Feeds:
Innlegg
Kommentarer

Arkiv for kategorien ‘Hovedtema’

På en helt vanlig onsdag, 25.dag jul, slo vi til med underskriftsaksjon og knusing av pepperkakestigebilen Stig. Etter en knapp time var 122 underskrifter resultatet:

Som belønning ble det pepperkake og gamle seigmenn til folket:

 

Handelsutvalget slår til igjen!

 

 

 

Read Full Post »

Om vi gir han masse underskrifter, tek nok Giske Markus på skuldrene! Det høyrer med i ministerjobben.

No er det berre veker igjen!

9. februar møter vi Trond Giske for å levere han krava våre. Vi skal be han snu norsk handelspolitikk på hodet.

Vi skal vise han at vi ikkje gir oss før han byrjer å ta Soria Moria 2 på alvor og “arbeider for at utviklingsland skal få større handlingsrom i utformingen av nasjonale utviklingsstrategier”.

Vi skal vise at vi har ein masse folk i ryggen!

Trond, ass. Treng ein eigentleg politiske rådgivarar når ein kan ha smilefjes?

Vi spurtar, og for at Trond skal bli skikkeleg imponert er det viktig at vi får inn underskriftene som er samla inn land og strand. Send det i posten til Changemaker, eller kom innom her i Oslo for å levere. Vi må ha underskriftene seinast onsdag 8. februar, så det er lurt å planlegge dei siste aksjonane i god tid før det.

Den fyrste aksjonen i innspurten her i Oslo er på onsdag klokka 16. på Grønlands torg.

Kom, kom!

Har du huska å spørje klovnen i klassen om han/ho vil skrive under for ein rettferdig handelspolitikk?

Read Full Post »

Sjekk den raffe sykkelen!

Klart du kan!

No er det straks jul, og vi trekk innadørs for å nyte godt lag eller fartar ute i akebakken med vener og heilsprø fetterar.

Midt i all svoren og gløggen og pepperkakane KAN det hende at du går tom for ting å prate om. Da har handelsutvalet eit kjempeforslag!

Kva med å prate om Stigekampanjen?

Om korleis det er urettferdig at dei rike landa prøver å ta frå utviklingsland høvet til å bruke verkemidla vi sjølv brukte for å skape utvikling. Om den spinnville aksjonen lokalgruppa hadde under ChangemakerUka eller den herlege ChangemakerHelga!

Og så drar du fram underskriftsarket, og da sitt onkel Tor (eller tante Tore) i klisteret. Hurra! Enda eit lite skritt nærare ei rettferdig verd!

Men vent, det er ikkje over:

For å sukre pillen lanserar handelsutvalet ein konkurranse:

Er du god til å samle underskrifter i jula, kan du vinne ein knallstilig foldesykkel!

Du veit, ein sånn bysykkel som ein kan brette saman og ta med seg under skuldra. Aldri har det vore så enkelt å råne kring for eiga maskin.

Alt du treng å gjere er å samle underskrifter, og sende dei inn til kontoret seinast torsdag 12. januar 2012.

Jo fleire underskrifter du samlar, jo større sjans er det for at du vinn sykkelen. Du kan likevel vinne om du berre sender inn ei underskrift, så her er det berre å sende i veg. I tillegg til sykkelen vert det gavekort hjå Platekompaniet for eit par andre heldige.

Du sendar underskriftene til

Changemaker

Postboks 7100 St. Olavs plass

0130 OSLO

Hugs å merke sendinga og underskriftene så vi kan kontakte deg når du har vunne sykkelen frå dine varmaste drøymer!

 

God jul, da!

Berre mjuke pakkar? Litt forandre verden-stemning i heimen, så har du tidenes sykkel!

Read Full Post »

Johan: snart er det aksjoneringstid!

Markus:  Tid for en ny chatblogg?

Johan:  trur det, ass. men så må vi nesten ha rom for den derre aksjonen vi skal vere med på om eit kvarter

Markus:  ja, det blir gøy. rope nei til alt inne på wto-bygget er stilig. men først. blir det noe rettferdighet i wto i dag da? det er jo siste dagen.

