Vi er allereie inne i Kyoto-protokollens første forpliktingsperiode, som strekk seg frå 2008 til 2012. I tillegg pågår det internasjonale klimaforhandlingar der forpliktingar frå 2020 og utover skal kvantifiserast og tidfestast. Det er stort sannsyn for at resultatet blir enten ein ny forpliktingsperiode under Kyoto-protokollen eller at delar av protokollens fleksible mekanismar vert flytta over i ein ny protokoll, og at Kyoto-protokollen i seg sjølv og dens etterlevingsmekanismar slik sett fasast ut. Forhandlingsmandatet for vidareføring av protokollen er forlenga til toppmøtet i Doha, mot slutten av året.
I forbindelse med forhandlingane går det også føre seg diskusjonar knytt til reformering av dei fleksible mekanismane. I tillegg går det føre seg forhandlingar om andre mekanismar som kan sjåast i samanheng med kvotehandelssystemet. Dette kan vere mekanismar som kan demme opp for negative verknadar av systemet eller sikre dei positive ringverknadane ein i utgangspunktet skisserte systema ville føre med seg. Dette viser kvifor dei fleksible mekanismane i høg grad er aktuelle i dag, og viktigheita av å sjå dei i samanheng med andre eksisterande eller framtidige mekanismar for klimatiltak.
Bakteppet for handel med karbonkvotar og -kredittar er at ei slik framferd vil gjere utsleppsreduserande tiltak meir kostnadseffektive. Med eit slikt rammeverk er det potensielt sett mulig å redusere utsleppa av klimagassar i større grad enn om ein ikkje hadde muligheit for handel. Desse systema kan imidlertid vere problematiske dersom dei i praksis ikkje fører med seg reelle utsleppsreduksjonar eller -kompenseringar eller at veksten desse fører til ikkje er i tråd med prinsippet om bærekraftig utvikling.
Kyoto-protokollen definerar tre ulike fleksible mekanismar for å oppfylle klimaforpliktingar:
· Felles gjennomføring (JI), definert i protokollens artikkel 6.
· Den grøne utviklingsmekanismen (CDM), definert i protokollens artikkel 12.
· Internasjonal utsleppshandel (IET), definert i protokollens artikkel 17.
Felles gjennomføring mellom rike land med forpliktingar omfattar at eit land kan investere i eit anna land der kostnadane knytt til utsleppsreduserande tiltak er lågare. Investorlandet kan bli kreditert for heile eller delar av utsleppsreduksjonen.
Den grøne utviklingsmekanismen omfattar i likskap med felles gjennomføring at eit land investerar i eit anna. Forskjellen her er at eit land med forpliktingar investerar i utsleppskompenserande tiltak i eit land utan forpliktingar. Investorlandet kan få godskriven utsleppsreduksjonen prosjektet medfører i form av kredittar.
Internasjonal handel med klimagassutslepp slår fast at land med forpliktingar kan delta i ein marknad for kvotehandel, med det formål å oppfylle dei samla forpliktingane i protokollen. Det vil seie at ein opprettar ei øvre grense for klimagassutslepp i ein region, og at partar kan kjøpe og selje omsettelege kvotar mellom seg. I denne marknaden kan ein også omsetje kredittar tilført gjennom JI og CDM.
Presentasjon av nokre sentrale problem med CDM
Slik definert i Kyoto-protokellens artikkel 12, har den grøne utviklingsmekanismen to hovudmålsetjingar. Mekanismen skal bidra til bærekraftig utvikling i prosjektlandet i Sør, samstundes som den skal vere eit supplement for rike land til å nå sine utsleppsforpliktingar.
Ein av dei mest sentrale kritikkane retta mot CDM er retta mot mekanismens institusjonelle rammeverk. Prosjektlanda har ikkje utsleppsforpliktingar (i alle fall slik det internasjonale rammeverket ser ut i dag), og av den grunn ikkje eit definert utsleppstak for klimagassar. Dette stiller store krav til verifisering av prosjekta, der ein må bevise at desse prosjekta kjem i tillegg. Grunnen til at dette er viktig er at CDM fungerar som ei kompensasjonsordning for utsleppsreduksjonar som ikkje vert gjort av rike land med forpliktingar, slik definert tidlegare. I tillegg er også systemet for sikring av bærekraftig utvikling problematisert.
