatten for å tenkje nytt.

Kor er eigentleg usemja i Verdas Handelsorganisasjon? Kva er det eigentleg dei kranglar om? Vil Doha-runden gå heile vegen gjennom i år? Vil det bli ei “mjuk landing”? Vert det kanapear og ministermøte i sommar? Kjem alle frå USA til å gå kring med grøne flosshattar på møtet i morgon? Følg med vidare!

Nyoppussa "grønt rom"?

Read Full Post »

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 33 andre følgere