Johan:  det seier vel sitt at dei fleste ministerane er dratt heim. det kjem til å bli ei oppsumering på enden av dagen, elles er det lite som kan skje. Vi har fått med to nye medlemsland i dag, da.

Samoa, altså. For ein triveleg gjeng!

Markus:  jippi, gratulerer til dem. samoa var kjempeglade. de hadde blomster og sånn

Johan:  apropos samoa, korleis går det med afrika?

Markus:  høhø. du studerer ikke akkurat samfunnsgeografi. Men jeg kunne også tenkt meg noen gode felles råd om Afrika. kan du tenke noen som har det til oss?

Johan:  ja, la oss invitere C(h)atharina!

Markus:  ja, chatarina fra fellesrådet fra afrika hadde vært bra å fått med på denne chatten. jeg inviterer henne.

Johan:  hei, c(h)atharina! korleis synes du møtet har vore så langt?

Catharina:  Ikke overraskende har lite skjedd, mye floskler og fine ord – lite handling. Men veldig hyggelig å henge med dere to da

Markus:  ja, vi har jo hatt mange fellesråd med deg fra fellesrådet. og det er jo ekstra stas å ha deg som gjest på denne bloggchatten. Men jeg er ikke så innmari god på Afrika. Hvilke råd gir afrika til fellesskapet her i WTO?

Johan: det går vel stort sett i felles råd om at alle skal få råd til felles mat (sluttføring av Doha-runda)

Catharina:  Jeg tror vi stopper her med felles råd, felles mobbing og heller tar en liten felles pause for å rope noen slagord til mennene i dress i etasjen over.

Markus:  ja, enig. vi har jo en aksjon på trappene. faktisk bokstavlig talt. og vi skal slutte å tulle med fellesrådet. jeg er bare glad for at du er her Chatarina. Du har jo alltid råd til å ta fellesregningene når jeg har glemt å ta ut penger før vi spiser…

Johan:  håper han derre statsministeren i Montenegro ikkje er her med dei nervøse gorillaene sine no…

Dei 99 prosenta var definitivt i undertal på ministerkonferansen... Da passa det bra å slenge inn norsk middelklasseungdom.

Catharina:  Da var demo-pausa over. Vi ropte av full hals, og ingen gorillaer som tok oss. Hva syns dere?

Markus:  åh! det var sykt artig å endelig få demonstrere mot wto og sånn. det er jo bare så 90-talls!

Johan:  det var ikkje akkurat seattle-tilstandar, da. og hadde han derre montenegro-ministeren vore frå nittitalet hadde han vel plaffa oss ned før vi kom her. er det sånn med statsleiarane i syden og, C(h)atharina?

Catharina:  Du mener Afrika Johan? Det lille landet rett sør for Kanariøyene? Ja, ikke alltid protester kun blir tatt til etterretning av politikerne (slik det så ut som vår demo ble) men ofte slått hardt ned på.

Markus:  ja, de har litt tøffere etteretningstjeneste i mange land. Men du, nå sporer vi av. Vi demonstrerte jo! Mot stillstand i WTO og at alt man glemmer utviklingslanda her. Jeg tror det hjalp. Og jeg fikk tatt bilde av de glade folka fra Samoa.

Johan: åh herre min hatt, for nokon folk! ja til meir kokosnøttkrem for ein billigare penge til verda! og så er dei alle sjarmerande og sjukt gode i rugby.

Det var dessverre ingen som dansa haka frå talarstolen. Fekk ikkje att penga

Catharina:  Ja, i hvertfall mer sjarmerende enn Montenegroanerne (??) som dukka opp med halve byens politikorps på grunn av en bitteliten demo. Men dere, nok om demoer og kokosnøtter. Hva tror dere blir utfallet av avslutningsmøtet i kveld? Noe håp for utviklingslandene?

Markus:  ja. det kan da ikke være så vanskelig om alle bare blir venner og lager en perfekt avtale som stiller strengere krav til de rike landa og som gir utviklingslandene mer slingringsmonn. Ja til slingringsmonn i utviklingsland. Det er mitt nye mantra

Johan:  problemet er prinsippet om “less than full reciprocity”. greit nok at u-land ikkje må gi like mykje som rike land, men dei må framleis gi. i tillegg er fara for at EU og USA vil presse investeringsavtaler og masse dritt inn igjen på bordet som bytte mot berre å fullføre dei minst kontroversielle delane av Doha-runden. Da blir det eitt skritt fram og to skritt tilbake.