Eit anna problem som melder seg er at fleire utviklingsland sjølv reint vitskapleg sett frå 2013 med stort sannsyn vil måtte ta på seg ein type utsleppsbremsande forpliktingar. At det er dei mest kostnadseffektive tiltaka som vert gjort først, kan føre til at utviklingsland sjølv må ta kostnaden ved å redusere potensielt sett dyrare utslepp.
Eit tredje elementet er problematikken knytt til om den grøne utviklingsmekanismen bidreg til teknologiutvikling og overføring av teknologi frå Nord til Sør. Dette er ein av diskusjonane som har vore mest framme i lyset når det kjem til reformering av mekanismen.
Eit siste og meir omfattande moment går at mange hevdar at auka velferd i seg sjølv faktisk ikkje fører til bærekraftigheit. Dei tre problema som er løfta fram over går inn på prosjekta som eining, men det er også viktig å sjå på om økonomiske ringverknadane av slike store investeringane i utviklingsland faktisk er bærekraftige.
Fører auka velferd i seg sjølv til bærekraftigheit?
Det er altså viktig å studere menneskeleg handling for å kunne gje eit svar på spørsmålet. Ei svar på dette problemet har vore den miljømessige Kuznets-kurva. Denne kurva viser intuitivt at miljøskadar aukar med inntekta inntil ein når eit visst nivå for velferd, deretter synk miljøskadane marginalt. Denne kurva er godt empirisk bekrefta når det kjem til lokale miljøproblem. Weil forklarar dette ved at dess rikare ein vert, dess større verdi knyt ein til miljøet som gode. Den negative effekten på miljøet aukar med forureininga, og ein får då incentiv til å redusere skadane.
Det er imidlertid klare bevis for at denne kurven ikkje er overførbar til global oppvarming. Dette kan forklarast ved at det globale klimasystemet i større grad enn lokalmiljø er sett på som eit offentleg gode, og at det då i mindre grad lønner seg å ta vare på det for enkeltaktørar. Dette kan underbyggast ved at inntektselastisiteten for energi er høg samstundes som at mangelen på substitutt for fossil energi gjer at etterspørselselastisiteten for denne er nær null for mange hushaldingar. Dette vil seie at etterspørselen etter energi aukar i større grad enn inntekta, og at nesten heile denne etterspørselen rettar seg mot fossil energi. Etterspørselen er i liten grad avhengig av variasjonar i pris. Det same gjeld for transportnæringa, medan industrisektoren i noko grad har muligheiter for substitusjon mot andre energikjelder. Sjølv om årsak-verknadforholdet enno kan diskuterast, ser vi ein klar samanheng mellom utslepp og inntekt mellom land.
Spørsmålet er då om auka velferd nødvendigvis treng å føre til eit mindre bærekraftig globalt samfunn. Med bakgrunn i tidlegare avklaringar vel eg å gå inn på vidare inn på teorien ladder of sustainable development og identiteten IPAT.
Ei tilnærming til problemet modellen ladder of sustainable development, slik Baker har presentert han. Her er det forsøkt å rangere ulike syn på bærekraftig utvikling i forhold til i kva grad aktuelle teoriar set menneske eller miljø i sentrum. Sjølv om modellramma er kritisert for ikkje å vere konsistent, får den fram ein sentral kritikk mot Brundtland-rapportens definering av bærekraftig utvikling. Mykje kritikk er retta mot fundamentet i Bruntlands, der ein løftar fram at økonomisk vekst faktisk ikkje er foreinleg med eit breiare tilnærming til miljøproblema. Lele dreg fram at det kan vere vanskeleg å finne ein klar samanheng mellom fattigdom og miljødegradering, slik ein legg til grunn i Our Common Future.
