Fyrst vil eg beklage at eg som handelsveteran tek opp eit slikt tema midt i handelsveka, men eg begynte å tenke på oljefondet og statsobligasjonar i går, og no må eg berre få det ut.
Vi i Changemaker St. Hanshaugen har ein diskusjon om korleis vi kan få oljefondet til å la vere å låne ut pengar til undertrykkande regimer. Eg tenkte eg kunne legge ut mine meiningar her, så kan fleire bli med i diskusjonen (for vi har nokon uløyste spørsmål).
Bakgrunnen er altså at Changemaker lenge har jobbe for å få sletta såkalla illegitim gjeld (f.eks. diktatorgjeld) og for ansvarleg långjeving. Regjeringa har til ei viss grad tatt innover seg dette og utviklingsministeren har snakka ein del om kor viktig ansvarleg långjeving er. Det er viktig at land og institusjonar har gode retningslinjer dei kan følgje når dei gjev lån til utviklingsland, for å sørgje for at desse låna faktisk kjem dei fattige til gode, men dette bør også gjelde når ein låner til land ved å kjøpe statsobligasjonar.
Ein statsobligasjon er eit papir der det står f.eks.: “Eg lovar å betale eigaren av denne lappen 100.000 kr 1. januar 2013″. Slike lappar sel dei fleste statar til bedrifter, bankar og fond over heile verda. Dersom eg kjøper ein slik statsobligasjon for 90.000 kr 1. januar 2012, vil eg få ei avkasting på 11,1 % på eit år. Dette er akkurat det same som eit lån på 90.000 kr i frå meg til staten med ei årleg rente på 11,1%. Så når eg heretter skriv “kjøper statsobligasjonar av” betyr det det same som “lånar pengar til”.
Oljefondet kjøper både aksjar og obligasjonar i utlandet. For aksjane dei kjøper har dei etiske retningslinjer som skal sikre at dei ikkje investerer i selskap som driv med barnearbeid, produksjon av landminer eller driv verksemd som grovt bryt med menneskerettane. Desse reglane er laga for selskap, og ein har ikkje tilsvarande reglar for kjøp av statsobligasjonar (med eit unntak: Oljefondet kan ikkje kjøpe statsobligasjonar i frå Burma). Dette gjer at oljefondet vil låne ut pengar til dei landa der dei får best avkastning, utan å ta omsyn til om desse låna kjem
befolkninga til gode. Det er difor eit stort behov for å innføre retningslinjer for kor tid oljefondet kan låne ut pengar til land.
Så langt vil truleg dei fleste vere einige. Problemet er at kjøp av statsobligasjonar skil seg i frå (enkelte) andre lån i det at lånet går ikkje til eit spesielt prosjekt, men er pengar som går rett i statskassa og kan bli brukt på kva som helst. Ei liste med kriterier for kor tid oljefondet kan kjøpe statsobligasjonar og ikkje, vil til sjuande og sist resultere i ei liste over land som det kan låne pengar til og ei liste med land fondet ikkje kan låne pengar til. Ei slik liste kan fort bli tolka som ei liste over land som Noreg boikottar – eller i det minste som ei fiendtleg handlig i frå Noreg i mot dei landa som ikkje oppfyller kriteria.
Likevel trur eg at ei liste med objektive kriterier er den beste mulege måten å gjere det på, så lenge Noreg skal gjere dette åleine. Alternativet ville vere at f.eks. Generalforsamlinga i FN blir
einige om ei liste over land som er for undertrykkande til å få lån. Problemet med dette er at det nok vil vere vanskeleg å få til. Ein annan fordel med ei løysing med objektive kriterier er at det vil kunne føre til ein god smitteeffekt fordi mange andre store fond ser til SPU sine etiske retningslinjer når dei skal utarbeide sine eigne.
Ideelt sett kunne ein ynskje seg at alle land ein gong i året blei tatt opp til vurdering for å sjå om dei oppfylte kriteria for at SPU kan kjøpe statsobligasjonar dei utstedar, men eg ser for meg at dette blir for ressurskrevjande. Dette talar for at det er meir realistisk å ha ei ordning som liknar meir på etikkrådet si handtering av saker.
Ein viktig forskjell mellom dagens praksis med selskap og ordninga i forhold til land må vere at det er ein uavhengig domstol, og ikkje departementet som tek avgjerda om å selge seg ut av eit land sine statsobligasjonar. Likevel er det stor fare for at eit land som blir ekskludert vil ta dette ille opp, og tolke det som ei fiendtleg handling i frå Noreg som land (som fredsprisen og Kina).
Her tenkjer eg at kor vidt eit vedtak om at eit land sine statsobligasjonar blir ekskludert i frå Oljefondet si investeringsportefølje vil bli tolka som ei fiendtleg handling i frå Noreg som
stat, vil avhenge av grunnen for ekskluderinga. Om eit land blir ekskludert på grunn av brot på menneskerettar, fryktar eg at det vil bli tolka som ein unilateral boikott. Det er ein eigen diskusjon om Noreg åleine skal drive boikott av undertrykkande regime og kor effektivt dette er, men det er i alle fall noko dagens regjering er veldig skeptiske til.
Dersom eit land derimot blir ekskludert på grunn av manglande gjennomsiktigheit i den betyding at det er vanskeleg for landets innbyggjarar å kontrollere kva dei offentlege midlane blir brukte til, meiner eg at det er mindre grunnlag for å tolke dette som ein boikott eller fiendtleg handling. Då handlar det om mangelfull oppfylling av kriterier for å få lån.
Det er eit rimeleg krav at dersom Noreg (gjennom oljefondet) skal låne ut pengar til ein annan stat, skal det vere muleg for innbyggjarane i denne staten å vite at pengane kjem dei til gode, og ikkje går til korrupsjon, undertrykking av befolkninga eller liknande.
Kan dette vere eit fornuftig utgangspunkt for vårt forslag til regjeringa?
Read Full Post »