Catharina:  Eller sneglefart i sakte film – baklengs. Jeg stemmer for at jeg herved innkaller til et felles råd hvor vi diskuterer wto regler og annet, ikke minst hvordan vi skal få tak i et av de fine røde skjell-kransene delegasjonen fra Samoa har.

Markus:  ja, det blir jeg med på. men nå tror jeg vi må bruke den tida vi har felles til rådighet her for å få med oss hva som skjer de siste timene. Takk for at du stakk innom Chatarina. På gjensyn. Eller Sayonara, som de sier i Samoa.

Johan:  er vi ferdige no? betyr det at eg kan slutte med å vere utruleg generaliserande og kvalm oveRfor alle andre land?

Johan:  svaaar da, her er det ikkje greitt med african time!

Catharina:  Jadaa. Takk for at jeg fikk være med gutter. Vent, vent. Var ikke poenget med at jeg skulle være med at vi skulle ha et fokus på Afrika?? I såfall vil jeg gjerne si at at WTO medlemmene må sette i gang å gjennomføre tiltak som vil bedre markedsadgang for afrikanske land, og ikke minst starte denne “early harvesten”, slik at feks USA fjerner sine bomullssubsidier. DA kan vi begynne å snakke om fattigdomsbekjempelse og utviklingsrunde.

Markus:  ah, ingenting er som en afrikansk avslutning. da sier vi takk for oss i Geneve, med et typisk Sveitsisk ordtak: “Der trær felles – rådyr kveles” (det rimer litt bedre på sveitsisk).

Read Full Post »

La meg fortelje deg om ei lita gruppe med folk. Gruppa heiter «Knights of the Spoon”, og bestod av riddarar og storkarar frå det som i dag er Sveits. Dei var få, men mektige. Dei eksisterte på 1520- og -30-tallet. Dei har ikkje spelt inn film med John Cleese. Enno.

Markus og eg er i Sveits. Nærare bestemt Geneve. Ja da, eg veit kva du tenkjer på. Vugga til den calvinistiske reformerte kyrkja. Da tilhengarane til Jean Calvin (som levde og braut ut av den romerskkatolske kyrkja samstundes som Martin Luther) tok over ein heil by og erklærte sjølvstende. Det var i 1528 at folket i Geneve kasta styresmaktene ut. Dei såg at den katolske kyrkja var noko anna på teorinivå enn i praksis.

Dette aksepterte ikkje dei høge herrer i “Order of the Spoon”. Dei starta opp denne gruppa og prøvde å ta att byen med vold. Ikkje berre beleira dei byen. Dei prøvde seg på eit smart triks.

I skuggen av natta kraup dei fram til bymuren og sette opp stigen. Dei prøvde å ta over folket sin by med snikerier. Snusk.

«The day of the ladders» som hendinga vart kalla i etterkant var eit mislykka kuppforsøk. Spoon-knektane vart avvist, og Geneve var ei reformistisk frihamn i Europa i lang tid.

Gjengen som fekk fart på reformasjonen i Geneve. Jean Calvin er han i grått.

Kvifor skriv eg dette? I løpet av desse dagane på ministermøte i Verdas handelsorganisasjon (WTO) har dei høge herrar hatt talarstolen. Dei har:

-          Brukt 1/3 av innlegget sitt på titteloppramsingar i opningshelsinga

-          Konkurrert i å vere mest forelska i WTO og alt dette multilaterale systemet står for.

-          Mange, med vår utanriksminister i rekkja, har uttalt seg med vigør og mot om at ein må stå mot alle formar for proteksjonisme. Norge oppfordrar og alle land til å love å ikkje bruke aktiv næringspolitikk, sjølv ikkje den typen ein har lov til å bruke med dagens regelverk. Ei lang rekkje utviklingsland har reagert kraftig på dette.