Langhelle viser til at Brundtland har gjort eit forsøk på å foreine desse to omgrepa, men utan i stor nok grad å vise kva ein vurderar omgrepet i lys av. Ein legg seg her på ei linje som i liten grad opnar for at vekst, eller bruk av fleksible mekanismar, er foreinleg med målet bak bærekraftig utvikling. Ei motvekt mot denne diskursen kjem fram ved bruk av samfunnsøkonomiske modellar. Ein av desse er IPAT-identiten som vert brukt i ei makro-tilnærming til miljøproblematikken. Eg vel å ta utgangspunkt i ein enkel identitet; I ≡ P ∙ I/Y ∙ Y/P.
Miljøeffekten (I) er eit produkt av befolkningsstorleik (P); teknologi, her utslepp per eining av BNP (I/Y); og velstand, definert som BNP per innbyggar (Y/P). Her vert då velstand ein funksjon av teknologi og befolkning. Ein kan såleis argumentere for økonomisk vekst ved å endre vekstens innhald. Altså kan ein auke velstanden ved å forbetre teknologien, som fører til ein nedgang i (I/Y). Endringa må her vere såpass stor at den fører til at ein endrar I til eit lågare nivå, eller at ein i alle fall ikkje aukar verdien av I. Dette stiller igjen store krav til teknologiframgang, noko det kan hendast CDM ikkje bidreg tilstrekkeleg til.
Vekting av argumenta
Fleire studiar av CDM-prosjekt viser at det eksisterar trade-offs mellom mekansimens to hovudmålsetjingar; kostnadseffektivitet og bærekraftig utvikling. Det viser seg at kostnadseffektivitet ved utsleppskompenserande tiltak vert vekta høgast. Lohmann viser til statistikken og hevdar at viser at størstedelen av prosjekta i marknaden enten ikkje bidreg til reduserte utslepp eller faktisk medverkar til auka utvinning av fossilt brennstoff. CDM er i liten grad investert i fornybar energi. Sjølv om ”end of pipe-teknologiar” kan redusere utsleppa, fører dei ikkje med seg dei økonomiske ringverknadane ein kan forvente av mekanismen. Såleis er det klart at samspelet mellom organa underlagt mekanismen ikkje er tilfredsstillande, og at tiltak må gjerast for å auke incentiv og sikre investeringar som bidreg til både kostnadseffektivitet og bærekraftig utvikling. Eg vil med utgangspunkt i argumenta tidlegare likevel ikkje ta til orde for at ein skal detaljstyre nasjonale- eller tredjepartsverifiserarar av prosjekta.
Når det kjem til om CDM bør vidareførast når utviklingslanda sjølv forpliktar seg til utsleppsreduserande tiltak, er saka, som vist over, noko meir samansett. Sjølv om mekanismen har store forbetringspotensiale, meinar eg at vi av strategiske grunnar ikkje bør leggje ideen død.
Barrett viser gjennom sine spelteoretiske analysar, mellom anna ved bruk av tilnærminga chicken game, at Kyoto-protokollen ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar deltaking. For å få EU til å ta forpliktingane sine, ser eg det då som ei av få muligheiter å sikre CDMs eksistens. Ein bør heller då setje fokus på korleis ein kan betre mekanismen, til dømes korleis ein kan nytte denne til å sikre bærekraftig utvikling i MUL-land.
Stern definerar tre tidshorisontar når det kjem til utvikling og overføring av teknologi. Ein går frå spreiing av eksisterande lavutsleppsteknologiar (som gass og førstegenerasjons biodrivstoff), via oppskalering av nære kommersielle teknologiar (som CCS ogvisse former for solenergi), og endar i perioden for utvikling av banebrytande teknologiar. Oversikta over prosjekta det i dag er investert viser at det i stor grad er investert i eksisterande lavutsleppsteknologiar Av den grunn må incentiva for utvikling og overføring av teknologi aukast. Mekanismen, slik den ser ut i dag, gir ingen direkte overføring av teknologi til andre næringar i vertslandet. Dette er ein prosess som vil ta tid . Det kan av denne grunnen argumenterast for at mekanismen ikkje bidreg til utvikling og overføring av teknologi i tilstrekkeleg grad.
