I dag hadde me Robin Hood-aksjon på forhandlingsområdet her i Durban. Aksjonen hadde me saman med ungdomsnettverket YOUNGO, som Changemaker er ein del av. Me aksjonerte for å få fokus på at såkalla Robin Hood-skatt er ei god kjelde til finansiering av klimafondet. Dette fondet blir forhåpentligvis satt i virke etter årets klimatoppmøte, og skal finansiera klimautslepp og klimatilpassing i utviklingsland. Robin Hood-skatt er ein bitteliten skatt som kan leggast på alle større finanstransaksjonar. Med ein slik skatt kan me ein liten sum pengar kvar gong dei store bankane og dei rikaste rikingane for eksempel sel eller kjøper aksjer. Til saman vil ein slik skatt kunna samla inn store, store summar med pengar som for eksempel kan finansiera klimatiltak. Med Robin Hood-aksjonen ville me visa forhandlarane på COP17 at det slett ikkje er vanskelig å finna pengar til eit klimafond.
Her er nokre biler frå aksjonen:
Gjengen samla rund Robin Hood-blinken.

Her er eg, Kine frå Spire og Sorah frå Taiwan på aksjonsverkstad.

Klimakonferansespråk: GCF = klimafond, <3 = elskar, FTT = Robin Hood-skatt.

Kine frå Spire er ein glad Robin Hood-aktivist.

Mann i dress som er lei av lange møter og heller vil skyta med pil og boge saman med Robin Hood.