-          Flydd heim att så snart som mogleg – dette møtet er jo for mange ikkje noko anna enn ei markering. Den politiske viljen til å gjere «Utviklingsrunden» til noko som fortener namnet er ikkje der, rett og slett.

Støre hadde betre belysning på talarstolen, altså.

La oss ta tak i dei høge herrane sitt initiativ om å lyse aktiv næringspolitikk i bann. Dette har eit historisk bakteppe. I 1930-åra og den store depresjonen innførde landa proteksjoistiske tiltak for å gjere sin eigen industri konkurransedyktig med utlandet trass i nedgangstidene. Dette hadde vore greitt nok om berre eitt land gjorde det, men når alle gjer det er det ikkje lenger nokon som kjøper varar hos andre lenger, og det ein kjøper er til ein høgare pris enn det det kunne vore.

Da blir det mindre inntekt for alle, og folk bruker mindre og så er vi inne i ein dårleg spiral.

Denne lærdomen har ein tatt inn i denne finanskrisa. På eit vis. Både på ministermøtet i 2009 og møtet i år har ein vore veldig oppteken av at «no må vi ikkje la oss friste til å bruke kortsiktige, egoistiske tiltak». Og kortsiktig og i dei store storleikane held argumentasjonen greitt vatn.

Men om ein skal løfte blikket frå dei kortsiktige makroøkonomiske svingingane, kva snakkar vi om da?

Eit av dei meir kjende litterære verka frå den store depresjonen.

Langsiktig vekst oppstår på ganske forskjellege måtar, men som regel er målretta og aktiv næringspolitikk ein grunnstein for å stable konkurransedyktige bedrifter på beina. Jepp. Proteksjonistiske tiltak. Norge har brukt og bruker ei lang rekkje proteksjonistiske tiltak for å bygge vekst.

Norge oppfordrar alle land til å forplikte seg til ikkje å heve nokon toll eller på anna vis beskytte seg meir. Å la ting stå der det er no (halde seg på «applied tariff). Men dei aller fleste land, og spesielt utviklingsland har ofte mykje rom mellom anvendt toll og maksimumsgrensa (bound tariff). Dei har handlingsrom som Norge altså prøver å seie at dei ikkje må bruke. Sjølv om dei har lov.

Nokre utviklingsland har statsbudsjett som hentar opp til 75 % av inntektene sine frå toll. Da er det håplaust å ikkje kunne heve tollen for å sørgje for grunnleggjande utdannings- eller helsetilbod.

Nokre utviklingsland har satt ned tollen på landbruksprodukt ekstraordinært mykje grunna stigane matprisar. Om prisane tek seg ned igjen og dei treng å beskytte sårbar matproduksjon for dumping– kva skjer da?

Mange utviklingsland si deltaking i verdshandelen er så marginal at om dei bruker aktiv næringspolitikk vil det i praksis få særs liten innverknad på verdshandelen, men bety vanvittig mykje for dei som får jobb og kan håpe på ei betre framtid.

Olusegun Olutoyin Aganga er handelsminister i Nigeria - eit land som bruker aktiv næringspolitikk for å skape langsiktig vekst. Og møteleiar.

Teorien til dei høge herrar vert ikkje sjåande like bra ut i praksis. Kanskje burde fleire gjere som folket i Geneve i det sekstande århundre? Ta kontrollen og stå på krava våre?

Her er det kanskje mykje likt? Mens vi kjempar for utvikling, arrangerer dei høge herrar «Knights of the Spoon»-aktige aksjonar som ikkje får så mykje merksemd. Frå talarstolen på ministermøter snik dei inn ord og formuleringar som er i ferd med å marginalisere og latterleggjere politiske verktøy som har vore viktige for oss. Dei klatrar opp stigen på bymurane. I små stikk tek dei over byen.

Lat oss saman sørgje for at WTO sitt ministermøte i 2011 ikkje vert ein ny «day of the ladders».

Korleis gjer vi det? Ved å skrive under på Changemaker sin kampanje. Og ved å utfordre Støre til å nyansere fordømminga si av aktiv næringspolitikk.

Read Full Post »

Litt uklart bilete av litt uklare karar

Markus:  chatblogg?

Johan:  kvifor er det ingen som dansar waka waka på detta toppmøtet?