I spørsmålet om auka velferd gir bærekaftigheit får vi ulike svar. Ifølgje diskursen som dreiar seg i retning radikalt miljøvern er svaret eit klart nei, medan IPAT-identiteten ikkje er eintydig. Sidan økonomisk vekst (i IPAT) er ein funksjon av teknologi og befolkning, må ein auke i velferd kompenserast med teknologiutvikling og/ eller ein befolkingsnedgang. Populasjonen på jorda aukar sjølv om betra økonomiske og sosiale forhold er med på å dempe effekten
Ein treng uansett store framsteg når det gjeld utvikling og overføring av teknologi for at dette skal gå opp. Sjølv om dette er problematisk, vel eg å ta med meg visse element frå begge stadar. Ein ser at det kan vere vanskeleg å sikre bærekraftig vekst med den store teknologiføresetnaden som ligg i IPAT, men samstundes lev rundt 1,6 milliardar menneske verda over utan tilgang på elektrisitet, og mange av verdas fattigaste lev i områder der kostnaden ved å utvide staumnettet er stor. Dette er eit argument som talar for fortsatt vekst.
Kva bør gjerast?
Myke talar for at CDM ikkje fungerar optimalt, og det er også dette som er tema under reformeringa av mekansimen. Sjølv om mekanismen er offer for kritikk, har denne færre negative sider enn andre marknadstiltak som til dømes innføring av ei internasjonal avgift for CO2-ekvivalentar.
Kyoto-protokollen er også den mest juridisk forpliktande klimaavtalen vi har, og bygger på klare prinsipp om internasjonal rettferdigheit og bærekraftig utvikling, slege fast i FNs klimakonvensjon. Det vil av den grunn vere av størst fordel å halde seg innanfor systemet, og eg vel av den grunn å kome med nokre forslag til reformering av mekanismen.
For å sikre at CDM-prosjekta er addisjonelle vil eg føreslå å profesjonalisere CDMs Executive Board. Målet er her å sørge for ei betra oppfølging av prosjekta og tredjepartane. For i større grad å sikre bærekraftigheit i prosjekta utan å detaljstyre vertslanda, vil eg løfte fram eit forslag som fekk lite merksemd under partskonferansen i Marrakesh.
For å sikre at prosjektet både tek i vare bærekraftig utvikling i heimlandet og samstundes har langsiktige positive verkandar på klimasystemet, har enkelte spesielt ein del NGOar teke til orde for ei innføring av ein gullstandard for prosjekt underlagt mekanismen.
For å sikre ei jamnare fordeling av prosjekt mellom land og verdsdelar, må Afrikas muligheiter til å ta del (i ein ny og betre versjon av CDM) aukast. Dette må gjerast gjennom kapasitetsbygging i verdsdelen og ei betre inkludering av representantar i organ underlagt mekansimen. CDM-investeringar bør heller ikkje brukast som forhandlingskort av rike land.
For å fjerne nokre av dei skeive incentiva mekanismen i dag fører med seg, samt å auke overføring og utvikling av fornybar og annan rein teknologi, vil ei sektorbasert tilnærming vere å føretrekke framfor å berre kunne investere i enkeltprosjekt. Det er imidlertid tidlegare i teksten peika på at dette tiltaket ikkje i stor nok grad skapar incentiv for dette. Eg vil av den grunn løfte fram tankar om ein støtte-mekanisme for å auke viljen til teknologiutvikling- og overføring. Ein måte å auke denne viljen på er å få selskap til å gje opp patentar på klimateknologi. Ein må då etablere eit system som sikrar at privat sektor får incentiv til slik forsking, samstundes som ein er avhengig av at kostnadane ved kjøp av teknologi er låge for å sikre spreiing.
Tiltaka lagt fram over vil i større grad en tidlegare foreine CDM med prinsippet om bærekraftig utvikling.
(Teksten er ein omarbeida versjon av ein artikkel som stod på trykk i Observator.)
Woah! Takk for at du sprer innsikten din om dritvanskelige ting, Frikk!