Før eg gyver laus på detaljane i landbruksavtalen, kan eg melde om at EU har gjort eit forsøk på å løyse opp i industrikonflikten som eg skreiv om for eit par dagar sidan. Dei prøvde på mange måtar å gjere sveitserosten om til ein litt mildare Norvegia – for å vidareføre biletspråket frå den posten. Eller var det det dei prøvde?
Forslaget seier Kina, India og Brasil må kutte meir enn dei eigentleg skal – i følgje vår nye venn den sveitsiske formelen – i sektorar som dei etter kvart har blitt litt for konkurransedyktige. Industrielle maskiner – for eksempel landbruksmaskiner vil EU forby toll på. På ein heil bråte med kjemikaliar krev EU at Brasil og India vert med i ein omfattande reduksjonsavtale. På elektronikk og elektriske maskinar vil EU at dei skumle store utviklingslanda skal fjerne tollen sin – bortsett frå på audiovisuell elektronikk, sjølvsagt. På det området er jo EU avhengig av sjølv å oppretthalde tollvernet – da hadde det jo vore i overkant prinsippfast å fjerne tollen der og!
Litt av eit raust kompromissforslag.
For å oppklare – dei rike landa i ein sånn sektoravtala vert og nøydd til å senke sin toll på områda, men ikkje i nærleiken av så mykje som dei voksande økonomiane.
Så langt har i grunnen dei fleste andre viktige landa vore så kjølig avvisande som ei fjortisjente er til å ete skaldyr eller oliven. Pascal Lamt er positiv, da. Om det teller for noko…