Markus:  tar det som et ja

Johan:  i førre veke var det full fest og klimaforhandlingar. var det all leiken som gjorde at dei ikkje kom fram til noko?

Markus:  er jo ikke så mye lek her, uten at det gir enormt mye framgang egentlig

Johan:  nei, for kva er det som eigentleg skjer på denne ministerkonferansen i verdas handelsorganisasjon?

Markus:  tja, av morsomme ting kan jo mye tyde på at tvillingbroren til den franske presidenten Nicolas Sarcozy står i kantina på forhandlingssenteret. det syns jeg var ganske artig.

Johan:  eller at eg er ein av tre i dette rommet som ikkje har dress?

Markus:  ja, det er ganske villt. til og med damene har jo dress her. men det er jo enda færre damer her enn menn uten dress

Johan:  å finne ei dame her minnar meg om dei gamle “Hvor er Willy”-bøkene.

Markus:  ja, men apropos å finne. Har du funnet noe positivt å hente ut av møtet? Har noen sagt noe som er bra i det hele tatt?

Johan:  ja. jonas gahr støre hadde sin tale i går. han sa (som han sa i møtet med oss) at det er viktig å halde fast ved utviklingsaspektet i Doha-runden. og så vert russland medlem. as we speak/chat, faktisk.

Markus:  ja, det er ganske sykt at det er imponerende at en minister proklamerer at utvikling er viktig i en utviklingsrunde. det burde jo være oh so obvious

Johan:  jah, særr, ass.

Markus:  rofl. hmm. jeg tenkte jeg skulle stille deg et spørsmål til nå, men det skjer jo så lite, så jeg veit ikke helt hva jeg skal spørre om. spør meg a!

Johan:  skal vi kutte ut denne, delen av chaten, eller må alt ut på bloggen?

Markus:  serr? seff skal alt ut. dette er ikke sånn konstruert dialog som klimafolka i Changemaker driver på med på bloggen. Dette er Johan og Markus, usensurerte…ærlige…nakne

Johan:  doha-runden er ti år, forhandlingane er fullfrosne, ministerkonferansen sin agenda har krympa og krympa inn til no berre å vere ein pratekonkurranse i å vere glad i WTO og eg må på do – er alt berre elende?

Markus:  jeg er enig i hele analysen, og kan legge til at det er ekstremt lite fokus på hvor kjipt det er i media. men jeg vil ikke påstå alt er bare elendighet. utviklingslanda står på sitt. det er jo ganske kult. mer og mer tyder på at dersom WTO skal overleve så blir det hvis de rike landene godtar utviklingslandenens rett til å få spesiell utviklingsvennlig behandling. jeg må også tisse forresten.

Johan:  Stemmer det. Dessutan har vi eit par vedtak som vert gjort her, som spesielt handlar om at dei minst utvikla landa (MUL) skal få betre rammar. Så spørs det om dette fører med seg meir utvikling, eller om ein gir formelle rettar fordi ein veit at dei fattigste uansett ikkje kan konkurrere på dette. Skal vi tisse i kryss?

Markus:  ja, det er jo litt typisk handelspolitikk som skal være rettferdig. den blir bare vedtatt hvis det er urealistisk at de fattige landene kan dra nytte av det. å tisse i kryssrepresalier er jo litt i WTO-ånd. (denne vitsen var til ære for en av klimafolka i Changemaker som liker sånne vitser).

Johan:  det var ein gong ein handelsorganisasjon,

som ville skape integrasjon,

dei forhandla utvikling,

men skapte forvitring,

og uhorveleg frustrasjon.

ingenting oppsummerar som eit kvalitetslimerick!

Markus:  med visse mangler på reglene for et limerick. Men bra. Dette tror jeg ble et helt passe halvhjerta forsøk på å skape blest om WTO på bloggen vår. Jeg går på do.

Johan:  Eg tenkjer at regelfølginga er kring på linje med rike land sitt forhold til finansreguleringar under GATS (tenesteavtala). Hugs å tørke.

Nemnte vi at det er smør her? for meir detaljar om smørtilgangen i Geneve, sjå twitterkontoen til Støre

Read Full Post »

I skrivande stund er dag tre i Changemaker-uka 2011 så vidt påbegynt. Det er allereie lenge sidan Changemakerar stilte seg opp og møtte morgontrøtte pendlarar med smil, penn og underskriftslister. For eit engasjement! Meir skal det bli, og mykje bra har allereie skjedd så langt i veka. Her kjem ei lita loggbok.

Robin Hood kallar skogens folk til å ta dei fattiges parti.

Gruppa som møtte opp til dette mystiske arrangementet ved Akershus festning visste lite om kva som skulle skje. Den hemmelighetsfulle Hanne Sofie guida oss gjennom den mørke parken. Under eit stort tre, opplyst av faklar, sto Robin Hood (aka. Markus Nilsen med pil og bue) og kalla skogens folk til kamp for dei fattige. Så blei det plakatoppklistringsbonanza i heile Oslo og varm saft på kontoret, før me gjekk samla Kickoff!

Kickoff med kviss, appell og CABIN CREW!!!

I kjellaren på Revolver var det stor, stor hygge, med kviss, appell ved Tore Linné Eriksen og KONSERT MED CABIN CREW. Cabin Crew var som vanlig i storform, noko som sjølvsagt fører til at heile lokalet høpp i takt, veivar med høgrearmen på godt hiphopvis og syng med på refrenga.

“Trick or treaty!”

Trick or treaty må vel vera noko sånt som verdas beste halloween-feiring! Og landburks- og matminister Lars Peder Brekk såg òg ut til å trivast veldig godt med jobben sin, då han handhelsa på kvar enkelt vampyr, prinsesse og heks som stod oppstilt i regjeringskvartalet denne formiddagen. Det er grunn til å smila frå øyre til øyre når ein får så flott besøk! Og som statssekretær i Utanriksdepartementet påpeika til Markus: “Det er ikkje kvar dag nokon set seg ved møtebordet mitt, legg sakspapirar framfor seg, og tryllestaven ved sida av.” Denne dagen fekk me verkelig markert oss og stigekampanjen i departementa. Dette er bra!

Sjå forresten nettsaka til Changemaker om Trick or treaty, med mange fine bilder.

Landbruks- og matdepartementet har òg lagt ut flott bilde på sine nettsider.

Det same had Nærrings-og handelsdepartementet.

Bokbad med Kåre Bilden

I kjellaren på Samfunnsvitskaplig fakultet ved Universitetet i Oslo var alle borda sette då forfattar og journalist Kåre Bilden (òg kjend frå ei rekke limericks under sommarfesten på SommarSNU i Lofoten) møtte Sara Nes frå Changemaker Oslo Student til samtale om boka “Mat er makt”, som han har skrive. Kåre var som vanlig interessant å lytta til, og Sara las utrdrag frå boka. Ei finfin avslutting på ein lang dag med Trick or treaty og lesing av pensum.

Read Full Post »

Det var opphaldsver. Det var latter, det var sang.

Torgallmenningen var klar for å bli erobra. Der, midt mellom Amnesty, Kreftforeninga og trommemannen skulle vi ha stand.

Vi hadde stige. vi hadde nymalte snakkeboblar. Og vi hadde ein gira gjeng med verdsforandrarar.

Kampanjeskjorta, kampanjebrosjyrene og kampanjeglisa er med!

Vi sette i gang. Glade bergensarar stoppa opp og smilte. Kven veit, kanskje var det dei flashy gule t-skortene som vekka interesse? Var det synginga? Var det introen? “Hei! Vil du skrive under for en rettferdig handelspolitikk?”

Therese bare: "Hei, vil du..." Ballongmannen bare: "Gåmann, så bra!"

Vi var i eit skikkeleg bra humør, rett og slett. Vi såg berre moglegheiter, ikkje begrensingar. Difor inviterte vi “trommemannen” over til oss, og spurte han ville tromme litt for kampanjen vår. Trass i at han hadde tydelege begrensingar i språket, svingte han i veg. Etter kvart vart det tydeleg at han og hadde eit noko begrensa repertoar. Det gjekk rett og slett skeis da vi skulle prøve “Kjerringa med staven”-melodien. Vi prøvde fem gonger. Minst.

Vel sagt.

Det yra med Changemakere på Torgallmenningen. Dei huka inn bittesmå og ganske store grupper med folk. Songen gjekk. Vi veiva med stigen. Vips, så var timen gått. Over 260 glade bergenser-namn fann vegen til undeskriftsbrosjyrene våre. Vi fekk bevist at det verkeleg ikkje skal så mykje til. Ta fram brosjyrene, finn ein stad med trivelege folk, mal eit par plater og ta med ein stige! Det er alt som skal til for å forandre verda enda litt til!

For ein gjeng!

Read Full Post »

“Det er lettare å forandre verden enn å forandre gudbrandsdølen,” sa en lokal helt i Kvam. Og det så ut som om gudbrandsdølene i Kvam og på Otta var like innstilt på å forandre verden som 40 engasjerte Changemakere fra østlandet og nord-vestlandet, som i helga er samla i Kvam på en av årets regionale Changemakerhelger.


Butikkaksjon

Alle bussruter fører til Kvam, men ikke alle mennesker flytter hit. Flinke changemakere vet å utnytte små steders potensiale, for på små steder er det få samlingsteder på en lørdag formiddag. Kiwi er stedet “kvamværen” oppsøker for helgehandlinga, og 12 engasjerte changemakere stoppet hver eneste mer eller mindre forfjamsa “kvamvær”, gjerne både på vei inn og ut av butikken. Under stø ledelse fra vår egen lokale helt Aebykier, klarte gjengen på 12 å samle hele 84 underskrifter på 1 1/2 time! Det er rett og slett imponerende! En enkel aksjon på den lokale nærbutikken kan være en kjempesuksess.

Kiwi-aksjon i idylliske omgivelser gir resultater!

Bløtt på Otta
Til Otta var dro resten av gjengen for å holde en større aksjon. Otta er jo stedet hvor gudbrandsdølen henger i helgene, og det tenkte 20 changemakere å utnytte. Leder Markus og handelsutvalgsmedlem Ingebrikt hadde med mye strev og møye tatt med seg en plate med hull i. Denne ble malt og tatt med til Otta som skyteskive. Våre fabelaktige helter Halvard og Sara meldte seg frivillig til å ha hodet ut av hullet på plata, og være blink for vannballongene som forbipasserende barn og unge fikk lov til å kaste. Her må det nevnes at vi i dag våknet til 5 minusgrader, så dette var en sporty oppgave. Dette skulle symbolisere hvordan bønder i fattige land blir utkonkurrert av dumpa mat fra EU og USA. Et kor som sang kampanjesanger vakte oppmerksomheten til de i sentrum, mens resten av changemakerene løp rundt på kjøpesenter, gater og parkeringsplasser og samlet underskrifter for en mer rettferdig handelspolitikk. Etter en og en halv time var resultatet klart: 132 underskrifter! Helt fantastisk!

Etter en stund kom "sannheten" fram bak fasaden på blinken; vi er i alle fall flink på gjenbruk!

Så, til sammen har deltakerne på Changemakerhelga i Kvam samla inn 216 underskrifter! Vi hilser fra Kvam, og gleder oss til å samle underskrifter fra nattbusspassasjerene som stopper her i natt.

Read Full Post »

Bonjour! Nå har vi vært i Geneve i 3 dager og det er på tide å gi dere der hjemme en liten inføring i hva som er skikk og bruk når man er i Geneve på WTO public forum. Vi vil gi seks råd til deg der hjemme, slik at du i framtiden kan takle livet i “kapitalismens høyborg” enda bedre enn oss:

  1. Kanapéer. Å spise med fingrene er den rikes dyd. Hvis man vil ha mat må man bruke dådyrøyne og feste blikket på en forbipasserende servitør. Det ser kanskje ut som om bitene man får servert skal spises i en jafs, men dette er ikke sushi! Man kan ikke garantere at maten er god, og hosting og harking er veldig flaut. Stå heller med biten en stund i hånda til den er kroppstemperert, før du tar den første biten. Enkelte servitører synes tydeligvis at «festen» fort kan bli for kjedelig. Da går de rundt med vinflaskene og prøver å skjenke i alle tomme glass. Hvis du av en eller anen grunn sliter med å si nei til mer vin, kan du prøve en annen teknikk. Be om å et glass som ikke er vinglass. Da går servitørene deg hus forbi når de går rundt og prøver å sprite opp festen.

    Se her har Johan funnet tonen i en gruppe og spiser fingermat med stil. Flott!

  2. På møte. Det er viktig å ikke være for interessert, det er urutinert! Kom gjerne inn midt i møte og gå før spørsmålsbolken starter. Noen ganger er det vanlig at alle reiser seg opp samtidig og tar bilde med sin fancy telefon. Hvorfor dette plutselig skjer, er fortsatt et stort spørmål. Det kan være et forskningsprosjekt for neste års delegasjon. Bruk gjerne tiden du har der på å sitte på facebook og twitter, så kan du bruke mer tid på å mingle mellom møtene.

    Her ser vi Hanna som har funnet stilen. Rett i ryggen, en diskré måte å følge med på, med elegant notering. Stilig!

  3. Paneldebatt. Hvis du skal paneldebatt, alle møtene er paneldebatter, er det en del ting man må huske på, hvis man sitter i panelet. (Nå skjer det ikke at man sitter i paneldebatt med mindre man er høyt på strå, men kanskje leser Jonas Gahr Støre bloggen, så det er kjekt å ha med.) Snakk fort – jo fortere jo bedre. Men for å klare å snakke fort, må man bruke forkortelser, og husk at lange setninger ofte kan erstattes med fremmedord. Hvis du ikke kommer fra et engelsktalende land, må du ikke bry deg om aksent. Snakk fort med eget tonefall så går alt bra! Hvis du er fransk eller snakker fransk må du for all del ikke snakke engelsk! Man gjør vel ikke skam på sitt eget språk for å snakke forståelig? Nei, snakk fransk i høyt tempo så slipper oversetterene å si alt du sier.

    5 paneldebattdeltakere prater om FS med fokus på MA gjennom GATS som påvirker CAP i WTO . Rutinert!

  4. Kleskode. Det er svært viktig at du kler deg riktig. Alle menn går i dress, men hvis man representerer NGO (Non Govermental Organization) kan man være litt på kanten. Det er viktig å se rik og viktig ut. En skinnkoffert og en iPad er optimalt for å få respekt på stilfronten. Sekk ser tåpelig ut, noe noen av oss har erfart.

    Ingebrikt ikledd blazer og en hvit skjorte med WTO-skiltet hengende rundt halsen. I tillegg går han i en frekk, helt på kanten blå olabukse for å vise at han er i opposisjon. Perfekt!

  5. Liberalist? I kapitalismens høyborg Geneve er det ikke så vanlig å være noe annet en tilhenger av frihandel. Ikke still spørsmål som kan tolkes å være proteksjonistisk. Vi har blandt annet blitt beskylt for å være tåpelige fordi vår kampanje ikke handler om frihandel på landbruk for at fattige land skal selge landbruksvarer til Norge. Nå jobbet den personen i et tobakkselskap som ikke har for vane å hjelpe mennesker.

    Mattias is riding "the other canon". Dette må bare gjøres i skjul i Geneve. Dristig!

  6. Sjarm. Hvis du vil få kontakter er det viktig å være søt og sjarmerende. Gå rundt med et smil og vær aldri redd for å snakke med folk. Frøydis har skjønt dette og har fått flere venner enn oss andre til sammen. De andre sliter nok litt med sjarmen, men gjør sitt beste. Men man kommer jo et stykke på vei med et lavt, stammende og litt nervøst  ”bonjour.”

    "Skapborgelige" Frøydis lar seg sjarmere av sveitsiske klokker. Selv sjarmerer hun alt fra professorer til ambassadører. Nydelig!

    Håper dette har vært lærerikt og at du får lyst til å delta på slike konferanser. Selv om det egentlig er ganske mye rart, er det utrolig moro og lærerikt.

    Hilsen gjengen i Geneve!

    Foto og tekst: Frøydis og Ingebrikt

Read Full Post »

Older Posts »

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 33 andre følgere